Viser innlegg med etiketten Ymse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ymse. Vis alle innlegg

mandag 11. mai 2009

Russ ingen adgang.

Etter ei hending sist laurdag har eg tenkt ein del på dette med russefeiring.
Hostoria er slik: Yngste son som er russ i år var på øving med Unge Musikere i Bergen.Etter øvinga hadde dei ( han+ 2 andre, òg i russekle) litt tid før heimreise og tenkte dei ville kjøpe is og kaffi.
Den nærmaste plassen dei såg var TGI Friday's.......
Idet dei kom inn døra vart dei stoppa av ei dame som sa at ho trudde ikkje dei adgang der, men ho skulle spørja sjefen.
Ei noko myndigare dame dukka opp og sa heilt klart at der var ikkje adgang for russ....
ungdommane vart sikkert litt forfjamsa, men spurde kvifor????

Svaret var enkelt:"Det er vår policy"
Må unekteleg sei eg har lurt på ein del ting denne helga:
Har verkeleg russen so dårleg rykte på seg?
Og er det med rette?
Kan sjølvsagt vere akkurat denne plassen som har "dårleg erfaring" med russ......
Er dette vanleg andre stader?
Og so midt på blanke formiddagen?
Jau, me har vel alle høyrt historiar om russen sine meir eller mindre "grove"påfunn..........skremselshistoriane er mange......

Håpar alle russegutar og -jenter kjem "heilskinna" gjennom denne siste veka med feiring, før alvoret innhentar dei og eksamen står for døra........
samstundes håpar eg alle bekymra og søvnlause foreldre snart kan få att natteroa!!!

mandag 27. april 2009

Jau, det står til liv....

..sjølv om det har vorte langt mellom innlegga i det siste..........av og til vert det slik....at andre ting tek alt av energi og tankeverksemd, og blogginga vert nedpriorotert........ Vil tru at mange av deko andre til tider har det slik òg.

Idag har eg vore til tannlege ( sist eg skreiv at eg skulle til Åsane i det ærendet hadde eg rett og slett bomma på tida)....ganske pinleg når dei ringjer og seier at dei ventar på meg.....og eg står heime i dusjen.



Ny time i dag......og so fekk eg oppleve noko eg aldri hadde trudd gjekk an.......
tannlegedamo fjerna litt tannstein og sa: Ser fint ut, dette........ny sjekk om eit halvt år!!!
Rekning på "berre" 600,-kr......kan fortelje at tannlegerekningane mine pleier ha heilt andre dimensjonar.....

Letta og jublande glad køyrde eg strake vegen til Plantasjen.......resultatet av det besøket kjem seinare.......

Foresten, tenkte eg skulle vise deko tunellen min i dag.........ikkje det at eg bur der...

....og ikkje er den lang, men du hendelse kor kjekt å bli oppkalla.....Hm...!!
Nyt våren!!

mandag 6. april 2009

Tannlegeskrekk!

I morgon skal eg til tannlegen og eg kvir meg ikkje....og det er nytt for meg!


Angsten for tannlegen har fylgt meg "heile livet". Minnast med gru skuletannlegen.....han var sikkert ikkje verre enn andre, men det var nok der det "skar" seg.

Eg gjekk på ein liten grendaskule og alle elevane reiste til tannlegen samstundes....var ikkje snakk om noko timeavtale for kvar enkelt, nei, me sat der i timevis og venta. Dei tøffaste var sjølvsagt frampå og kom fyrst inn medan andre sat skjelvande på venterommet og fekk høyre den eine skremselshistoria verre enn den andre...

Etter at tida med skuletannlege var slutt, lovde eg meg sjølv at aldri skulle eg gå gjennom dette frivillig.......heilt idiotisk, sjølvsagt ......og etter kvart fekk heldigvis bonden meg på betre tankar.

Etter at min faste tannlege slutta vart det vanskeleg, MEN so vart eg tipsa om ein tannlege som er flink med slike (raringar) som meg......

Og underet har skjedd: Eg er kurert for skrekken!
Denne dama må sjølvsagt gjere det som må til......men ho skjønar problemet og det hjelper.........
Etter at eg vore til tannlegen vert det litt shopping...nevner berre: Stoff og Stil , Ikea?, Plantasjen? Farmors hus?..........håpar ikkje tannlegedamo "robbar" altfor mykje av det eg har på kontoen!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...