søndag 17. mai 2009

HURRA!!!

Dette er vår start på dagen!
Far og son spelar Norge i rødt, kvitt og blått ved flaggheising heime kl. åtte,
(før bunaden er komen på)
Russe guten har ikkje hatt blund på augo i natt....men stiller opp.

Sola skin og det ser ut til å bli ein flott dag!
Ha ein fin 17.mai alle!

fredag 15. mai 2009

Det står ein kvitmalt benk....


...i hagen. Ein ekte bedehusbenk er det......Tidleg på nittitalet var det nemleg ein gjeng pensjonistar som gjorde ein stor jobb og moderniserte bedehuset i bygda.
Dei gamle benkene vart bytta ut med stolar og soleis gjekk det til at me fekk denne. Den har stått i løa i årevis, men i går fekk eg "ånden" over meg og dragsa den ut, vaska, pussa og måla.

Stoff frå Jysk vart til puter og teppe.......teppet er vattert med fleecepledd som NSB so generøst har spandert.....

Her kan bonden og kåno sitje og sjå utover bygda.......men bonden sit ikkje lenge om gongen, kan eg forsikre........(ganske irriterande med den dumme telefonstolpen, foresten).


Ynskjer deko alle ein strålande 17.mai!!!
Yr.no seier me skal få o,3 mm nedbør på sundag....kan vel ikkje vere meir enn ei halv regnbyge, det....

tirsdag 12. mai 2009

Dagens foto.... og konkurranse..

Vart ikkje so lite overraska då eg opna lokalavisa i dag.........
Dagens foto var det bildet eg sende inn sist veke......av eit av dei fine lamma våre.
Som du ser er det same bildet eg har i headingen på bloggen.
Detta var no litt stas!!

Konkurranse hjå Alvas Hobby......bli med......

mandag 11. mai 2009

Russ ingen adgang.

Etter ei hending sist laurdag har eg tenkt ein del på dette med russefeiring.
Hostoria er slik: Yngste son som er russ i år var på øving med Unge Musikere i Bergen.Etter øvinga hadde dei ( han+ 2 andre, òg i russekle) litt tid før heimreise og tenkte dei ville kjøpe is og kaffi.
Den nærmaste plassen dei såg var TGI Friday's.......
Idet dei kom inn døra vart dei stoppa av ei dame som sa at ho trudde ikkje dei adgang der, men ho skulle spørja sjefen.
Ei noko myndigare dame dukka opp og sa heilt klart at der var ikkje adgang for russ....
ungdommane vart sikkert litt forfjamsa, men spurde kvifor????

Svaret var enkelt:"Det er vår policy"
Må unekteleg sei eg har lurt på ein del ting denne helga:
Har verkeleg russen so dårleg rykte på seg?
Og er det med rette?
Kan sjølvsagt vere akkurat denne plassen som har "dårleg erfaring" med russ......
Er dette vanleg andre stader?
Og so midt på blanke formiddagen?
Jau, me har vel alle høyrt historiar om russen sine meir eller mindre "grove"påfunn..........skremselshistoriane er mange......

Håpar alle russegutar og -jenter kjem "heilskinna" gjennom denne siste veka med feiring, før alvoret innhentar dei og eksamen står for døra........
samstundes håpar eg alle bekymra og søvnlause foreldre snart kan få att natteroa!!!

lørdag 9. mai 2009

Troll på ski...

Eg har samla fleire par med gamle treski gjennom siste åra. Nokon har eg funne på bruktbutikk, andre har eg fått. Har tenkt at ein gong skal eg finne på noko å bruke dei til....For ei veke sidan fekk eg fleire par, då dotter og svigerson rydda i uthuset sitt.Og dette er verkeleg gamle ski.....
Denne veka har det regna i strie straumar, kaldt og surt har det vore.......og dermed har eg "lurt" meg til nokon stunder på hobbyrommet.
Har målt trollfigurar oppetter skia.......og nokon rare kråker......
Festa på ein gradestokk so kan den liksom vere til litt nytte òg.....

Dei gamle bindingane har eg behelde...synest dei er so flotte, rusta og med skinnreimar.....



Ein god sundag til dykk alle!!!!!
Frå mandag er sola tilbake, lovar dei på Yr.no!!!!!

torsdag 7. mai 2009

Russ 09


Yngstemann er russ i år og russeutstyret (selebukse, hettegensar, hue osv) var bestilt i god tid og har lege på rommet i påvente av at "rabalderet" skal starte........MEN.. bokstavar til å stryke på buksa hadde han ikkje tenkt på..... og ikkje var det tid å bestille på nytt.
Kan ikkje gå rundt i ei bukse "uten identitet"......Nei, det skulle ta seg ut.....
Dermed måtte me finne andre løysingar.....hans sjølv skreiv ut bokstavar i passeleg
størrelse og deretter måtte mor trø til......med ein bit kvitt stoff, applikasjonspapir og nål og tråd vart "oppgåva" løyst i løpet av natta.....( det tek si tid å sy små sting rundt 5 store bokstavar).


Håpar han reiste glad og fornøgd på skulen i dag.......eg måtte sove litt "frampå" etter "jobben"....men kva gjer ein ikkje for sine "håpefulle"?
No skin sola!

mandag 4. mai 2009

Lappeduken er ferdig....

Har vore særdeles lite "inneting" på planen i det siste.( bortsett frå vanleg (kjedeleg)husarbeid)....sjølvsagt skuldast det dei fine forholda ute.....
Men i dag tidleg var det riktig surt og kaldt, og eg tok meg litt tid og sydde heklekanten på duken.
No ligg den fiks ferdig på bordet...








Fann straks fram stoff til ein ny duk........men besinna meg og la dei tilbake i hylla.........er ikkje tid for meir sying nett no.
Me "sjåast"!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...