søndag 31. mai 2009

Den gamle stølsvegen

Då bonden og eg la ut på tur i dag var målet stølen.....og me ville gå den gamle stølsvegen.
Sidan me har bilveg ( som vart bygd under kraftutbygginga på 60-talet) heilt fram vert det som regel til at me køyrer....

Kjekt å gå dei gamle stiane.....


Bonden nytta høvet til å rydda litt på vegen........stiar som ikkje vert brukt gror som kjent til....


Ein liten kvilebenk i brattaste lia...


So snart bonden set seg ned er desse tre "kompisane" klar for ei kosestund......


På vegen går me forbi "Kyrkjeleitet.".....namnet fordi herifrå kan du sjå kyrkja nede i bygda.


Opp "Budeiegjelet"........


Framme på "Øyjordet"...her var det slåttemark i bonden sin barndom....


"Øvraløo" har gitt etter for ver og vind......

Ingenting er vakrare enn naturen sine eigne kunstverk!


Stølen i sikte.....


Og trøtte vart me...

Ein flott dag!!!!
Og tenk, det er helg i morgon òg!

fredag 29. mai 2009

Stilt på garden...sauene er reist til fjells.

I går kveld vart sauene sendt til fjells.....eit par dagar før me eigentleg hadde tenkt.

Bonden hadde nøye planlagt kva beite dei skulle ha desse siste dagane heime....men dei var tydelegvis ikkje einige idet........so i går når han var i Bergen, eg på jobb og berre svigermor heime på garden....gjekk det bokstaveleg talt over stokk og stein.
Det er det graset som er grønare på andre sida......veit du.....


Flokken hadde brote ned gjerdet og var plutseleg over alt.
Svigermor var på tråden, fortvila over tilstanden.....
Heldigvis var eldste son i nærleiken og me klarde å få dei på plass igjen med god hjelp av Teddy .(Eg stakka av frå jobb......måtte berre...)


Rettare sagt:Teddy gjorde heile jobben......me berre fekk gjerde på plass igjen.
Bonden kom heim utpå ettermiddagen, fekk høyra om dagens dramatikk...og avgjerda vart teken raskt.



Då var det berre å samle dei.......


gje dei litt sjukdomsførebyggjande.....og sende dei avgarde......
kjekt når denne guten kjem og hjelper Besten....

Teddy i full konsentrasjon.......og Tinka som prøver å ta etter....ho har endå mykje å lære, men er igang.......


Vil du sjå (og høyre....!!) sauene "LIVE"????
Her er ein liten smakebit.......
video



Det er fredag, pinsa står for døra, grillmat er innkjøpt, vèrmeldingane er lovande, helsa er god........
kan det bli betre????.
GOD PINSEHELG!!!!

onsdag 27. mai 2009

Flittige Flittigliser...

Av frøa eg sådde i vinter/vår er det Flittiglisene som er komne lengst.......og du hendelse kor dei blømer!!!...og ein aldeles nydeleg farge. Har prøvd å "stusse" dei litt i toppen so dei ikkje skulle bli lange og tunne, men ser at eg har berre delvis lukkast med det.............

..skulle sikkert ha knipe fekk dei fyrste knoppane òg, so planten vart større og kraftigare før den blømde.....men, nei , det vart for brutalt......so får dei heller vere små og søte.....

Her ståre dei på rekke og rad med masse knoppar......nokon skal etter kvart få kome ut......

Hønemor på kjøkkenet måtte få ein òg....
Har ikkje "grøne fingrar", trur desse må vere "enkle" å få til....
God onsdag kveld!!!

mandag 25. mai 2009

Ei kultur(ell) helg!

Laurdag var me på festspelkonsert i Bergen......... ein sokalla stikk innom KONSERT........ flott var den.....og siste konserten denne sesongen med Unge
Musikere.


Her er Børge med sjølvaste Grieg i bakgrunnen

....

Sidan guten reiser til Oslo til hausten var dette avslutningskonserten for han sin del........

Denne jenta har du kanskje sett før.... Lydia, som vart nr. 2 i Norske Talenter på Tv2 i år. Ei flott jente som song vedunderleg vakkert!!


Kulturhelga starta fredag kveld, då var eg invitert med på konsert av dottera......i anledning Vossakyrkjemessa.......det er ho som har utforma trykksakene til dette arrangementet og var soleis spesielt invitert.....og eg var heldig og fekk vera med.

Signe Seim og Magne Myra las eigne tekstar og desse fire damene framførte "Mariahymne for 4 sopranar" av Rudolf Zwartjes.

Sundagen var ein roleg "heimedag", eg strikka eit par nissehuer.....når eg tenkjer meg om er det vel litt kultur, det òg......eller???.

lørdag 23. mai 2009

Ein hyllest til brannmennene i bygda vår!!

Tirsdag kveld var det dramatikk i bygda vår... ....løa på nabogarden brann ned til grunnen.

Ei skremmande oppleving........ikkje minst fordi me såg kor utruleg raskt flammane spreidde seg.



Brannen starta i ein bil som stod inne og spreidde seg raskt.

Bonden ( her på garden) kom ganske raskt til, men hadde berre to brannsløkkingsapparat å hjelpa seg med.......so det var nyttelaust.

Det lokale brannvernet var på plass etter nokon få minutt og klarde til all lukke å berge bustadhuset. Dei er berre 10 mann og har ikkje noko vaktordning (denne kvelden møtte likevel 8 av dei, ein var på jobb i Nordsjøen) ......... dei er dyktige .......og dei er raskt på plass.....


Ved fleire høve har "dei styrande" ville legge ned brannvernet her og heller bruke ressursane sentralt......og ja, me har hatt underskriftskampanje for å behalde det.

No viste det seg nok ein gong at dei gjer ein god jobb og at bygda treng dei.

Frå kommunesenteret er det trass alt 20 km å køyre........

Hurra for bygda sine brannmenn!!!

torsdag 21. mai 2009

Pilen spirer...HURRA!!!

Og dei spirer både dei som er fletta og dei i åkeren!!
Har venta spent.....og sjekka (nesten) kvar dag.....



For eit par dagar sidan kom denne flotte boka eg har bestilt.

Her er masse flotte ting ein kan lage av pil....

Fin hagegruppe, dette.....
Når eg ser min vesle, beskjedne pilåker, skjønar eg at det vil gå ei tid før eg kan lage noko særleg av detta.........10 planter har eg....kjem nok til å røyne på tolmodet.......Men dei spirer ialfall, so eg er igang!!!!

Ha ei flott helg alle!

tirsdag 19. mai 2009

På rekvedjakt.

Slik ser det ut ved Vangsvatnet......og dette er berre nokon hundre meter frå der eg jobbar.
Her er det kjekt å gå.......
...og leite etter rekved til haustens prosjekt.....som nisserøter.......

Kommunen skal rydde vekk alt.....men heldigvis for meg har det ikkje skjedd enno. Har gått her mange gonger og finn alltid noko......skulle eigentleg hatt ei gravemaskin, er sikker på at det ligg mange skattar gøymde under dei store stammane....

Her likar russen å halde til.....her har dei brent bål for å halde varmen i kjølege mainetter........dei har iallfall ikkje mangla brensel.

Denne skulle eg gjerne hatt med deg heim, men det er kjempestor og blytung.......

Litt av dagens fangst.
Sjå på denne flotte.......når eg får "pussa" den litt og dekorert den.....då.
Når eg går her og speidar etter fine røter, då kosar eg meg.....

Ha det so bra !!!

søndag 17. mai 2009

Det vart ein strålande dag.....

....feira på tradisjonelt vis.
Fyrste post var speling ved aldersheimen og sidan har det gått slag i slag.....
Bonden , dei tre sønene, dottera, ei svigerdotter, svigersonen og tre barnebarn spelar alle i musikklaget.




I tillegg til å spele i bygda her er det òg to nabobygder som nyt godt av deira musikk på nasjonaldagen.
Bonden svingar dirigentstokken.

Fint laga til i grendahuset....
...sidan dei var knapt med folk i nemda i år måtte mor i huset trø til som serveringsdame.


Sunnfjordbunaden min.......


Leikar for små ....

..og store....

Ei flott feiring vart det!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...