onsdag 30. november 2011

Gjebort-nissemor.

 I år (som i fjor)  har eg lyst å gje bort ei nissemor, til deg som er innom på bloggen min...........ho som sit framfor peisen her. Har selt mange slike på messene i haust.
 Ansiktet er laga i Fimo, ho har strikka/tova klè..........og er ca 28 cm høg, slik ho sit her......til toppen av hua.
 Korga ho har på armen har eg laga i never (som eg samla under vedkløyvinga i vår.)
 Der kom pusen,ja......han er som vanleg forvèten, og skal vere med der det skjer noko.....
Vil du vere med i trekkinga er det berre å kommentere på detta innlegget..........innan 12 desember, då skulle ho komme fram til jol.
Ps.Du kan vere med om du ikkje har blogg.......
Håpar du hiver deg med!

lørdag 26. november 2011

God adventstid!

 Allereie fyrste sundag i advent.......den gode ventetida mot jol! 
Her i huset er fire lys tekne fram...ingen gåver er kjøpt.....ingen kaker er baka......og det luktar ikkje grønsåpe i ein einaste krok......men det skal nok gå bra i år òg!
Varme  tankar går til mi kjære syster som mista mannen sin so brått og uventa denne veka......aldeles ufatteleg og trist.
Ta godt vare på kvarandre og ha ei god adventstid!

mandag 21. november 2011

Dagen derpå........

 ...etter ei fantastisk helg....siste messehelga i år for min del. "Varelageret" er so og sei tomt........Å pakke ned i går ettermiddag var ein særdeles enkel jobb, og eg er strålande fornøgd.
 Alle desse nissane har fått ein ny heim i løpet av helga.....

I dag startar oppryddinga på arbeidsrommet + litt av det andre eg har forsømt siste vekene.........og det er berre ei veke til advent!
Ha ei fin veke alle!

fredag 18. november 2011

No er det innspurten........

 ...i helga er det messe igjen ....og det er hektisk aktivitet i heimen. Dei siste nissane er snart ferdige.....om nokon timar skal eg eg reise og sette opp standen min. Dette nisseparet vart ferdig i dag........



 Gler meg til messehelg!
Ha ei fin helg,du òg!

onsdag 16. november 2011

Avisomtale.........

 ....i Europas beste lokalavis. Akkurat det vart sagt i lokalradioen i føremiddag.....at avisa Hordaland hadde vunne den kåringa....!!
 På messa på Dale sist helg dukka det opp ein journalist frå nett denne, og jammen vart eg "med" i år òg. Og det har nok  verka som  bra reklame, for eg har allereie hatt  telefonar med spørsmål om nissar.


 Som det står i avisa skal eg på ny messe til helga, og prøver  å halde "trykket" oppe når det gjeld produksjon...........her ser du kor den  føregjekk i går kveld.....framføre peisen, med pusen som tilskodar.
Ha ein fin onsdagskveld!

lørdag 12. november 2011

Julemesse denne helga.......

 Grunnen til at eg har vore særdeles fråverande på bloggen i det siste har med julemesseproduksjon å gjere. Absolutt all ledig tid har vore nytta.......
I dag var fyrste messedag........med masse positive tilbakemeldingar og bra salg. Nokon bilder frå standen min.....





I morgon er ein ny messedag...........
God sundag i vente!

fredag 4. november 2011

Saueklyppinga.

Er allereie mange dagar sidan klyppinga vart unnagjort,nærmare bestemt sist sundag.
Som vanleg leiger me ein profesjonell klyppar, då er gjort i ein fei. I år var det skotske Robbie som gjorde jobben, og det er guten som kan jobbe raskt. Ca. halvanna minutt brukte han på kvart dyr.....ikkje ein einaste pause.........imponerande!
Det krevst litt mannskap til å "hente og bringe" sauene, sortere og pakke ull osv. Me hadde tinga på fleire unge i familien, og her stilte "alle" opp, stor og små......faktisk var me heile 17 personar i floren......kjekt!.
Dei tre minste fylgjer med.......
Flink gut passar på sekken....
Mange vil kose med lammet medan det ventar på tur...








Fredag allereie......nydeleg vèr......13 varmegrader.....
God helg,du!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...