tirsdag 31. mars 2009

Prosjektoppdatering....

Det går framover med oppussinga.......om enn ikkje so fort som eg skulle ynskje. Måling tek tid.......og på panel er det ein lang prosess, med kvistlakk, grunning og måling.
Er ferdig med dei to fyrste "operasjonane" og manglar berre eit strøk måling ( eller kanskje eg må ha to). Når eg tenkjer på at alle glaskarmar og lister skal målast er det nesten so eg lure på om eg vert ferdig til helga......møblementet i stova pr. i dag er tre stolar og eit bord....litt stusseleg å ha det slik i påska, nei, eg må nok få farten opp på rulle og penslar.

Det sist påbegynte syprosjektet mitt har rimelegvis stoppa opp litt no .......har sydd ganske mange firkantar....men ikkje sett saman noko.......

Då går det bedre med hekleborda, den har "passert" 4 meter.......
Lydbok er kjekt enten eg målar eller syr.....er nett ferdig med denne serien, som er vel meir so ein klassikar å rekne...

Ha det so bra i regnet!

søndag 29. mars 2009

Trekkinga er føreteken.

I høve 10000 besøkjande på bloggen min har eg tillyst ei loddtrekking, med ein sydd pose til premie. Som trøstepremie har eg sydd to hjarte med roser på......
Trøstepremien gjekk til ei dame uten blogg og heiter Ellinor Aspdal Hansen.

Den sydde posen går til Anne Berit. Denne dama har to fine bloggar: ein med mest bilde av dei to flotte hundane Titti og Toya, og ein fotoblogg

Nesten førti kommentarar på dette innlegget....fantastisk kjekt!
Nokon av desse er heilt nye for meg, og no gler eg meg til ein gjenvisitt.
Ha ei god veke og nyt dei lyse kveldane me har fått!

torsdag 26. mars 2009

Vil du vera med....

på ei lita trekking her hjå meg??
Ganske snart rundar eg 10000 besøkjande på bloggen min....etter at eg fekk teljaren på plass. Eit fantastisk tal eigentleg, sjølv om mange bloggarar kan skilte med heilt andre mengder besøkjande. Hjå meg har det iallfall auka smått om senn, og når eg nokon dagar ser at 70-80 forskjellige personar har vore innom, lurer eg verkeleg på kven dette er. (utenom dei som legg att kommentar, då).......sjølvsagt er det nokon eg veit om, som slekt, vener,folk i bygda osv.

Men alle dei andre, då?......
Kjekt er det...med mange på besøk!
Dette må feirast og då håpar eg at du legg att ein kommentar på dette innlegget, so er du med i trekkinga
.
Er ikkje noko storveges premie eg har å skilte med....har sydd ein pose med bilde på...det fine stoffet med roser, er kjøpt frå USA.


Kan brukast til ting og tang, på syrommet, badet eller der den måtte passe...

I tillegg har eg ein anna premie , meir so ein trøstepremie......Og hugs, du som ikkje har blogg kan òg vere med.........skriv i kommentarfeltet og kryss av for anonym, må sjølvsagt ha eit namn....
Trekkinga vert sundag kveld.

Denne flotte har eg fått hjå Lille meg....er den ikkje nydeleg?
Tusen takk!

Det stundar mot helg og den håpar eg vert god for deko alle!
Ps. eg skal måle veggar.....Hei og hå!

onsdag 25. mars 2009

Eit sikkert vårteikn...

.......hjå oss er lamminga....I går kom dei fyrste, riktig nok litt for tidleg, men friske og fine.
Og no går det slag i slag til uti mai.....mange bønder synest dette er den mest fantastiske tida heile året....eg må med skam tilstå at eg er ikkje einig.

Sjølvsagt er det eit lite under kvar gong og so lenge alt går rett føre seg ( og eg kjapt kan få bonden på plass) kan eg godt passe på i lamminga. MEN hvis han må eit stykke avgarde på jobb, eg har ansvaret og fødselen ikkje ser ut til å gå heilt normalt, DÅ er eg ikkje "høg i hatten"....

Dette er mest bonden sitt departement....han "fiksar" vanskelege fødslar og andre problem som måtte oppstå ....dessuten beheld han roen uansett ....Og takk for det!. Men ei travel tid er det....
Dei er no fine, då!

Håpar kvelden vert god for alle der ute!
Foresten: Stovegolvet har fått 3 strøk med lakk no! (Ville berre nemne det!!!)

mandag 23. mars 2009

Hekla blonde og rosestoff.

Har sett igang med eit sy/hekleprosjekt som har vore planlagt ei stund.......hekledelen består av mange meter hekla blonde...nærmare 7 meter har eg rekna ut.

Trådmerke for kvar ferdig meter.
Blondekanten skal kombinerast med desse stoffa.......nokon har eg hatt liggande lenge, andre er nyinnkjøpte.

Etter å ha sete i "timevis" og beundra dei fine lappedukane hjå Mias Landliv berre måtte eg prøve sjølv. Ikkje slik å forstå at eg trur eg kan matche det den dyktige dama gjer, men eg fekk so lyst å lage min eigen.

Hvis du trudde at du slapp unna oppussingsprat i dag, må du tru om att. Nei, her skal kvar minste ting "offentleggjerast". Ligg faktisk litt føre skjema, fekk vaska både før og etter jobb i går....og bonden vekte meg klokka seks i dag tidleg (etter avtale) slik at eg fekk teke resten då.
Hadde nemleg lova meg bort på barnepass nokon timar, sidan barnehagen var stengt.
I ettermiddag, før jobb rakk me å lakke fyrste strøket........var kjapt gjort når bonden trødde til òg.

Berre to strøk til (og venting i 48 timar etter det ) so kan me flytte inn att. I mellomtida kan eg hekle....og sy....tralala..
Ha det godt heile veka!

lørdag 21. mars 2009

Ei lita oppdatering....

..seint på laurdagskvelden. Heile dagen har eg lege på alle fire med ei støvsky rundt meg.....pussa og pussa...og pussa ...på stovegolvet. Men no er eg ferdig...og du hendelse kor godt det kjennest. Har støvsugd det som går an å få opp med støvsugar og begynt å vaske. Jippi !!!!!

Laurdagskvelden har gått til vasking og ca 1/3 av stovetaket er ferdig ( Jau, alt må vaskast).
Ikkje so mykje å vise bilde av detta......difor gjekk eg i arkivet og fann eit sommarbilde frå ein av turane til fjells for å sjå til sauene sist sommar.........å, det er kjekt, det.


No har eg pizza på gang...og jammen trur eg at eg må unne meg eit glas raudvin i kveld, berre for å feire, liksom.
I morgon er det jobb det meste av dagen......fleire handballkampar i hallen, so meir vasking vert det ikkje før mandag.
Ha ein god sundag kva du no måtte finne på!

torsdag 19. mars 2009

Golvpussing.

Fyrste "etappe" i stoveprosjektet er pussing og lakking av golv, og i dag har det meste av dagen (før jobb) gått med til å ligge på alle fire og pussa. Desse to kjekke "dingsane" gjer jobben, eg berre "styrer" dei........men det tek tid, var nok litt for optimistisk då eg sette opp tidsskjema. Må ha minst ein dag til før pussejobben er ferdig. Og du hendelse kor masse støv......men det er igrunn godt å ta det "verste" fyrst.
Heldigvis har bonden ein stor, kraftig støvsugar på verkstaden sin.....den er særdeles effektiv...
Den delen av stova der det ikkje skal målast (og lakkast) er stabla full av møblar, og plast dannar vegg mot støvet.
Konklusjon: ikkje det minste koseleg heime med alt på "hovudet", men det er vel prisen ein må betale......det skal bli so fint atte....
s
Ynskjer alle ein koseleg torsdag kveld!
Og veit du kva? Idag har eg hengt sengkle ut på snora, det må vel vere eit vårteikn?
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...