Jau, eg er her........vert berre litt langt mellom innlegga no i julestria.
Trur me er so nokolunde i rute. Kakene er i boks, gåvene er ikkje "i boks", julevasken er snart "i boks"......og pyntinga gjer me vetlejulaftan, slik me pleier.
Sist sundag var det jolekonsertdagen, fyrst på Amfi Voss med Vossagospel og gospel kidz. Bildet er av eit av barnebarna som var solist.........sju år og kjempeflink!
Om ettermiddagen var den tradisjonelle jolekonserten i kyrkja her........vakker som alltid.
Denne sundagen var mann, 4 born,2 svigerborn ,1 kjærast og 7 barneborn "i aksjon"..........og kone,mor,svigermor og Besta sat i salen og var umåteleg stolt, kan du vete!!!
Her er aspirantgruppa i musikklaget, (jenta til venstre er eit av barneborna)..........flinke, modige jenter....i ei fullsett kyrkje.
Detta var alt for i dag......eg må til Voss og kjøpe jolegåver!