...det er me.
"Bondens gull", som det heiter,......må ut på bøane.
Min jobb er å "styre" med traktoren og gyllepumpa......
.........blande og mikse......
Bonden har sprøytejobben......
...og vert det ein liten pause rekk eg gjerne nokon omgangar på eit nissetovetøflepar.
God helg, folkens.....det er vår....!
lørdag 21. april 2012
lørdag 14. april 2012
Våronn
Fleire fine dagar denne veka gjorde til at våronna kunne ta til........kjennest godt å kome "ut or hiet"......og ta fatt på utearbeidet.
For min del med å få "på plass" att all sanden/grusen som er brøytt utom vegen ilag med snøen i vinter.
Her det handemakt som gjeld.....skrape saman.....og bere opp att. Bonden føresler at eg kan skrape det lenger ned, fylle det i traktorskuffa og køyre det opp. Det har eg takka nei til (litt sta,kanskje?:) .....sabla god trim, detta!!
Som sagt: Ein nydeleg vårdag i går......og i dag er vinteren tilbake......med innesyslar.
God helg til alle!

tirsdag 3. april 2012
God påske!
Med Tinka,Lussi og litt påskepynt utom døra, ynskjer eg alle som er innom bloggen min ei retteleg god påskehelg!
Av ymse grunnar har blogginga mi lege på eit lavmål i det siste, men alt er vel......:)

torsdag 22. mars 2012
Kurs i Bergen i kveld.......
På...Quiltekroken
| Det gler eg meg til.........er utruleg kjekt å lære nye ting. Og med mi supre (nesten) nye symaskin, er det fint å lære meg litt om alle moglegheitene som er med den.Visst er det litt "styr" med 1 times togtur og ein liten taxitur (tek ikkje sjangsen på å trille maskina på brusteinen i by'n, og den er tung som bly). Med det er verdt kvar krone (og kvar time). Andre kurskvelden i kveld.......:) | |||||||||||||||||||||||||||||||||
| Kurset: Sy stitchery med vanleg symaskin. | |||||||||||||||||||||||||||||||||
| | Les mer | ||||||||||||||||||||||||||||||||
tirsdag 13. mars 2012
Guterommmet skal pussast opp....
Dette var skikkeleg flott syntest me, for sånn ca 15 år sidan. No er guten voksen, har fått større rom og dette vert brukt som gjesterom,og er ikkje SO tøft til det bruket :). Er (som du skjønar) ikkje den ivrigaste på å pusse opp/måle, men no må det berre til......
Det fyrste er sjølvsagt å få vekk den borda som går rundt nesten heile rommet........finst vel berre EIN måte å gjere det på: skrape, bløyte opp limen, skrape, bløyte, skrape......eller? Har du eit godt råd ,so dette går lett som ein leik???
Puh....eg glad det ikkje er ein heil vegg (eller fleire) med tapet som skal vekk......
Ha det so bra!
Tilføying: Takk,Ruth....for det gode rådet. Det var det eg visste, at her kan ein få hjelp til det meste.
Når eg tenkte meg skikkeleg godt om, kom eg på at ein slik dampvaskar har me ståande i kjellaren. Den har ikkje vore i bruk sidan førre hundreåret. No har den kome fram att....og det funkar.Eit par meter av borda er allereie vekke, men no må eg på jobb.
Ha det igjen:)

søndag 11. mars 2012
Ganske crazy.....
På møte i quiltelaget sist veke vart det vist fram eit fantastisk fint teppe........laga av berre restar i crazy quilt.......uten noko spesielt mønster eller fargesamansetjing." Detta er noko for meg", tenkte eg.......tenk å berre dra fram litt stoff,sy, stryke ut.......ny strimmel, sy, stryke ut...........uten å tenkje (noko særleg) hverken på størrelse(breidde)...eller farge.
Kom seint heim den kvelden, men MÅTTE berre prøve....og dermed vart det sying til utpå natta.... for detta var kjempekjekt. EIN ting har desse blokkene felles.....svart i midten. 4 blokker er ferdige.........planen er å lage eit teppe......
No har eg nett sett på YouTube ........å hildrande du kor masse flott crazy quilt.
Her er masse å ta av......
Til helga er det årsmøte i Norsk Quilteforbund i Bergen, trur eg skal ta meg ein bytur på laurdag og sjå på utstillinga......og der skal visstnok quiltebutikkar frå heile landet ha stand ............mange freistingar:):)
Ha ei fin veke alle!

lørdag 3. mars 2012
Sauene er klypte...........
....av ein "hengande" saueklyppar. Ein slik innretning har me ikkje sett før.......ein slags bøyle med eit "belte" under, som klypparen brukar.....er nok mindre belastning for ryggen med denne.
Som vanleg leiger me ein profesjonell klyppar, og denne gongen var det ein dyktig mann frå Skottland som gjorde jobben.
Små og store i familien stilte opp med "henting og bringing" av sauer, og sortering/pakking av ull,det heile var unnagjort på eit par timar.
I kveld inviterte me alle på pizza...som takk for god hjelp.
God sundag i vente!

Abonner på:
Innlegg (Atom)