lørdag 26. juli 2008

Hu hei, kor er det vel friskt og lett...


..opp på fjellet., heiter det i songen.No ligg ikkje stølen vår akkurat på fjellet, men høgt nok (ca 550 m.o.h.) til at lufta er både friskare og lettare enn nede i bygda. Spesielt på slike varme dagar me har hatt i det siste. Stølsdrifta var slutt for ca 40 år sidan,men heilt til dei siste åra har me slege og turka graset. Og når godveret slo til igjen no, vart det stølsslått. Stølshuset, eller sèlet er over 100 år gammalt og har stått nærmast uendra sidan det var bygt.










Døra inn til floren er sliten av " tidens tann."



Etter å ha vaska ut daue fluger og muselort kan me pynte litt, og det vert retteleg koseleg



Lenge sidan det har vore rømmekolle i desse...


Budeia måtte nok tidleg på beina......heilt sikkert før halv åtte...


Trolldans


Ei gammal bjørk har gjeve tapt for ver og vind.


Mange fine blomar veks der oppe..



Ha ein solrik og varm sundag!








5 kommentarer:

Anonym sa...

Så koseleg de har da på stølen !!!!!

Nikoline sa...

Dette såg fristande ut! du skulle brukt stølen heile sommaren og levd livets glade dagar kan du skjønna!

Anonym sa...

Heilt einig med Nikoline !!

Berit T sa...

For en herlig plass, og trolla danser...!! Her kan en nyte livet, kos dere masse!!!
Sommerklem herfra.

Besta sa...

Artig med de trollan. Har laget et slik dørskilt til min eldste sønn. De har fire barn så det ble jo hele familien. Ikke at de er noen troll, men de ville ha trollmotiv.

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...