onsdag 30. september 2009

Grønare gras......

Sauer er ikkje dumme.......her står dei forventningsfulle......



...og studerer bonden som driv og flyttar gjerde......so dei skal få kome på nytt beite.

Ikkje at det er heilt snautt her heller, men som kjent: Graset er grønare på den andre sida.......
Dei let seg ikkje be to gonger.....

mandag 28. september 2009

Fuglar...

..er kjekt å måle.........synest dei passar bra på ei slik ski med gradestokk på.

Og ein ny "messeting" er ferdig.......
God mandag kveld til alle!

fredag 25. september 2009

Nissefabrikk..

Berre halvannan månad til fyrste messe.....og produksjonen går sin gang.......sjølvsagt skulle eg ynskje å ha meir tid......men eg prøver å utnytte døgnet so godt eg kan.
Nissekroppane tek form etter kvart.....



Nokon har fått kle på.....



Huene er klar...ferdig tova


Det same er tøflane.....


Men.........her er det som skal bli hovud........forts. fylgjer......

Har fridag i dag....og i kveld. Fantastisk.........då vert det godstolen, eit ørlite glas rødvin, "nissemontering"........og gullrekka på tv.........nydeleg!!
God helg!!!

mandag 21. september 2009

Meir sau.....

.....denne gongen på eit Velkommenskilt, målt på ei gammal karde....kjøpt på loppemarked.....


God mandag kveld og ei fin veke i vente!!

lørdag 19. september 2009

Rapport frå ein laurdag....

Etter å ha vore på jobb det meste av natta og i tillegg skal gå på ei ny natt i idrettshallen, måtte eg ligge "på lading" til langt utpå føremiddagen.......nesten for gale på ein slik vakker dag......

Bonden har vore på sanking, og der kunne eg tenkt meg å vore med......men det kjem nok fleire sjangsar, for me manglar mange endå....

Dette er LYKLE, som kom heim på torsdag.....desverre manglar ho eine lammet sitt.Ho har vore so flink å passe på dei....at det var litt overaskande...men farar lurer i fjellet....
Sjå på den fine ulla, det perfekte trollhåret

Børge, den ferske Oslostudenten vår har vore heime nokon dagar denne veka, kjekt å ha han heimom ein tur, og so fekk han seg ein sanketur på torsdag.....
Han trivst godt i hovedstaden, seier han, både på skulen og i fritida.
Er blitt medlem i Oslo Brass band....og underviser nokon elevar i trompet i kulturskulen. Sit ikkje på hybelen og sturer, akkurat........og heldigvis for det.
Han har fått "knekt koden" ang. klesvask.....og kan forsikre mor om at dei kvite t- skjortene er framleis "Blendakvite"........

Med desse bileta av fine sauer ynskjer eg alle ein god sundag!

torsdag 17. september 2009

Ein gammal tresko......

......har fått nytt liv som veggpynt. Skoen er kjøpt på loppemarked og er verkeleg velbrukt......
Dermed har eg fått ferdig ein ny ting til messe........likar so godt dette motivet med dompappar..........fuglar som eg aldri ser på fuglebrettet hjå meg, desverre.

Og nett idag kom den andre invitasjon til messe........her har eg ikkje vore før......spennande....eg gler meg.
No må produksjonen verkeleg intensiverast.......dersom eg skal ha varer til to messer.

Ha ei god helg alle!
Eg skal jobbe....med konsert fredag og dansegalla laurdag, vert det ei styggtravel helg..

tirsdag 15. september 2009

Nåler til eitkvart formål

For ca ei veke sidan kommenterte eg på eit innlegg til ei kreativ, dyktig og snill dame.
Temaet var sy/broder/stoppe-nåler.....ho hadde funne ein boks med flotte brev med nåler som var skikkeleg gamle....ein skatt, spør du meg..... .....Vel, eg kommenterte, og kva skjer så.........eg fekk alle dei du ser her.
Fantastisk kjekt (og ein heil liten formue etter dagens pris på nåler).....
Tusen, tusen takk!
Bloggen til denne snille dama finn du her.......

Sjå kor fine....festa på cellofan


Tenk..nåler til ull, bomull og silke/nylon.....var "style" på det før i tida.....


Kjempelange nåler......gode når eg skal sy nissar.....

Har dei liggande til pynt so langt.........men no skal det syast!!!!

søndag 13. september 2009

Endeleg ein solskins-sundag......

og då reiste me til fjells. Målet var å finne rekved.....har funne ut at lageret er for lite...er so smått begynt å tenkje på messer og dekorasjonar..



Her pleier det alltid vere litt å finna, men som du ser er vasstanden heilt på topp.....ikkje rart det foresten etter alt regnet i det siste.



Dagens fangst......ikkje dei store mengdene....

..men fine former....absolutt brukande

Eldste barnebarn skal konfirmerast til våren, og i dag var det presentasjon i kyrkja. Det måtte Besta og Besten sjølvsagt vere med på........lurt å leggja gudstenesta til kl 16.00......
Ei god veke i vente til alle!

torsdag 10. september 2009

Nytt kulturhus.

Voss kommune byggjer kulturhus......diskusjonane har vore mange og lange om kva huset skulle innehalde......men no er iallfall bygget i ferd med å ta form.
Og ser du? Her kan me gå på taket....nett so på Operaen i Oslo.....


Vert so flott, atte.....

Heile 3 nye kinosalar, der den eine med plass til 250 (!)personar òg skal nyttast til konsertsal.........etter mange si meining altfor lite.
Riktig nok skal den gamle kinosalen byggjast om til konsertsal...men kor tid får kommunen råd til det etter dette løftet?

Sidan det allereie er torsdag seier eg like godt GOD HELG!

tirsdag 8. september 2009

Teddy, Lussi og Tinka.

No er det lenge sidan eg har vist bilde av dei tre hundane våre, av rasen border collie.

I dag føretok me ein liten fotosession ute på tunet........


Teddy er sjefen, 10 år og ein superflink gjetarhund.......


Lussi, dotter til Teddy, desverre ingen gjetar.....men har sin styrke i å jage sauene avgarde når det trengs, dessutan er ho flink å passe på når dei prøver å kome seg utom gjerdet, ellers er ho snill og grei


Tinka- er vel eitt år gammal og viser gode takter når det gjeld gjeting.....heldigvis.

søndag 6. september 2009

10 ting om meg sjølv...


Fekk denne utfordringa for nokon dagar sidan...og tenkte at den skal eg late gå forbi i det stille, men no har eg sett mange som har teke den, og då kan vel ikkje eg vere noko dårlegare?

Bonden har stilt velvillig opp for å hjelpe meg,.....her er det eg har kome på:

1. Eg er heimekjær.......har ofte lyst på tur, men etter eit par dagar vil eg berre heim.
2.Har alltid vore glad i handarbeid (hadde bl.a. masse broderte ting i "utstyrskista" då eg gifta meg)

3.Eg er standhaftig (ifylgje bonden).

4. Glad i musikk.

5. Likar å gå i fjellet...(og ligge i telt).

6. Har gått på husmorskule.. (ein gong i det forrige hundreåret)....

7.Er ikkje spesielt glad i husarbeid......god på skippertak.

8. Flink å lage mat (dette òg ifylgje bonden).......

9. Er ikkje flink med blomar og hage...men øver og øver.

10.B-menneske......
Ei ny veke ligg framføre.....bruk den godt!

fredag 4. september 2009

Da e'kje te å tru......

..men likevel sant, i dag har bonden og eg 38-års bryllaupsdag.
Huttemegtu....so åra har gått.
Kan ikkje forstå anna enn at detta betyr at me er begynt å bli "godt voksne".....
Slik såg me ut 4.september 1971.......unge var me...eg 18, han 21.....so veit du det....

Han hugsar alltid på dagen, og i dag vart eg glad for å få ein orkidè.......



Ei god helg ynskjer eg alle bloggvener!
Tusen takk for alle koselege kommentarar, de er so gilde atte!

onsdag 2. september 2009

Julemesseproduksjonsesongen............

..er i gong. Og i år som i fjor måla eg ein nisse fyrst.....ikkje fordi eg vil kome julestemning enno.... mest fordi det er kjekt å måle nissar.
Sidan eg ikkje har målt sidan til messene i fjor er det seigt å kome i gong.....
og eg forkynte for bonden i går kveld at NO skal eg ikkje måle meir.......får det ikkje til, skal gjere andre ting osv.
Fekk ikkje mykje medhald der, gitt........ akkurat slik er det når det er lenge sidan han "teke i" trombonen........då høyrer eg nokon gloser om at den skal senkast i Evangervatnet osv......
Men me vart einige om å "ta oss på tak" og øve,øve,øve.......rett og slett fordi me har stor glede av desse hobbyane våre......
Og dermed vart det nisse på spaden...som eg kjøpte på Mjøsmarkedet på Biri i august.




No er eg over den fyrste kneika...og det skal målast meir....trur eg.
God onsdag kveld!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...