torsdag 7. april 2011
Lamminga er i gang.....
fredag 1. april 2011
Vil du vere med å feire????
Detta må feirast, og eg håpar riktig mange vil vere med.......for de skal veta at eg set umåteleg pris på alle kommentarar, berre positive, heldigvis......
Hadde sjølvsagt vore kjekt å visst kven de er, de andre som "berre" er innom òg.....
(Bilda her er av ein gradestokk eg måla i fjor). Er snart 3 år sidan starten på detta...........og etter det har eg hatt 425 meir eller mindre "fornuftige" innlegg.
Blogginga, og kontakten med deko gjev meg so mykje glede og inspirasjon i kvardagen, at eg har ikkje tenkt å gje meg med det fyrste. Sjølsagt går det litt "opp og ned" med bloggelysta,alt etter tid og "dagsform"..........men det får so vere.....
REGLANE ER DEI "VANLEGE":
1 lodd: Kommentar på dette innlegget.
2 lodd: Om du linkar til meg.
3 lodd: Om du vert følgjar (Fint om du skriv kor mange lodd)
Og har du ikkje blogg, skriv gjerne ein kommentar likevel, so er du med, men eit namn må stå under.......
Gevinsten?? Er ikkje heilt klar endå, men det vert noko heimelaga og "påskete".......
Frist: Onsdag 13. april. Velkommen skal du vere......og god sundag i vente!
Resteskål.....
Her ser du snøhaugen som ligg att nedom huset, her hakkar eg litt laust kvar dag.....vil gjerne ha den vekk, so eg kan få sett opp paviljongen til påske.
Rundt om på bøen ligg det ein god del snø endå......men i morgon er det meldt regn og 13 plussgrader, so då blir det nok storsmelting..............kryssar fingrar for at det ikkje går utover veg og tun (igjen).
Ha ei superfin helg alle!
onsdag 30. mars 2011
Tre hanar og to hundar......
Den minste er strikka etter mønsteret...i Fritidsgarn. Seinare forstørra eg dei opp, og dei to andre er strikka i Iglo........frå Trysil garn .
I dag skin sola......ein nydeleg dag...og eg har FRI!!!!!
fredag 25. mars 2011
Det går seg til........
Eg reknar med å kunne køyre bil heilt heim etter jobb i kveld.........
Men skadane på verkstaden til bonden tek det lenger tid å "fikse".....der må vegger rivast, våt isolasjon skiftast,golv takast opp osv.........med andre ord, masse arbeid.
Det er i slike tilfelle ein er glad for å ha forsikring, so det ikkje vert ei stor økonomisk belastning i tillegg.
Her sit "Lussi linselus"!
So til eit kjekt syoppdrag eg fekk........ei jente skulle på karneval på SFO, og trengde ei lita veske til småting, sminke og slikt ein treng å ha med.
Besta måtte sjølvsagt trø til, og dama bestemte sjølv kva stoff som skulle brukast...............veska skulle vere "gamaldags og heimelaga"...........nemleg....(ein bevisst 6-åring)!

Ryktet seier at den vart godtatt.......

Eit par timar til på jobb, so kan eg ta helg.......har kjøpt inn div. garn og mønster, skal riktig kose meg.........
Ha ei god helg, du òg!
tirsdag 22. mars 2011
Ei utriveleg natt........
Kan ikkje sei anna enn at det føltest dramatisk å verta vekt av ein slik telefon klokka halv fire, men stor takk til naboen som varsla oss.



Her nede ved vatnet ligg haugar med stein og grus som høyrer til i vegen.......

Denne gongen fann elva veg bort til verkstaden til bonden, og vatnet stod ca 5 cm over alle golv, før han fekk leda det vekk......

....og etterlet seg eit lag med slam overalt, både ute og inne.....

Ein litt mindre bekk fann det for godt å ta turen rett nedover bakkane............vert nokon lass med sand å spa opp att her.

Her er elva som gjekk over sine bredder i natt..............huset til dotter og svigerson står nær elva, og me fann det tryggast å vekkja dei og jentene, som i full fart fekk husrom hjå andre i familien til det lysna av dag og det heile hadde roa seg.

Med god hjelp har me fått ut mykje av slammet på verkstaden, kontor og garderobe er vaska, og det heile set litt lysare ut.....men det vil nok ta ei tid før vegen er brukande att.
onsdag 16. mars 2011
Krusunderlag.......
Iallfall har eg sydd ferdig desse to i dag, raskt og enkelt..........og kjekt.

Ein super måte å få brukt restestoff på.............
For ei stund sidan var eg so heldig å overta ein heil sekk med stoffrestar av ei dame som har sydd masse, men som no er pensjonist og ikkje ville ha det "i hus" lenger.
Flaks for meg............her har eg berre plukka or sekken.

Sommargeorginene spirer alt.........men når eg ser ut på all snøen, lurer eg på om eg har sådd for tidleg.........tida vil vise.




