Har faktisk sydd bittelitt sist veke, eit par mapper til rundpinnar. Desse er ca 26 cm i diamter og rommer minst 25 rundpinnar. Mønsteret fekk eg på eit møte i quiltelaget, og er frå Anne Kari Quilt og Søm.
Synest desse stoffa passa so fint til desse mappene, både det med garnnøstena, òg kjøpt hjå Anne Kari, og dei søte pusane frå Olaug.s Quilt.Ha ei fin veke alle der ute!
















