Men å gå rundt på Stoff og Stil utan å la seg freiste er rett og slett komplett umogleg . Eit par meter med brune stoff og eit rustfarga mede søte grisar måtte eg berre ha........har ein plan med desse.....
Svippa sovidt innom Fretex òg...utan å finne noko i dag. Derimot var eg innom på ein anna butikk der i området og kjøpte garn. Ikkje til meg sjølv, men meir på oppdrag.
Heile 21 buntar kjøpte eg, og sidan alt garnet er -20% for tida, var eg særs nøgd med handelen........heilt til dama i kassen sa kva det kosta.......kjapp hovudregning, og eg skjønte at noko var feil. Då var eg komen nesten til utgangen, eg bråsnudde, fann ein stol og tok opp alle buntane for å telje ein gong til (- og sjekke kassalappen).

Konstaterte at eg hadde betalt for 10 buntar meir enn eg hadde i posen. Tilbake til kassen.....
Eg: Eh, lurer på om eg har betalt for mykje....
Dama:.....her er det feil.....116 kr tilbake...
Eg:(idet pengane ramla ned i skåla): Tusen takk!
Dama: Værsågod!
Poenget er ikkje at eg er so spesielt høfleg, men: Hadde det det ikkje vore på plass med ein bitteliten beklagelse. Sjølvsagt kan alle gjere feil (og gjer det)....men eg synest det er berre vanleg folkeskikk å beklage når ein har gjort feil.
Dette skjedde ein halv time etter butikken hadde opna, so det var ingen unnskyldning at ho var trøytt etter mange timar..............eller kanskje ho ikkje var komen skikkeleg i gang?
Dei som har slike yrke (+ andre òg) skal vere serviceminded......forventar me ikkje det?
Aldri so gale......osv.......so vart det noko å lage innlegg i om dag òg. Hurra!
Ha det so bra!