I år hadde me ein avtale på fredagskvelden, so me køyrde sørover til Toten....der me møtte Gamleheksa og Gubben, som ho seier........

Her på Viken II møttest me til eit godt måltid og prat......DU kor kjekt.......etterpå var me med heim på garden og fekk omvisning......noko andre dimensjonar over garsdrifta (og maskinparken) detta, enn det småtteriet me hobbybønder på Vestlandet puslar med.......
Laurdag var den store Biridagen......og me stod opp grytidleg for å få mest mogleg ut av dagen.
Heile 7 timar traska (tråva) me rundt (og rundt)........på tråvbana, fann nokon små skattar her og der , nokon av dei vil nok kome her etter kvart....
Ein tur på Øyerfjellet fekk me med oss sundag føremiddag......

Endeleg på Vestlandet att.......med fjell og fjord.............

Det var ein hyggjeleg tur..........og no er håslåtten i gang.
Ha det so bra!
































