Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hage. Vis alle innlegg

torsdag 1. september 2011

Det blømer framleis........


 .....sjølv om me tydeleg merkar at hausten er her.
Balkanfesten vart akkurat like strålande som me hadde håpa på. Sjølv om vèrgudane ikkje var i go'lag,  vart det ei fantastisk helg. 
Som eg nemde i forrige innlegg, vert det laga film om festen.......og du kan vere trygg på at det vert annonsert her på bloggen.

 Sommargeorginene eg sådde i vår er verkeleg flotte..........
 Fyrste året eg har sådd løvemunn, den er fin òg..........men komen heilt i skuggen (bak) av georginene, har litt å lære når det gjeld planlegging i hagen.
God helg til alle.......eg har fri og skal drive med håslåtten!

torsdag 18. august 2011

Støypte soppar.

 På tide med eit lite innlegg att......lenge sidan sist.
Men dagane fyk avgarde....fullt opp med jobb, slått og anna.
 For nokon dagar sidan støypte eg desse soppane.....i hypertufa (blanding av sand, sement og torv.)
 No står dei til pynt i hagen.....
Har vore altfor lite på besøk til deko mine gode bloggvener, håpar det skal bedre seg, det òg.
God helg til alle!

mandag 8. august 2011

Blomar og hundar i dag......

 Er eigentleg litt kry av desse blomane eg har nedom huset, fordi eg har sådd alle sjølv, bortsett frå lavendelen i bakgrunnen, då........
geraniumane er avleggarar frå dei eg sådde i fjor.
Lecablokkene dei er plasserte på har lege til inga  nytte heilt sidan me bygde huset..........endeleg fekk dei kome fram i lyset.
 På fuglebadet eg støypte  i fjor, har eg festa to fuglar kjøpt på Nille.
Tinka og Lussi er alltid med når det skjer noko ute....
 Hønepynten har eg fått hjå dottera vår, trur ho fann dei på Brukt'n.
                                           To gode vener....
                        Ha ei fin veke alle!

lørdag 28. mai 2011

Støyper.......igjen.

"Støypeprosjektet"  eg starta i fjor, går sakte vidare...........og ugraset må vike for stein og betong.....
Bonden har henta ei skuffe med sand....  eg har henta meir stein, kjøpt sement og støyper litt og litt. Blandar med berre nevane, ikkje noko motorisert blandemaskin her.  Det går heilt fint.... 
Nokon opne felt til å plante i....og nokon fine dyrefigurar innimellom, kjøpt på loppis og Brukt'n.
Den fine lilja fekk eg av mi kjære syster då ho var på besøk for ikkje lenge sidan.
I dag var det for mykje regn til å støype, men eg har henta eit par lass med stein. I eit sandtak her i bygda har eg fått lov å hente  stein, lettvint å berre lesse den i bilen.
Yr.no lovar oss 27 mm nedbør i morgon, vert nok innedag..
.og konsertkveld, kjem truleg rapport frå den...
God sundag!!!

lørdag 2. oktober 2010

Har sleppt ut grisane, eg......

Her sit/ligg dei og kosar seg i kveldssola...........desse to kjøpte eg på Mjøsmarkedet i august, med tanke på at dei skulle sitja her ute mellom blomar, stein og betong.

Fekk støypt litt meir i finvèret i går..........


Ser kanskje litt "kaldt" ut, detta.......men med blomar og grønt (og kanskje ein "bekk") innimellom har eg tru på at det skal bli fint.


Sola skin i dag òg.........eg er på jobb....bonden til fjells........håpar han finn mange sauer i dag.
Ha ei strålande helg alle saman!

onsdag 29. september 2010

Betongblad....

Denne veka har eg støypt store blad................ei enkel sak.
Rakte berre nokolunde flatt underlag ( i sandkassen..), fann blad....eit rabarbrablad og eit eg tok av ei plante i hagen, som eg ikkje veit namnet på.
La blada på sanden, blanda ferdigbetong og vatn til passeleg blanding (+fiber..)og dekka bladet....deretter eit lag plast på toppen....
Let det ligge slik eit par døgn......ferdig.


Desse er ganske stor, mellom og 30 og 40 cm kvar veg.

Dei er berre eit par cm tjukke, og må nok stå mest til pynt.

Ellers går den andre støypinga sin gang.............ugraset må stadig vike for stein og betong.
God onsdagskveld!

lørdag 11. september 2010

Støype, støype.....

Etter diverse meir og mindre vellukka støypeprosjekt, er eg no gått laus i blomsterbedet...med betong og stein.
Planen er rett og slett å "støype ned" ugraset....ein genial idè, spør du meg.
Ryddar vekk ugras, legg på fiberduk...og støyper fast elvestein.
Kunne sjølvsagt brukt bark innimellom staudane, men eg likar betre stein og betong.

Høne og hane har fått plass på ein liten "avsats" med betar av skifer.

I opningar her og der skal staudane få vekse...........

Er heilt i startfasen,og planane er mange.....kanskje ein liten "sildrebekk"?....eller ein dam?........

Nett no er det ausande regn, og ikkje støyping i dag.........

Har fyrt i peisen og trur eg riggar meg til med "nissemontering"...snart jul(-messe), veit du.....
Ha ein fin laurdagskveld og god sundag i vente!

tirsdag 25. august 2009

Eg er eigentleg litt kry.......

....over geraniumane mine, rett og slett fordi eg har sådd dei sjølv. Pleier kjøpe ferdige plantar, men i vinter fekk eg ånden over meg og sådde ein del........var veldig spent på om eg fekk dei til.
Geraniumane har vokse fint, men dei blømer ikkje før no....veldig masse blad, men ikkje blomar.
Kanskje eg også her har vore for raus med gjødsel?........veit ikkje.
Eg sådde dei i begynnelsen av mars......og hadde håpa dei skulle bløme meir medan det enno var sommar....
sikkert nokon bloggedamer som kan gje gode råd om kva eg kan gjere annleis neste år?



Sorten heiter "Maverick star"

Ha ein fin kveld og hugs det nærmar seg Balkanfest!!!!
Kikk òg innom til Rosa Univers...der finn du meir "Balkanstoff!

onsdag 5. august 2009

Blomkarse og sying.

Skal ikkje på nokon måte skryte på meg at eg er flink med blomar.......jau, skulle gjerne at den flott hagen å vise fram, men desverre, slik er det ikkje.....
Men ein del av det eg sådde i vår kan so absolutt synast for folk........f.eks blomkarsen.
Har ein følelse av at blomkarse er det ein tyr til når ein ikkje får til noko meir "avansert",( er det rett? ) men eg synest den er fin, eg...


Ein liten handletur til Åsane i dag, yngstemann i huset skal nemleg ut og stå på eigne bein (les: flytte på hybel) og då er det litt av kvart ein treng av husgeråd..........
Ein kjapp tur til Stoff & Stil er heilt uunngåeleg når ein likevel er på dei kantar.......nokon meter av dette stoffet skal på ein måte "koblast" med det store syprosjektet eg driv på med...


..og som eg har omtalt før......håpar det skal bli ferdig i løpt av ei veke, er litt lei no........


No skal me ut og jobbe.....og det regnar!!!!!

torsdag 9. juli 2009

Pilen gror...

"Pilskulpturen" (flott namn?) gror so fint.....og er grøn og frodig.

Alle skota som har kome oppetter er plukka av....og berre dei på toppen får vekse.
Synest den er fin, eg...



Blomkarsen veks òg.....i den fletta "tingen".......er iallfall masse blad.Trur kanskje eg har vore litt raus med gjødsel....ser ut som det vert mest grønt , men i dag har eg funne opptil fleire knoppar....


Til slutt den gamle gryta med stemor.......i nydelege fargar.

Ha det so bra!

onsdag 27. mai 2009

Flittige Flittigliser...

Av frøa eg sådde i vinter/vår er det Flittiglisene som er komne lengst.......og du hendelse kor dei blømer!!!...og ein aldeles nydeleg farge. Har prøvd å "stusse" dei litt i toppen so dei ikkje skulle bli lange og tunne, men ser at eg har berre delvis lukkast med det.............

..skulle sikkert ha knipe fekk dei fyrste knoppane òg, so planten vart større og kraftigare før den blømde.....men, nei , det vart for brutalt......so får dei heller vere små og søte.....

Her ståre dei på rekke og rad med masse knoppar......nokon skal etter kvart få kome ut......

Hønemor på kjøkkenet måtte få ein òg....
Har ikkje "grøne fingrar", trur desse må vere "enkle" å få til....
God onsdag kveld!!!

fredag 15. mai 2009

Det står ein kvitmalt benk....


...i hagen. Ein ekte bedehusbenk er det......Tidleg på nittitalet var det nemleg ein gjeng pensjonistar som gjorde ein stor jobb og moderniserte bedehuset i bygda.
Dei gamle benkene vart bytta ut med stolar og soleis gjekk det til at me fekk denne. Den har stått i løa i årevis, men i går fekk eg "ånden" over meg og dragsa den ut, vaska, pussa og måla.

Stoff frå Jysk vart til puter og teppe.......teppet er vattert med fleecepledd som NSB so generøst har spandert.....

Her kan bonden og kåno sitje og sjå utover bygda.......men bonden sit ikkje lenge om gongen, kan eg forsikre........(ganske irriterande med den dumme telefonstolpen, foresten).


Ynskjer deko alle ein strålande 17.mai!!!
Yr.no seier me skal få o,3 mm nedbør på sundag....kan vel ikkje vere meir enn ei halv regnbyge, det....
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...