lørdag 31. desember 2011

Takk for i år..!

Berre timar  att av gamleåret, pinnekjøtet står på kok.......og bordet er dekka.
Nyttårsaftan, ein dag til  ettertanke......over eit år med mest gleder, men òg sorg.........slik det vel er for dei fleste.

Takk for dette året alle gode bloggvener,takk for alle kjekke kommentarar  og all inspirasjon. 
Kjekt med alle stikk innom, sjølv om eg ikkje veit kven du er.......(ser det på teljaren)
Ang. blogginga har det vore ein heller laber haust, langt mellom innlegga osv.
Men eg vil ikkje gje meg, håpar på ny inspirasjon i det nye året!                      Godt nytt år til alle!

tirsdag 27. desember 2011

Romjol-strikk.


                                   God romjol, folkens!
Håpar de har det bra....og at Dagmar ikkje har gjort skade på hus og heim. Me var straumlause i eit halvt døgn, men ellers har det gått bra. Det voldsomme regnet i går ødela  tunet og vegen vår, men det meir so vanleg her.
Før jol fekk eg eit kjekt strikkeoppdrag........Englevottar.
Dei er designa av Jorid Linvik, og mønsteret er kjøpt i mønsterbutikken hennar.....der er masse fint.
                       Veldig kjekt å strikke noko anna enn nissehuer no!
                               Ha det so bra!

fredag 23. desember 2011

God Jol !

Ynskjer deko alle som er innom bloggen min ei retteleg god jol!

                   So "snakkast" me i romjola!

tirsdag 20. desember 2011

Hei!

Jau, eg er her........vert berre litt langt mellom innlegga no i julestria. 
Trur me er so nokolunde i rute. Kakene er i boks, gåvene er ikkje "i boks", julevasken er snart "i boks"......og pyntinga gjer me vetlejulaftan, slik me pleier.
Sist sundag var det jolekonsertdagen, fyrst på Amfi Voss med Vossagospel og gospel kidz. Bildet er av eit av barnebarna som var solist.........sju år og kjempeflink!
 

Om ettermiddagen var den tradisjonelle jolekonserten i kyrkja her........vakker som alltid.
Denne sundagen var mann, 4 born,2 svigerborn ,1 kjærast og 7 barneborn "i aksjon"..........og kone,mor,svigermor  og Besta sat i salen og var umåteleg stolt, kan du vete!!!
Her er aspirantgruppa i musikklaget, (jenta til venstre er eit av barneborna)..........flinke, modige jenter....i ei fullsett kyrkje.
Detta var alt for i dag......eg må til Voss og kjøpe  jolegåver!

tirsdag 13. desember 2011

Hallo folkens......no kjem TV-programmet....

....om Balkanfesten (i slutten av august), om bygda vår....og om Jørn ( nest eldste son), som hadde  idèen og  drog det heile igong. Me er sjølvsagt utruleg spente på kva som kjem med i programmet.Etter at NRK filma i "dagevis", skal det bli spennande  å sjå korleis dei har "kokt det ned" til eit halvtimes program.

Programmet går på NRK 1 torsdag 15 des.  kl 22.30.
Her kan du sjå litt omtale .    Balkanfest
Og skulle du etter å ha sett programmet få lyst å kome på Balkenfest neste år, sett av  24.-26 august 2012.
Sjølvsagt kan du kome ellers i året òg.........du kan overnatte på  Patina, veit du.........
Ha det so bra!

mandag 12. desember 2011

Nissemor skal ut og reise.......

.......til Ringerike skal ho dra..........
.til Lena Karen med bloggen LekaQuilt.......
Gratulera!

fredag 9. desember 2011

Kva gjer mor...??......

 ......når vetleguten (Oslostudent på 3. året) kjem heim og og litt sørgmodig konstaterer at  "alle dei andre"(dvs kjærast og fleire kameratar.) har pakke-kalendar, medan han "berre" har med sjokolade?
Jau, då går mor i kjellaren, leitar fram den gamle kalendaren.....handlar inn litt ymse, pakkar inn..... henger opp, og vips!..... er den klar til i morgon!!
No  vert nok guten glad!

Ei retteleg god helg til alle!

tirsdag 6. desember 2011

Ein vakker vinterdag......

                                                 .....med  "jolakortstemning".......

                      God adventstid til alle!

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...