I går kveld vart sauene sendt til fjells.....eit par dagar før me eigentleg hadde tenkt.Bonden hadde nøye planlagt kva beite dei skulle ha desse siste dagane heime....men dei var tydelegvis ikkje einige idet........so i går når han var i Bergen, eg på jobb og berre svigermor heime på garden....gjekk det bokstaveleg talt over stokk og stein.Det er det graset som er grønare på andre sida......veit du.....Flokken hadde brote ned gjerdet og var plutseleg over alt. Svigermor var på tråden, fortvila over tilstanden..... Heldigvis var eldste son i nærleiken og me klarde å få dei på plass igjen med god hjelp av Teddy .(Eg stakka av frå jobb......måtte berre...)
Rettare sagt:Teddy gjorde heile jobben......me berre fekk gjerde på plass igjen.
Bonden kom heim utpå ettermiddagen, fekk høyra om dagens dramatikk...og avgjerda vart teken raskt. Då var det berre å samle dei.......
gje dei litt sjukdomsførebyggjande.....og sende dei avgarde......kjekt når denne guten kjem og hjelper Besten.... Teddy i full konsentrasjon.......
og Tinka som prøver å ta etter....ho har endå mykje å lære, men er igang....... Vil du sjå (og høyre....!!) sauene "LIVE"????
Her er ein liten smakebit.......
Det er fredag, pinsa står for døra, grillmat er innkjøpt, vèrmeldingane er lovande, helsa er god........kan det bli betre????.GOD PINSEHELG!!!!