Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jul. Vis alle innlegg

fredag 8. januar 2010

Og jula varer heilt til.......

påske?.....
Nei, ikkje radt so lenge............men me har jol enno, me......og kosar oss med det. Joletreet har knapt nok mista ei einaste nål........men so var det òg henta i skogen eit par dagar før jolaftan.
Sidan me ikkje pyntar noko før heilt innpå jol, er det kjekt å bevare jola til litt utpå nyåret.


Ifylgje primstaven varde jola til 13. januar i riktig gammal tid, berre høyr:

TJUGENDAG eller Tjuendedag jul. St. Knut. Knut jager julen ut. Dette var gamle nyttårsdag. . Nå skulle julen ringes ut - og juleølet drikkes opp.


Er det fleire som enno har jol i huset?
Det skulle vore moro å visst.......
God helg!

lørdag 2. januar 2010

Stille i heimen...

Etter fullt hus i går med barn , svigerbarn og barnebarn på besøk, er det særdeles stille i heimen i dag. Børge er reist tilbake til studentlivet i Oslo, etter å ha vore heime i ca 1mnd.....litt av ein juleferie, må ein sei........


Eg ryddar, vaskar, får på plass servise og bestikk, vaskar dukar..........og gler meg over den gode jola me har hatt............og kor heldige me er som har mange å feira den ilag med.

Her har me hatt den kaldaste jola på lenge....
Høyrde nett i radioen at eit gammalt vèrteikn seier at slik det er i dag, skal det bli i ni veker......oi, det kjem til å tære hardt på vedlageret.

Her er dei tre flotte jolebukkane som kom på besøk nyttårsaftan.....i kulden. Song vakkert gjorde dei...so det måtte bli litt snop i posen.

So vert det spennande å sjå kva det nye året gjev av gleder og sorger..........litt av kvart vert det heilt sikkert.Har ingen nyttårsfortsett....men mange tankar og idèar om ting eg har lyst å gjera...........

Her er lyslykta eg laga før jul.......med den kulden me har hatt, har den helde seg like fin........

Håpar de alle får eit godt og kreativt år!

lørdag 26. desember 2009

Romjul.

Då er me allereie komne til andredagen.......og for min del er det i dag eg senkar skuldrane og roar heilt ned. Den tradisjonelle julemiddagen med heile familien er alltid fyrste juledagen. Med 20 gjester til bords er det ein heller travel dag....men du so kjekt.
I dag har me vore til julefrukost hjå son og svigerdotter, kjekt å gå til "duk og dekka bord", som det heiter........koseleg!
Mange gilde gåver fekk me til jul i år òg.......bøker, musikk og mykje meir.
Denne flotte løparen fekk eg hjå svigerinne og svoger......nydeleg!!

Ynskjer deko alle ei god og glad romjul !

søndag 20. desember 2009

Jul i Skomaker(Evanger-)gata.

Det har vorte lange mellom innlegga i det siste....noko som sjølvsagt skuldast travle tider.
Med litt meir enn full jobb, "litt" å gjere heime,litt dugnad osv. har blogginga kome i bakgrunnen.........har ikkje fått besøkt deko mine gode bloggvener heller, håpar det er eit forbigåande "fenomen".
I kveld har me vore på den tradisjonelle julekonserten i kyrkja vår, vakker som alltid..........so no er julestemninga "i boks".
Etter konserten måtte eg ta nokon bilder frå gato.........som no minner endå meir om Skomakergata....etter snøfallet siste dagane.
Dette bildet er teke frå kyrkjetrappa......


Det gamle kommunehuset (Evanger var eigen kommune fram til 1964, då det vart slege saman med Voss). Framfor kommunehuset står bautaen over Knute Nelson...bygda sin store son, som utvandra til Amerika saman med mor si i 1849 og vart guvernør i Minnesota og seinare senator.


I 1923 brann alle husa i sentrum (berre kyrkja stod att)..........dei vart difor bygde opp att i same stilen.
I
I kveld skal resten av juleposten gjerast ferdig, og sendast i morgon.........føler meg trygg på at posten får det fram til jul. 1 kveld att på jobb...so tek eg juleferie.
Bonden og Børge skal til skogs etter juletre i morgon.....vert ikkje noko lett oppgåve med all snøen som er kome.........
Ha fine førjulsdagar!

fredag 11. desember 2009

No er eg ferdig.....

....med juleførebuingar?

Ånei, med bestillingane eg hadde etter julemessa.........resten skal bli levert over helga, det skal bli bra....





Med det som skal gjerast i heimen er eg knapt nok komen i gong........men hadde ein særs effektiv dag på julehandel i går......kom langt nedover lista (listene)....får nemleg ynskjelister frå "ungane" m/familie..og det gjer det heile noko enklare.....


I morgon vert det baking....før eg skal på jobb..........
Pyntinga gjer me siste par dagane før jul.........slik har det alltid vore, og slik vert det i år òg....her hjå oss.
Trur me er i rute, eg.......
God helg til alle!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...