søndag 13. mars 2011

Fin skitur......snøvèr og klabbeføre.

Då bonden i føremiddag føreslo skitur, var eg ikkje noko særleg gira.........tett snøvèr og dårleg sikt.......lite freistande turvèr, meinte eg.(meir høveleg innnevèr...) Men bonden SKULLE på tur, han........og heldigvis klarde eg å ombestemme meg før han var reist.
For kva gjer det vel om det snøar litt?
Lussi og Tinka er strålande fornøgde......




Klabbeføre......under skia.....men aller mest i pelsen...


Målet er nådd....Stølen....



"Tunnel" på oppsida....men me kom oss inn......



Store snømengder....skal mange varme dagar til for å smelte alt detta.......


Ynskjer deko alle ei riktig fin veke!

fredag 11. mars 2011

Blomar og sjal.

Ikkje mykje som minner om vår i dag, det har snøa jevnt og trutt...............og me syter og klagar over den lange vinteren, men når me i kveld ser bilda frå det hardt ramma Japan, har me vel sant å sei lite å sutre over.................

Geraniumane mine som er klypte ned, kjem med nye blad............

I dag har eg sådd sommarblomar...............og planta mange avleggarar.Er so kjekt når det spirer og gror i vindaugskarmen.

Og til slutt: Sjå det flotte sjalet eg vann hjå Strikkebesta.........nydelege fargar!
Tusen takk! Det er allereie teke i bruk.....


Ha ei god helg alle!
Eg har fri og håpar på fint vèr, so det kan bli høve til ein skitur på sundag.

mandag 7. mars 2011

Mmmm......

....jammen kjekt når bonden er ferdig med Nugattiboksen........synest Tinka...






mandag 28. februar 2011

Det vart teppe......ja!

Jepp, helga har vore nytta til å sy ferdig detta.........fekk det ihop til slutt.


Str. 1,20 x 1,55.

Har quilta ein del rundt dei største rutene....og prøvd meg litt på frihandsquilt langs kanten.



Rosa fleece på baksida....lunt og godt, håpar eg.


Og du: Kjem du på besøk ein fin sommardag/kveld....me sit ute og drikk kaffi (eller noko anna godt)!....det vert litt kulsigt......DÅ skal du få slenge det rundt deg............det lovar eg.
Er igang med eit nytt prosjekt, og håpar eg har teke lærdom av feila gjorde her.
Idag er det vårleg her.....sola skin...og snøen smeltar.......
Hurra for det!

lørdag 26. februar 2011

God sundag i vente!

I dag er det hosting....harking...nysing...snufsing....osv.
Formen er ikkje på topp....langtifrå.
Frå arkivet har eg leita fram eit bilde frå sommaren som var, med flathøy på bakkane våre............er lov å drøyme......


MEN: Med fyr på peisen...kaffi i koppen.....og koseleg syprosjekt på gang har eg liten grunn til å klage.

onsdag 23. februar 2011

Roseteppe..eller ikkje.....??

Akkurat slik er situasjonen i dag....mange lappar utover.....og tvil om det nokon gong vert eit teppe, eller berre brikker, puter eller noko slikt.
Innser at eg gjorde ein gedigen tabbe når eg ikkje planla størrelsen på dei broderte lappane i forhold til resten.....

No vert det å skøyte litt "her" og kutte litt "der", for å få det ihop. (Slik kan det gå når ein er nybegynnar og overmotig)!
Men eg har ikkje gjeve opp, har fri i dag og håpar å kome litt vidare....

Ein fin tekst til slutt:
Dagen er fin!

onsdag 16. februar 2011

Omslag til quiltepermen....

Du kan tru eg storkosar meg med den nye supergode symaskina mi........kunne visst sete der inne på hobbyrommet mitt døgnet rundt.(men det går sjølvsagt ikkje.....full jobb..."litt" husarbeid og matlaging...og "litt" søvn må døgnet òg romme...)
I dag har eg sydd trekk til quiltepermen min......av eit stoff eg har hatt liggande i årevis.
Som nyvald styremedlem i quiltelaget, kan eg ikkje stille på styremøte i kveld med ein kvit plastperm...det skulle ta seg ut!

Vart no fælt so enkelt detta, då........berre ei blonde til pynt......og litt frihandsquilting.....og når du ser den skjønar du kanskje kvifor eg skal på kurs laurdag, nettopp i frihandsquilting..6 timar. Det gler eg meg til!

Og so gler eg meg veldig til i morgon, for då skal eg med gode veninner på bytur.......vert nok å saumfare sybutikkar og hobbybutikkar på jakt etter..???
Kjekt å ha noko å gle seg til!
Det håpar eg du òg har!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...