fredag 24. juni 2011

Årets brudepar!!

Tradisjonen tru vart det arrangert bryllaup i bygda vår i går, på jonsokaftan.
Brudeparet i år var desse to flotte unge.........begge er snart 7 år og nett ferdig med 1.klasse.
Og eg er umåteleg stolt over å vere bestemor ( eller besta) til begge to....

For ein del år sidan vart det i regi av husmorlaget sydd eigen jentebunad med tanke på jonsokbryllaupet.
Vesten og skjorta til brudgommen sydde eg til pappen hans, for leeeenge sidan.Hatten var brudgomshatten til oldefaren.
Ynskjer deko alle ei nydeleg helg.....eg har fri....og vèret skal bli fint!!

torsdag 23. juni 2011

Ein festdag midt i veko...

 Når bonden og kåno tek seg fri, kler seg i sin finaste stas (bunad og uniform) og reiser til by'n midt i veko, då må det vera noko ekstra "på ferde"..........og det var det i dag.
Berre sjå her:
Me tenkte som so: noko slikt  er truleg  fyrste og siste gong me får med oss, so kvifor ikkje....?

                            Mannskapet på det nye fartøyet......
 Etter seremonien var det som det høver seg, canapèar og champagne....
 .......og deretter omvisning på den nye båten.
Som om ikkje dette var nok, kom me heim og reiste rett på sommarfesten til musikklaget.....ein koseleg kveld! 
Ein fin dag!

tirsdag 14. juni 2011

Har sådd litt i år......

 ...og her er dei som vart mest vellukka.....sjølv om dei enno er noko små, tynne og "pistrete". Med sol, varme og litt gjødsel trur eg dei skal bli riktig fine.
                                             Lobelia

Blomkarse

                                                            Løvemunn    

                                                               Flittiglise.

                                                                Cosmos
No er alle planta ut......og som sagt:Me ventar på sol og varme!!!

fredag 10. juni 2011

Velkommen til Evanger!

No er damene på Patina klare til å ta imot gjester til overnatting..........2 flotte og spesielle leiligheiter står klare. I kveld var det opningsfest, og her er stortingsrepr. Hilde Magnussen klar til å klippe snora........
Utsikt  mot Evangervatnet.
 Dei tre dyktige Patina-damene!

Om du likar nokon av møblane spesielt godt, kan du kjøpe dei med deg......
Eit musikkinnslag høyrer med......
Har du lyst å overnatte i den vakre bygda vår, kan du gjere det på Patina!
God pinse til alle!

torsdag 9. juni 2011

Osloturen.........

Då er Osloturen unnagjort, og me er vel heime att.
Eksamenskonserten var strålande og karakteren vart god.
Me hadde eit par timar på by'n før konserten, og kva møter me på Karl Johan?
Jau, eit musikk-korps...........truleg til ære for oss.......kan ikkje forstå noko anna!!!!!
 Me feira med ein  bedre middag, og etterpå  rakk me ein tur på operataket òg........før me snudde nasen heimover att.
Flyturen er det ikkje so mykje å sei om, men eg kosa meg IKKJE.........
Men det var ein fin dag!

tirsdag 7. juni 2011

Kva skal eg blogge om????.........

......når hovudet er fullstendig tomt for idèar?????
Då får eg blogge om det eg gjer i dag......nemleg å grave ei grøft.
På nedsida av  huset har me alltid hatt blomsterbed, og hundane har alltid likt å grave i det.
Akkurat den uvanen har me ikkje klart å "plukke av" dei.
No skal bedet vekk, det skal fyllast med sand, og eg skal ha blomar i krukker i staden for.
Ei gjenstridig rot av ein klatrehortensia....
  
Neste ferdig....


I morgon tidleg køyrer me til Flesland, set oss på flyet til Oslo......og skal vere med på
Børge sin eksamenskonsert

Tid 8. juni · 15:30 - 16:00
Stad Lindemansalen, NMH
-------------------------------------------------------------------------------
Meir informasjon Då var allereie to år gått, og eg er halvferdig med min bachelor på NMH. I det høvet vil eg gjerne invitere til min eksamenskonsert i Lindemansalen! Dersom de har tid og lyst, vert eg veldig glad for nokon kjende fjes i salen :) Vel møtt!

Program:
J.N. Neruda - Trompetkonsert i Ess-dur, 1. sats
Edward Gregson - Trompetkonsert
Trad. - Believe me, if all those endearing young charms

Medverkande: Helge Myhren - klaver
.Detta gleder eg meg til......og til å vere nokon timar i hovedstaden, tanken på flyturen  prøver eg å fortrengje i dag.

onsdag 1. juni 2011

Bonden og saueflokken.

 Straks bonden viser seg ute stormar flokken til.............kunne vere at det vanka ein godbit ( mjøl f.eks)......
Eller litt kos.....
 Tinka er alltid på vakt, om nokon skulle prøve å "bryte ut".....
Ein av dei fyrste dagane reiser  sauene til fjells, då vert det stille på garden....
God helg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...