onsdag 29. september 2010

Betongblad....

Denne veka har eg støypt store blad................ei enkel sak.
Rakte berre nokolunde flatt underlag ( i sandkassen..), fann blad....eit rabarbrablad og eit eg tok av ei plante i hagen, som eg ikkje veit namnet på.
La blada på sanden, blanda ferdigbetong og vatn til passeleg blanding (+fiber..)og dekka bladet....deretter eit lag plast på toppen....
Let det ligge slik eit par døgn......ferdig.


Desse er ganske stor, mellom og 30 og 40 cm kvar veg.

Dei er berre eit par cm tjukke, og må nok stå mest til pynt.

Ellers går den andre støypinga sin gang.............ugraset må stadig vike for stein og betong.
God onsdagskveld!

lørdag 25. september 2010

Tinka tek ansvar.

Etter at me miste gjetarhunden Teddy for ca 3 mnd sidan, var me spente på korleis det skulle gå i sauesankinga i år. Tinka var riktig nok begynt å trene, men korleis ville ho takle det når ho skulle gjere jobben på eiga hand?


Den svarte flekken heilt til venstre er Tinka som jobbar.


Men ho innfrir forventningane og vel so det, er rett og slett kjempeflink.......og bonden er storfornøgd.
Jobben er gjort, og ho kan slappe av ilag med Lussi, som er totalt ubrukeleg som gjetar.

I dag har me hatt ein strålande dag, bonden har vore på sanking.........og eg på jobb. ...og slik vert det i morgon òg. Skulle so veldig gjerne vore med til fjells, men slik er det........
Me manglar framleis mange sauer, so det kjem nok fleire sjangsar........

God sundag til alle!

lørdag 18. september 2010

Ops....no gjorde eg det igjen......

...kjøpte eit gammalt syskrin. Her meire enn nok av det slaget, men her om dagen var eg innom Brukt'n på Voss, og der stod det.........og eg fall for freistinga..igjen. Skikkeleg fint er det......bortsett frå det blå lòket, men det går an å gjere noko med.

No har det fått skikkeleg grønsåpevask, og det trengdest............
Innhaldet er sortert, noko er kasta og noko er teke vare på....

Patentar og hekter av ymse slag, veit ikkje om eg får bruk for det........

Skulle eg få lyst å sy meg ei drakt, har eg iallfall mønster........

..prisen seier vel litt om kor lenge det har lege der.........


..litt i tvil om eg hadde kome so langt med denne billetten i dag........

...utruleg kva ein finn i eit gammalt syskrin.......

God helg til alle gode bloggvener og andre vener!!!
Er vèret nokolunde i morgon, vert sauesankingtur...

lørdag 11. september 2010

Støype, støype.....

Etter diverse meir og mindre vellukka støypeprosjekt, er eg no gått laus i blomsterbedet...med betong og stein.
Planen er rett og slett å "støype ned" ugraset....ein genial idè, spør du meg.
Ryddar vekk ugras, legg på fiberduk...og støyper fast elvestein.
Kunne sjølvsagt brukt bark innimellom staudane, men eg likar betre stein og betong.

Høne og hane har fått plass på ein liten "avsats" med betar av skifer.

I opningar her og der skal staudane få vekse...........

Er heilt i startfasen,og planane er mange.....kanskje ein liten "sildrebekk"?....eller ein dam?........

Nett no er det ausande regn, og ikkje støyping i dag.........

Har fyrt i peisen og trur eg riggar meg til med "nissemontering"...snart jul(-messe), veit du.....
Ha ein fin laurdagskveld og god sundag i vente!

lørdag 4. september 2010

Innom som snarast...

..for å fortelje at i dag har gode bonden og eg 39 års bryllupsdag!!

Fin bukett...sjølv om bonden ikkje var for nøgd med utvalget i roser hjå blomsterhandlaren...

Men gule roser er fint, det òg!

Tusen takk, du er den beste!!!!
God helg til alle!!!!!

mandag 30. august 2010

FOR ei helg det vart..med opptur...og nedtur.

Balkanfesten vart nett so fantastisk fin som me hadde håpa på..... Tenkte å kome med masse fine bilder i dag, men det vart ikkje heilt som eg hadde tenkt, nei...
Men nokon har eg....
Frå paraden på laurdag der lokale musikantar deltok saman med svenske Süperstar orkester, etter at dei hadde hatt workshop fredag kveld...

Srdjan Azivors Orkester......eit vaskekte messingorkester frå landsbygda i indre Serbia.......



Den heile lammeskrotten er snart klar for grillen...

Fleire og fleire MÅTTE etterkvart danse til dei fengjande rytmane.....


Stor stemning i Gato utpå kvelden.....

So til sundagen, som vart nedturen.........me var tre veninner som skulle på Kjerringtorget på Nesbyen........og glade og optimistiske sette me oss på toget frå Voss kl 9.07.

Billettar var kjøpte på nettet tidleg i veka, og alt skulle vere i "skjønnaste orden".
Men konduktøren var litt meir i tvil om akkurat det, og etter å ha studert kvitteringa mi nøye, kom han til at eg hadde kjøpt billettar til feil dag, also laurdag.......at går an!!!

Etter endå meir studering kom han til at me kunne sitte på plassane heilt til Gol.....og stå resten......og me slapp kjøpe nye billettar......Takk!

Framme på Nesbyen ausa regnet ned, faktisk hadde det regna so mykje om natta, at 12 salsbuer hadde "bukka under", og utstillarane hadde naturleg nok pakka og reist.
Fleire dreiv og pakka ned då me kom, og klokka fire då det eigentleg skulle stenge var det nesten ingen igjen. Me trava rundt for å få med oss mest mogleg, våte og kalde etter kvart.......og til slutt søkte me ly på ein kafè, der sat me i 3,5 timar.....og varma oss.
Me fekk vera med toget heim att òg , heldigvis.........
.....og dersom du framleis heng med, vil eg ynskje deg ei fin veke!!!!


lørdag 28. august 2010

Balkanfest i bygda.....

I går kveld braka det laus med Balkanfesten i bygda vår.....og ekte Balkanmusikk ljoma mellom fjella.......
Desse bilda er frå fredagskvelden, då me gjorde klar gato vår til fest. Ein kjempestor dugnadsgjeng var i sving............

Trollkåno måtte tøffe seg litt og gå høgt i stegen.........


Det store teltet og scenen under arbeid.......

Her trengs det sterke karar.......

Då er her klart til fest.........
Vil du sjå meir om Balkanfest, kan du lese her......eller du kan høyre på nettradio, frå torsdag kveld......Kveldsåpent på Nrk P1....litt over kl 21......intervju med festivalgeneralen ( der får du òg vete kvifor nettopp Balkanfest her....)

Ei hektisk helg er det.....i morgon set eg meg på toget til Nesbyen og Kjerringtorget, saman med gode veninner.......
Men fyrst vert det fest heile dagen (og halve natta)....
Ha ei god helg du òg!
Ps. Fleire bilder frå festen kjem......når me er komne til hektene igjen...uti veka::)
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...