"Støypeprosjektet" eg starta i fjor, går sakte vidare...........og ugraset må vike for stein og betong.....
Bonden har henta ei skuffe med sand.... eg har henta meir stein, kjøpt sement og støyper litt og litt. Blandar med berre nevane, ikkje noko motorisert blandemaskin her. Det går heilt fint....
Nokon opne felt til å plante i....og nokon fine dyrefigurar innimellom, kjøpt på loppis og Brukt'n.
Den fine lilja fekk eg av mi kjære syster då ho var på besøk for ikkje lenge sidan.
I dag var det for mykje regn til å støype, men eg har henta eit par lass med stein. I eit sandtak her i bygda har eg fått lov å hente stein, lettvint å berre lesse den i bilen.
Yr.no lovar oss 27 mm nedbør i morgon, vert nok innedag..
.og konsertkveld, kjem truleg rapport frå den...
God sundag!!!