fredag 26. august 2011

Me er klar......

 til årets Balkanfest......i kveld har det vore stor aktivitet i bygda vår.Her er det store teltet i ferd med å bli reist.
 Den nye billettbua har fått det siste strøk med maling......
                                       Gato er pynta....
 Mange damer har vore på skulekjøkkenet og  pynta  kaker,.....spesialitetar frå Balkan.
 Eit filmteam frå NRK har fylgt det heile. I år skal det nemleg lagast ein dokumentarfilm om Balkanfesten vår. Den skal sendast på NRK1 i programserien "Folk". Veit ikkje heilt kor tid, men det vert nok kunngjort her på bloggen.
Programmet for festen fin  du her
Då håpar me på strålande vèr og masse folk.......god helg!

torsdag 18. august 2011

Støypte soppar.

 På tide med eit lite innlegg att......lenge sidan sist.
Men dagane fyk avgarde....fullt opp med jobb, slått og anna.
 For nokon dagar sidan støypte eg desse soppane.....i hypertufa (blanding av sand, sement og torv.)
 No står dei til pynt i hagen.....
Har vore altfor lite på besøk til deko mine gode bloggvener, håpar det skal bedre seg, det òg.
God helg til alle!

mandag 8. august 2011

Blomar og hundar i dag......

 Er eigentleg litt kry av desse blomane eg har nedom huset, fordi eg har sådd alle sjølv, bortsett frå lavendelen i bakgrunnen, då........
geraniumane er avleggarar frå dei eg sådde i fjor.
Lecablokkene dei er plasserte på har lege til inga  nytte heilt sidan me bygde huset..........endeleg fekk dei kome fram i lyset.
 På fuglebadet eg støypte  i fjor, har eg festa to fuglar kjøpt på Nille.
Tinka og Lussi er alltid med når det skjer noko ute....
 Hønepynten har eg fått hjå dottera vår, trur ho fann dei på Brukt'n.
                                           To gode vener....
                        Ha ei fin veke alle!

tirsdag 2. august 2011

Ferie-sying........

Det er berre å innsjå: ferien nærmar seg slutten, mandag er det tilbake på jobb.
Det tre siste dagane har det vore pause i slåtten, bonden har vore bortreist og eg har sydd og kosa meg.
I det fine vèret har eg drege ut både symaskin, skjereutstyr, strykebord, pc og radio. Som du skjønar, eg har hatt det riktig triveleg.
Ikkje so mange ting er heilt ferdige.............berre ei toalettveske...
 ein pung med kule kattar...
 ...og ein "sydamepung".....
Fleire ting er "på gang"........dei kjem nok her etter kvart.
God sommmar vidare til alle!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...