Viser innlegg med etiketten Hobby. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Hobby. Vis alle innlegg

fredag 13. august 2010

Støyping i betong.

No har Trollkåno fått ånden over seg (igjen)...........støyping i betong er det nyaste påfunnet........og her her det fyrste ferdige produktet.......eg er strålande fornøgd.
Det heile starte då eg var på besøk hjå syster mi i Nordfjord, ho har so fantastisk fin hage, med masse stein, betong osv.......og og vart SO inspirert.......detta måtte prøvast.

Vel heime var det leiting på nettet om emnet.......fann ein del , bl.a. denne bloggen.

Brukte eit rabarbrablad til å lage mønster.......fint, sant?

Ymse bruksområde....
Til flytelys...

Kubbelys....(gjerne større enn detta...)..

Eller kanskje takløk......

Fredag.....helg.......og regnet pøsar ned,MEN.....frå i morgon av lovar Yr.no oss strålande vèr i fleire dagar.
Me skal slå flathøy.....hurra!
God helg!

fredag 4. desember 2009

Ryddesjau....

Når produksjonen er avslutta og eg reiser på messe, pleier det vere komplett kaos på arbeidsrommet mitt..........har ikkje tid til å rydde ting på plass.......alt flyt......og det pleier gå nokon dagar før eg har ork til å ta fatt på rotet.
I føremiddag var eg klar......og no er det so reint og ryddig at det er beint triveleg å gå inn der. I ein svak augneblink på messa lovde eg å måle eit par ting med nisse på......og dei bør eg vel kome igong med snart.......dessutan lage ein dekorasjon.
Med ryddig arbeidsrom, julemusikk og kaffi skal nok det gå fint.....

Tenkte eg skulle vise deg den fine broderte nåleputa som eg har fått av svigerinne Reidun.....det er dama si som kan brodere.......

Hjå meg står denne berre til pynt...aldri om eg kjem til å setje ei nål i den...

Ha ei triveleg helg i vente!
Hjå meg vert den travel......det vert den kanskje hjå deg òg?

tirsdag 19. mai 2009

På rekvedjakt.

Slik ser det ut ved Vangsvatnet......og dette er berre nokon hundre meter frå der eg jobbar.
Her er det kjekt å gå.......
...og leite etter rekved til haustens prosjekt.....som nisserøter.......

Kommunen skal rydde vekk alt.....men heldigvis for meg har det ikkje skjedd enno. Har gått her mange gonger og finn alltid noko......skulle eigentleg hatt ei gravemaskin, er sikker på at det ligg mange skattar gøymde under dei store stammane....

Her likar russen å halde til.....her har dei brent bål for å halde varmen i kjølege mainetter........dei har iallfall ikkje mangla brensel.

Denne skulle eg gjerne hatt med deg heim, men det er kjempestor og blytung.......

Litt av dagens fangst.
Sjå på denne flotte.......når eg får "pussa" den litt og dekorert den.....då.
Når eg går her og speidar etter fine røter, då kosar eg meg.....

Ha det so bra !!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...