......kjempestolt, rett og slett...og irritert!
Stolt over yngste son, Børge.....som var solist med det lokale symfoniorkesteret Fossegrimen i går kveld.
Og irritert fordi eg ikkje får lasta opp videoen eg tok...og som eg hadde tenkt de skulle få sjå.
Når bonden og eldste son òg sat i orkesteret, var eg sjølvsagt (om mogleg) endå meir stolt........
Ein fantastisk konsert var det........
Onsdag 8 juni skal guten spele eksamenskonsert på Musikkhøgskulen (i Oslo). Då er planen at bonden og kåno skal "fyke over fjellet"......og vera med på det.....og fyka heim att same dagen.
Sjølv om eg ikkje er det minste glad i å fly, gledar eg meg verkeleg til den dagen.......er nesten sikker på at det kjem ein rapport frå den turen.
Ha ei fin veke, håpar vèret bedrar seg!!


























