søndag 8. mai 2011

8.mai-markering...og ei ganske stolt Trollkåne......


 I år var det korpset i bygda vår som stod for det musikalske ved 8.mai-markeringa på Voss.......so i dag var det tidleg på'n.........

Eg gjorde "jobben" som fotograf i høve dagen..............og  er sjølvsagt uendeleg stolt av musikarfamilien min.......på bildet under har eg markert alle "mine"..........i dag utgjorde dei 10 (av 15 musikantar):
Bonden sjølv (i militæruniform)
4 barn
1 svigerson
1 kjærast
3 barnebarn.
Eldste og yngste son.
Tale for dagen v/Prof. Ole Didrik Lærum.
Vel, detta vart visst eit uhemma "skryteinnlegg"...........var meininga, det.........
Ha ei fin maiveke.........sola skin!!

lørdag 30. april 2011

No aular det.........

...det med lam i floren......mange nye kjem til kvart døgn............sesongen er på topp.

 Det er i ferd med å "dra seg til" med å finne  plass til alle inne............
Men sjå her kor fint og grønt det er ute på bakkane. Straks før me kan sleppe ut........
 
Vèret er strålande og eg har jobbhelg.....sånn er livet!
Kos deg i godvèret!!!

mandag 25. april 2011

Nokon som veit......????????

... kvifor kommentarar  berre blir borte?
Fleire gonger har eg kommentert på andre bloggar, ser at kommentaren står der....og seinare er den borte vekk.
(Frustrerande..!!!!!!)
No kan sjølvsagt forklaringa vere at mottakaren fjernar den, men det har eg ikkje tru på.
Ved eit par tilfelle har eg nemleg fått spørsmål om kvifor eg har fjerna den igjen...........
No lurer eg på om det er andre som opplever det same?????
Og kva kan eg gjere med det??????
Då er me kome til siste påskehelg-kvelden, og no kom det regn.
Men vèret har vore upåklageleg, varmt og fint...reine sommartemperaturer, rett og slett.

torsdag 21. april 2011

Påska er "igang".......

 ....Trollkåno har pynta litt utfor døra..............greitt å ha ein fastmontert stige, som eg berre kan forandre pynten i............ei "påskeand" som eg laga for mange år sidan........

  
Påskeharen er på plass..........og nokon strikka påskeegg, av "merket" Arne og Carlos........


Ei retteleg god påske til alle gode bloggvener!!!!

søndag 17. april 2011

Syskrin frå Brukt'n ....(igjen)


 Ved eit besøk på Brukt'n på Voss sist veke, "snubla" eg igjen over eit gammalt syskrin. Det såg heller skrøpeleg ut, og min fyrste tanke var at dette er iallfall ingen ting å "dragse" med seg heim.........MEN.......det var før eg opna lòket.

Eg vart fort einig med mannen på butikken at det var ikkje aktuelt å betale so mykje for dette........
Men innhaldet derimot.......utruleg spennande..........det er noko spesielt med gamle syskrin (med innhald)...har liksom ei historie å fortelje. Tenkjer at våre "formødre" var flinkare å ta vare på ting, reparere og ordne, heilt sikkert fordi det var tvingande nødvendig. 
Spennande å "utforske" innhaldet, studere og sortere.........
Ei søt lita nålepute, slike hugsa eg me laga.......
No er syskrinet grundig grønsåpevaska .......kan visst ikkje kassere det......likevel.

torsdag 14. april 2011

Det var Elin som vann.......

Dama med bloggen Elins Strikkeri var det som vann i jubileumslotteriet mitt.Ho strikkar og heklar dei finaste ting........ta deg ein tur innom til henne.
Ho skal få desse to krusunderlaga og "skåla" /posen til snop....eller  kva ho vil bruke den til....

No må ho berre sende adressen sin  i fykande fart, so kjem det pakke snart....
Ha ein god dag, alle!

søndag 10. april 2011

Varg Veum....

......har du sett siste filmen frå den kanten, Dødens drabanter??
Den som hadde première no før helga?
Kan ikkje akkurat sei at eg er ein ivrig kinogjengar, men no berre MÅTTE eg ta meg ut..................(ilag med bonden, sjølvsagt).
Deler av filmen er nemleg innspelt i heimbygda mi......... "min barndoms dal"..........Angedalen.
På dette bildet ser du garden der det skjedde eit dobbeltdrap, og omtrent midt i bildet (bak ein haug) er garden der eg er oppvaksen.
Var merkeleg å sitje der å sjå heimbygda mi på film, og når i tillegg ein av brørne mine var statist, vart det heile endå meir spesielt.Ser at filmen ikkje har fått den beste kritikken (særleg  i Osloavisene), men for meg vart den svært spesiell.
Varg veum........alias Trond Espen Seim.

I dag har me hatt bursdagsfeiring for  yngstemann..."Oslostudenten", med nesten heile familien samla, ein god dag!
Og ute har det vore fantastisk vårvèr.....nesten 20 gr. pluss.
Då er me klar for ei ny veke.....og snart er det påske!!
Ha det so bra!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...