lørdag 7. juni 2008

Det fyrste innlegget

Hei.


No vil eg òg ut i den store,mangfaldige,spennande og kreative bloggverda.Med ei datakyndig (og tolmodig) dotter som læremeister skal det nok gå bra. Og kva er vel meir naturleg å starte med enn vèret,flott som det er..Den finaste mai i manns minne,seiest det..


Ypperleg klestørk,iallfall.



Men som vanleg har medaljen ei bakside. Brunsvidde bakkar er resultatet av den fine mai..Og mange stader der graset skulle stå grønt og frodig,er det lite og inkje å slå.Trur nok det nærmar seg katastrofe for mange bønder. So med fare for å verta sett på som gledesdrepar,håpar eg på regn,skikkeleg rotbløyte.




For kva skal desse to leve av til vinteren? jaja, hvis dei ikkje er vorte til pinnekjøt,då.




God helg!

Ingen kommentarer:

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...