lørdag 15. januar 2011

Vil berre sei God helg!

Jola er ute.......unnateke joletreet, då..........det står so fint med (nesten) alle nålene på......men berre til i morgon kveld, trur eg.....eller mandag.
Utenissane har dessutan frose fast i benken dei sit på, so dei ventar på mildvèr!!

Denne fine kyrkja skal òg få stå utover vinteren, den lyser so fint.........
Eg kjøpte den på jolemarknaden me hadde her i bygda i desember, og er laga av Arne Jønsson, pensjonist som bur i Aurland i Sogn. Han hadde òg laga flotte, leikar i tre...


Den eine av desse hjortane kjøpte eg på Patina før jol...og jammen fekk eg ein til i jolegåve, so no har dei selskap.........flotte!


På tide å lage litt god kveldsmat til bonden kjem inn att frå floren.......
Ha ein fin laurdagskveld, du òg.........og god sundag i vente!

torsdag 13. januar 2011

Tjuande dag Knut.........


13.1.Merke: Sopelime, omsnudd horn, kongehode, klokke

Tjuende dag jul var jula over. Denne dagen ble også kalt St.Knut, og folk sa at "tjuende dag knut jager jula ut". Mange steder ble det vanlig å markere dette ved at de jaget ut jula med sopelimer.Over hele landet holdt de tjuendedagen for å være "gamle nyårsdag". Dette kom av at trettendedagen ble regnet som gamle juledag.Tjuendedagen skulle jula ringes ut og julølet drikkes opp."Snør det tjuendedagen, vil det bli 20 snørier før sommerdagen 14.april, ble det sagt i Romsdal.

onsdag 12. januar 2011

Utsikt og myntpung....

Utsikten frå kjøkkevindauga onsdag 12.01.11.......ca kl 09.00......
ein nydeleg vinterdag, 6 minusgrader og opphaldsvèr.....

...etter at snøen har lava ned i fleire døgn. Bonden har hatt full jobb med å halde vegen open......

..og det er faretruande mykje snø på taket.......

Pilskulpturen min har fått fin hatt!

I dag har eg sydd min fyrste myntpung...eller sminkepung om du vil. Har tenkt på det lenge.......og i dag vart det endeleg. Framgangsmåten er godt forklart hjå Timotei, det var der eg fann den. So tusen takk Ranveig fordi so raust deler dine sykunnskapar med andre som er mindre erfarne med symaskina.


Ha ein fin onsdagskveld!
Eg har frikvelden min og trur eg skal sy.....etter middagsluren.

mandag 10. januar 2011

Broderi ....eller stitchery......

Lysten til å brodere, eller stitche som det vert kalla no til dags, kom eigentleg over meg før jol.......og på eit besøk på quiltehuset vert det kjøpt inn materialar, mønster og garn. Men jola kom og gjekk, uten at posen vart opna..............so etter jol, då skulle det skje........men då var det plutseleg ikkje noko kjekt å brodere nissar.


Sist veke var eg på kafè med Nikoline.....og når eg fekk høyre om hennar storslåtte planer..........vart eg inspirert til å setja igang, eg òg...........MEN...det er ikkje lett å få fine sting, jevne sting osv..........eg øver og øver......og har ikkje tenkt å gje opp.

Burde kanskje ikkje vist fram desse lappane mine, men pytt pytt.
Har ein idè om kva det skal bli, men trur ikkje eg røper den enno....
Ha ei fine veke alle gode vener !

fredag 7. januar 2011

Noko lettsindig???? tja.....

Nokon vil vel sei eg er det , ja......etter mange gilde gåver me fekk til jol, går eg og kjøper noko so unyttig som detta.......ei kaffimaskin.........



Her trengs det ei forklaring...........den før omtalte "Oslostudenten" fekk nemleg ei slik i jolepresang (frå oss)...........

Den maskina har stått på kjøkkenet, då......til han reiste i føremiddag. Den har vore flittig i bruk, og bonden og eg har verkeleg fått smaken på ymse sortar kaffi.....for ikkje å snakke om den varme sjokoladen ein kan trylle fram på ein blunk.............den set bonden verkeleg pris på......


Her er fleire sortar å prøve ut......

No skal me verkeleg "koose vårs"..........
Ha ei fin helg, du!

onsdag 5. januar 2011

Utsikt frå kjøkkenvindauga....

........på onsdag. Slik har eg tenkt innlegga skal bli kvar onsdag...om eg klarar å gjennomføre det, då........sjølvsagt vil det bli mange nesten like bilde, men ein vil òg sjå skifte med vèr og vind.....årstider ...osv.
Idèen fann eg på bloggen I eit hus i ein dal...som hadde sett det på ein anna blogg.
Slik såg det ut her i ettermiddag...........

I kveld har eg vore på møte i quiltelaget, skikkeleg inspirerande.......er so mange flinke sydamer der.
Har berre lyst å dra fram symaskina, men trur eg får vente til i morgon..........nesten natt no........

søndag 2. januar 2011

Startar med sokkar, eg......

...i det nye året.
Sant å sei synest eg sokkestrikking er ganske kjedeleg, men når yngste son....."Oslostudenten", forkynner for mor si :
"Eg har berre 1 par tjukke
sokkar, og dei er so tunnslitne at eg kan sjå gjennom dei.....
.DÅ er det vel på tide å finne fram garn og pinnar...........(stakkars gut!)
Eitt par er ferdig, godt igong med nr.2....og har tru på at nr. 3 skal bli ferdig før han dreg over fjellet fredag føremiddag........og so gler eg meg til det andre eg skal gjere etterpå........


Har ellers ein roleg dag, fått på plass service og bestikk etter joleselskapa........men jola skal me ha lenge endå.....
heilt til trettendedagen....
eller kanskje tjuendedagen.
I dag er det lutefisk på menyen for bonden og meg........det blir godt!
Ha det godt so lenge!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...