søndag 14. juni 2009

Nye hagemøblar

Sist veke var bonden på bytur......og på vegen heim var han innom Plantasjen og kjøpte nye hagemøblar.... har vore ei travel veke og pakkane har stått urørte........men i dag tidleg (truleg på grunn av det fine veret) bråbestemte bonden at møblane skulle monterast før frukost....



Det fins benk i same serie.....men den gamle bedehusbenken skal få "leve" endå ei stund.


Duk frå Kid.....


Vart litt puslete desse putene.....håpar Jysk har meir av rosestoffet og at eg får tak i skumgummi som passar......so skal det vel verte råd med noko betre.


Innviing med sundags frukost i dag....

Ha ei fin ny veke alle!

fredag 12. juni 2009

Eg er overvelda...

...over responsen på den vesle utlodninga mi i høve 1 år med blogging.
53 kommentarar.....fantastisk kjekt!!
Og for meg mange nye damer......som eg gler meg til å besøkja sånn litt etter kvart.....
Vart eit heilt arbeid å lage lodd.....1 til nokon...2 til nokon....og 3 til andre......
So til trekkinga:
Strikke- eller handarbeidsveska gjekk til:

Monicas eller Strikkelines..........ho har sikkert god bruk for denne.......som alltid har noko "på pinnan", som ho seier.....


Den neste som vart trekt ut er Grethe med bloggen Flittige hender.
Du skal få denne veska.....eller mappa......


Gratulera til deko begge to!!
Sender de ein mail med adresse skal det ikkje gå mange dagane før postmannen bankar på.....(de finn mailadr. oppe til høgre)
Igjen tusen takk til alle som var med......som eg har sagt før: det er kontakten med deko som gjer denne blogginga so utruleg gjevandes.....

Fredag og helg....for meg den travlaste jobbhelga heile året.........med Voss Cup.......landets nest største fotballturnering for born.(etter Norway Cup)

Med ca 7000 spelarar, trenarar, foreldre osv.....seier det seg sjølv at det vert kø overalt......matkø......dokø.....trafikkø....
Ca 4000 skal ha all mat servert her i hallen........


Men i morgon kveld har eg fri....då skal eg på konsert med bl.a Smiletones......det blir topp!!!
Ynskjer ei strålande helg til alle!!

tirsdag 9. juni 2009

Veden må i hus.....

Me ligg litt "etter skjema" med vedproduksjonen i år.....ikkje at det hastar so fælt, for

ved til komande vinter har allereie lege til tørk i eit år, det er neste års lager me jobbar med no...........hadde berre vore godt å ha det unnagjort før slåtten

Bjørk av beste kvalitet.


Eg er ingen meister i å lø ved......men mottoet er: So lenge det ikkje rasar ned er det bra nok.....dessuten turkar det betre når det ikkje ligg so tett...(trur eg)....
Masse fin never......den skal eg legge i press og kanskje eg kan bruke den til eit eller anna? til hausten ein gong?


Ha ein fin kveld!!

mandag 8. juni 2009

Ei utfordring.....

...dukka opp i dag. Er ikkje noko særleg god på slikt, men får gjera mitt beste, då......

Hva er du opptatt av for tiden? Å få veden i hus før slåtten er i gong.

Hva har du på deg i dag? Dongeribukse og raud T-skjorte

Hva skal du spise til middag? Vossakorv, poteter og surkål

Hva vil du gjerne lære deg? Meir om data og foto

Hva hører du på akkurat nå? NRK p1

Hvordan er ditt favorittvær? Fint sommarvèr, men ikkje for varmt

Hva er ditt mest utfordrende mål akkurat nå? Å få veden i hus

Hva synes du om personen som tagget deg? Kjenner ho berre gjennom bloggen, og trur at ho er ei triveleg dame....flink med kamera.....og skriv på herleg dialekt

Hvis du kunne fått et hus ferdig innredet, hvor som helst i verden - hvor skulle det vært? Akkurat der er bur

Hva ville du gjerne hatt akkurat nå? Kaffi

Hva vil du gjerne bli kvitt? Ugras i blomsterbed...

Hvis du kunne dratt hvor som helst i verden den neste timen - hvor ville du dratt? Italia

Hvilket språk vil du lære? Italiensk

Hva ser du etter i en venn? Ærlegheit og gjerne felles interesser

Hvem vil du gjerne møte? Ingen spesiell

Hva slags musikk liker du? Dr. Hook, Eagles,Elvis......+++

Hva er favorittplagget i klesskapet ditt? Dongeri....

Hva er drømmejobben? Veit ikkje

Har du noen favorittmodeller? Nei

Hvis du hadde 1000 kr nå, hva ville du brukt dem på? Store blomsterkrukker

Beskriv stilen din. Hva var det siste motebladet du leste? Lite oppteken av stil og sånt...les ikkje moteblad...

Den siste CD du kjøpte? Trur det var noko julemusikk....kjøper lite sjølv, er so heldig at eg får av og til.

Hva hørte du på da du ble tagget? Nrk p1

Hva vil du akkurat nå? Drikke kaffi

Utfordringa går til: Nikoline og Strikkebesta, om dei vil......

lørdag 6. juni 2009

Evangerlaurdag.

I dag har det vore liv og røre i Gato vår.......grendalaget arrangerte Evangerlaurdag.....med salsboder, musikk, kafè og ymse andre aktivitetar.


Ponnien Per var sjølvsagt populær blant dei yngre...


.Ope hjå Patina.......

...med blide damer bak disken.

Litt frå butikken....

Kvinne- og familelaget sytte for primlefse....

Standen til musikklaget......


...med lykkehjul som det høver seg......

..og konkurranse: Kven spelar høgast?? decibelmålar på plass...


Litt av utvalget......



Brannmennene kunne heldigvis kvile seg i dag......

Ein flott dag!!
God sundag i vente!

torsdag 4. juni 2009

Det er servert!

Eg skreiv i eit innlegg tidligare at det er stilt på garden no når sauene er reist til fjells.....men heilt stilt er det ikkje.....det syter desse for .......
Ein heil liten flokk med "flaskelam" ...........sjølv om me ikkje brukar flaske.
Med trillingar og endåtil firlingar skjer det ofte at mora har for lite mat.....men me har sjeldan so mange som dette.

Denne "lammebaren" er særdeles praktisk.......og sparar oss for masse arbeid......


Fyrste mann til mølla.....


Helga nærmar seg og vèret er bra!!!

tirsdag 2. juni 2009

HURRA.....(.og utlodning)

..for deg som fyller 1 år!

Denne gongen er det bloggen min det gjeld.....(om nokon dagar)..


7. juni 2008 hadde eg mitt fyrste blogginnlegg....dottera mi i Rosa Univers var den som hjelpte meg i gang, og er framleis den eg tyr til når det oppstår dataproblem (ikkje radt sjeldan). Tusen takk!!
Over 200 (meir eller mindre fornuftige) innlegg har vore publisert...... og over 13000 besøk
...."Da e'kje te å tru"......

Både besøkstal og kommentarar har auka jamt og trutt.....og eg innrømmer det so gjerne.....Responsen og "nye kontaktar" er det som gjer det heile so utruleg kjekt.
Verte kjend med andre med same interesser.....nye vennskap oppstår ( sjølv om det er personar eg aldri har sett, er det slik det kjennest.....) hadde foresten vore utruleg kjekt å kunne møtast "ansikt til ansikt", men kven veit, kanskje det skjer?????....spennande.....

Ein hentar masse inspirasjon frå andre bloggarar.....aldri har eg sett i gang so mange nye "prosjekt" som dette siste året.....nokon er fullførde...andre ikkje.
Kva slag blogg er det so eg har??? Ikkje hageblogg, definitivt ikkje interiørblogg......trur eg må kalle det ein kvardags- og hobbyblogg.

Feiring og utlodning må til........

Reglane er dei "vanlege"...
¤ 1 lodd om du legg att ein kommentar på dette innlegget.
¤2 lodd om du i tillegg linkar til meg.
¤3 lodd om du òg vert følgjar hjå meg.

Kva du kan do so vinne????
1. gevinst....Ei "strikkeveske", eller kva du vil bruke den til......beige m/lilla striper. Fòret er lilla.......med skiljevegg inni.

2. gevinst....Toalettveske med vindauge.....lys blå m/små blomar.....rosa fòr m/prikkar.

Og "alle" kan delta.......med eller utan blogg.
Trekkinga vert 12. juni.

Kjekt om du hiver deg med!!!!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...