.....er kome i hus.........og kanskje eg har fått meg ein ny hobby?Det har vore i tankane av og til.....at ei strikkemaskin hadde vore kjekt å ha......det som "utløyste" det heile, var ei annonse i lokalavisa;"Strikkemaskin til salgs".......MEN....det var ikkje so enkelt, nei.
Fekk ikkje noko svar når eg ringde (mange gonger)......men eg VILLE ha NO..... tok eg ein telefon til systra mi der oppe i Nordfjord......for ho hadde ei strikkemaskin ståande på loftet (og der har den stått lenge...) det visste eg.....og den kunne eg få låne......tusen takk!Enden på visa vart at eg tok bussen nordover og henta maskina.....foresten ein super måte å reise på...med buss.....eg strikka, drakk kaffi og riktig storkosa meg heile vegen.
Nokon dagar seinare fekk eg besøk av ei veninne (og tidligare nabo) som er ei erfaren maskinstrikkerske......og dyktig i "faget"...................no er eg i gang......dvs. har ikkje akkurat vore vèr til å sitte inne med slikt no i det siste........men når det vert dårleg vèr..DÅ........
Resultat so langt: Mange prøvelappar, 1/2 ullbukse og eit par sokkar.....
Har ikkje so kjempestore ambisjonar , men håpar at eg skal strikke litt ullbukser og andre "enkle" ting.....Heilt sikkert andre bloggdamer som strikkar på maskin......gjer du? eller kjenner du nokon? Glad for tips!
Ha ein fortreffeleg onsdagskveld!