onsdag 30. mars 2011

Tre hanar og to hundar......

Siste dagane har det vore strikking og toving på programmet i ledige stunder...........synest desse påskehanane var so koselege. ........ I dag var det tid for fotografering ...........med Lussi og Tinka som litt motvillige modellar....... Den minste er strikka etter mønsteret...i Fritidsgarn. Seinare forstørra eg dei opp, og dei to andre er strikka i Iglo........frå Trysil garn . I dag skin sola......ein nydeleg dag...og eg har FRI!!!!!

fredag 25. mars 2011

Det går seg til........

Jaudå, vèret har roa seg..........og dei verste skadane på veg og tun er i ferd med å bli utbedra.........
Eg reknar med å kunne køyre bil heilt heim etter jobb i kveld.........
Men skadane på verkstaden til bonden tek det lenger tid å "fikse".....der må vegger rivast, våt isolasjon skiftast,golv takast opp osv.........med andre ord, masse arbeid.
Det er i slike tilfelle ein er glad for å ha forsikring, so det ikkje vert ei stor økonomisk belastning i tillegg.
Her sit "Lussi linselus"!

So til eit kjekt syoppdrag eg fekk........ei jente skulle på karneval på SFO, og trengde ei lita veske til småting, sminke og slikt ein treng å ha med.
Besta måtte sjølvsagt trø til, og dama bestemte sjølv kva stoff som skulle brukast...............veska skulle vere "gamaldags og heimelaga"...........nemleg....(ein bevisst 6-åring)!

Ryktet seier at den vart godtatt.......

Eit par timar til på jobb, so kan eg ta helg.......har kjøpt inn div. garn og mønster, skal riktig kose meg.........
Ha ei god helg, du òg!

tirsdag 22. mars 2011

Ei utriveleg natt........

So skjedde det igjen, nesten på dagen eit år sidan sist.......at naturkreftene "herja" med vegen vår., og no meir enn nokon gong tidligare. Ei elv hadde teke nytt løp, etter at store mengder is hadde tetta seg til under ei bru.
Kan ikkje sei anna enn at det føltest dramatisk å verta vekt av ein slik telefon klokka halv fire, men stor takk til naboen som varsla oss.




Her nede ved vatnet ligg haugar med stein og grus som høyrer til i vegen.......

Denne gongen fann elva veg bort til verkstaden til bonden, og vatnet stod ca 5 cm over alle golv, før han fekk leda det vekk......

....og etterlet seg eit lag med slam overalt, både ute og inne.....

Ein litt mindre bekk fann det for godt å ta turen rett nedover bakkane............vert nokon lass med sand å spa opp att her.

Her er elva som gjekk over sine bredder i natt..............huset til dotter og svigerson står nær elva, og me fann det tryggast å vekkja dei og jentene, som i full fart fekk husrom hjå andre i familien til det lysna av dag og det heile hadde roa seg.

Med god hjelp har me fått ut mykje av slammet på verkstaden, kontor og garderobe er vaska, og det heile set litt lysare ut.....men det vil nok ta ei tid før vegen er brukande att.
Til slutt: Me er sjølvsagt evig takknemlege for at det berre er materielle skader, sjølv om ein vert litt motlaus "der og då".

onsdag 16. mars 2011

Krusunderlag.......

...eller kaffikopp- i dette tilfellet. Hadde sant å sei ikkje noko krus som passa (og det bør det gjere, eller)?
Iallfall har eg sydd ferdig desse to i dag, raskt og enkelt..........og kjekt.

Ein super måte å få brukt restestoff på.............
For ei stund sidan var eg so heldig å overta ein heil sekk med stoffrestar av ei dame som har sydd masse, men som no er pensjonist og ikkje ville ha det "i hus" lenger.
Flaks for meg............her har eg berre plukka or sekken.

Sommargeorginene spirer alt.........men når eg ser ut på all snøen, lurer eg på om eg har sådd for tidleg.........tida vil vise.

Ha ein fin onsdagskveld!
Eg skal på møte i 17-mainemda.......

søndag 13. mars 2011

Fin skitur......snøvèr og klabbeføre.

Då bonden i føremiddag føreslo skitur, var eg ikkje noko særleg gira.........tett snøvèr og dårleg sikt.......lite freistande turvèr, meinte eg.(meir høveleg innnevèr...) Men bonden SKULLE på tur, han........og heldigvis klarde eg å ombestemme meg før han var reist.
For kva gjer det vel om det snøar litt?
Lussi og Tinka er strålande fornøgde......




Klabbeføre......under skia.....men aller mest i pelsen...


Målet er nådd....Stølen....



"Tunnel" på oppsida....men me kom oss inn......



Store snømengder....skal mange varme dagar til for å smelte alt detta.......


Ynskjer deko alle ei riktig fin veke!

fredag 11. mars 2011

Blomar og sjal.

Ikkje mykje som minner om vår i dag, det har snøa jevnt og trutt...............og me syter og klagar over den lange vinteren, men når me i kveld ser bilda frå det hardt ramma Japan, har me vel sant å sei lite å sutre over.................

Geraniumane mine som er klypte ned, kjem med nye blad............

I dag har eg sådd sommarblomar...............og planta mange avleggarar.Er so kjekt når det spirer og gror i vindaugskarmen.

Og til slutt: Sjå det flotte sjalet eg vann hjå Strikkebesta.........nydelege fargar!
Tusen takk! Det er allereie teke i bruk.....


Ha ei god helg alle!
Eg har fri og håpar på fint vèr, so det kan bli høve til ein skitur på sundag.

mandag 7. mars 2011

Mmmm......

....jammen kjekt når bonden er ferdig med Nugattiboksen........synest Tinka...






Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...