..og alt som kryssast kan i dag.

Yngstemann Børge er i Bergen for å prøvespele som opptaksprøve til Griegakademiet.
Fyrst er det teoriprøve klokka ti, deretter fyrste runde med speling klokka 14.30....dei som går vidare til andre runde skal spele att utpå kvelden ein gong.
Han er den fyrste som skal i elden.
Håpar so inderleg at han skal lukkast med spelinga..... so får det vise seg om det er godt nok ..........kan samanliknast med idrett detta. Ein skal ha "formen inne" og ha "dagen", ikkje
vera altfor nervøs osv.

Han har jobba iherdig mot målet med øving 3-4 timar for dagen i lang, lang tid.
MEN det er eit trangt nålauga...ti personar skal prøvespele på trompet, alle med same mål, sjølvsagt. Veit ikkje kor mange som kjem inn heller....kanskje berre ein.
Han har lova å ringe heim etter fyrste runde....då har han nok ein følelse av korleis det har gått.
So vert nok ho mor gåande meir so i ring det meste av dagen......
Mandag skal han foresten til Oslo for opptaksprøve på Musikkhøgskulen....spennande tider.
Ha ein god onsdag!