Laurdag gjekk loppemarknaden "vår" av stabelen. I år var det eg som tok imot telefon frå dei som ville gje frå seg ting og tang.. Mange hyggelege samtaler, og folk vart svært fornøgde når me kom på døra og henta det dei ville kvitte seg med. Dette må vera det ein kallar ein vinn-vinnsituasjon.
Klarde å sikra meg nokon ( i mine auger) godbetar, som dette syskrinet.
Dama som gav det,sa at det er over 90 år gammalt.
Ein fin, gammal brodert duk.
Og endå ein duk. Denne har litt applikasjon og innfelt hekling.Kjempefin!
4 kommentarer:
Gratulera med blogg!
Så flotte kupp du har gjort!
Den nederste duken var nyydeleg!Fann berre eit kakefat eg denne gongen..
-N-
Nydelege ting du fekk tak i på loppemarkedet! det syskrinet er jo midt i blinken!
ja, loppemarked er ein fin ting!
Det syskrinet var knallfint! Og dukane likeså :)
fiine dukar . tenk at folk gje vekk so fine ting . salt og pepar setta har eg ikkje heilt oversikt over .
ingrid
Legg inn en kommentar