mandag 30. august 2010

FOR ei helg det vart..med opptur...og nedtur.

Balkanfesten vart nett so fantastisk fin som me hadde håpa på..... Tenkte å kome med masse fine bilder i dag, men det vart ikkje heilt som eg hadde tenkt, nei...
Men nokon har eg....
Frå paraden på laurdag der lokale musikantar deltok saman med svenske Süperstar orkester, etter at dei hadde hatt workshop fredag kveld...

Srdjan Azivors Orkester......eit vaskekte messingorkester frå landsbygda i indre Serbia.......



Den heile lammeskrotten er snart klar for grillen...

Fleire og fleire MÅTTE etterkvart danse til dei fengjande rytmane.....


Stor stemning i Gato utpå kvelden.....

So til sundagen, som vart nedturen.........me var tre veninner som skulle på Kjerringtorget på Nesbyen........og glade og optimistiske sette me oss på toget frå Voss kl 9.07.

Billettar var kjøpte på nettet tidleg i veka, og alt skulle vere i "skjønnaste orden".
Men konduktøren var litt meir i tvil om akkurat det, og etter å ha studert kvitteringa mi nøye, kom han til at eg hadde kjøpt billettar til feil dag, also laurdag.......at går an!!!

Etter endå meir studering kom han til at me kunne sitte på plassane heilt til Gol.....og stå resten......og me slapp kjøpe nye billettar......Takk!

Framme på Nesbyen ausa regnet ned, faktisk hadde det regna so mykje om natta, at 12 salsbuer hadde "bukka under", og utstillarane hadde naturleg nok pakka og reist.
Fleire dreiv og pakka ned då me kom, og klokka fire då det eigentleg skulle stenge var det nesten ingen igjen. Me trava rundt for å få med oss mest mogleg, våte og kalde etter kvart.......og til slutt søkte me ly på ein kafè, der sat me i 3,5 timar.....og varma oss.
Me fekk vera med toget heim att òg , heldigvis.........
.....og dersom du framleis heng med, vil eg ynskje deg ei fin veke!!!!


lørdag 28. august 2010

Balkanfest i bygda.....

I går kveld braka det laus med Balkanfesten i bygda vår.....og ekte Balkanmusikk ljoma mellom fjella.......
Desse bilda er frå fredagskvelden, då me gjorde klar gato vår til fest. Ein kjempestor dugnadsgjeng var i sving............

Trollkåno måtte tøffe seg litt og gå høgt i stegen.........


Det store teltet og scenen under arbeid.......

Her trengs det sterke karar.......

Då er her klart til fest.........
Vil du sjå meir om Balkanfest, kan du lese her......eller du kan høyre på nettradio, frå torsdag kveld......Kveldsåpent på Nrk P1....litt over kl 21......intervju med festivalgeneralen ( der får du òg vete kvifor nettopp Balkanfest her....)

Ei hektisk helg er det.....i morgon set eg meg på toget til Nesbyen og Kjerringtorget, saman med gode veninner.......
Men fyrst vert det fest heile dagen (og halve natta)....
Ha ei god helg du òg!
Ps. Fleire bilder frå festen kjem......når me er komne til hektene igjen...uti veka::)

fredag 20. august 2010

Snartur til Oslo.......

Over helga må yngstemann vera klar for studentlivet igjen, og i dag køyrde bonden og eg flyttelass til Oslo.....ikkje so enkelt å reise med toget når ein skal ha med 6 instrument + diverse anna....
Dvs. bonden og Børge køyrde bil, og eg reiste med toget......trangt å sitte 3 personar framme i Hiace'en so lang tur.
Storkosa meg, eg....med strikketøy, lydbok, kaffi osv........
Hadde halvanna time til rådvelde i hovedstaden før dei i bil var framme..........
Nett denne helga var det kunsthånderksmarked ved Oslo domkyrkje.......skikkeleg flaks, kan du sei.........masse fint å sjå (og kjøpe, sjølvsagt...)
Kjøpte denne fine koppen/kruset........


Og denne....
Lillan Svendsrud heiter produsenten.....

I kveld var me inviterte til ein bedre middag hjå bror til bonden...og i morgon tidleg bèr det heimover att.....me er ikkje ferdig med håslåtten, må vete.........
Ha ei god helg!

fredag 13. august 2010

Støyping i betong.

No har Trollkåno fått ånden over seg (igjen)...........støyping i betong er det nyaste påfunnet........og her her det fyrste ferdige produktet.......eg er strålande fornøgd.
Det heile starte då eg var på besøk hjå syster mi i Nordfjord, ho har so fantastisk fin hage, med masse stein, betong osv.......og og vart SO inspirert.......detta måtte prøvast.

Vel heime var det leiting på nettet om emnet.......fann ein del , bl.a. denne bloggen.

Brukte eit rabarbrablad til å lage mønster.......fint, sant?

Ymse bruksområde....
Til flytelys...

Kubbelys....(gjerne større enn detta...)..

Eller kanskje takløk......

Fredag.....helg.......og regnet pøsar ned,MEN.....frå i morgon av lovar Yr.no oss strålande vèr i fleire dagar.
Me skal slå flathøy.....hurra!
God helg!

mandag 9. august 2010

Ein tredagars tur........

..er akkurat passeleg lang for meg........då er heimlengselen i ferd med å overmanne meg, og eg vil heim so fort det let seg gjere. Og nett det har bonden og eg vore på i helga......til det årlege Mjøsmarkedet på Biri, som alltid er fyrste laurdag i august........

I år hadde me ein avtale på fredagskvelden, so me køyrde sørover til Toten....der me møtte Gamleheksa og Gubben, som ho seier........

Her på Viken II møttest me til eit godt måltid og prat......DU kor kjekt.......etterpå var me med heim på garden og fekk omvisning......noko andre dimensjonar over garsdrifta (og maskinparken) detta, enn det småtteriet me hobbybønder på Vestlandet puslar med.......

Laurdag var den store Biridagen......og me stod opp grytidleg for å få mest mogleg ut av dagen.

Heile 7 timar traska (tråva) me rundt (og rundt)........på tråvbana, fann nokon små skattar her og der , nokon av dei vil nok kome her etter kvart....
Ein tur på Øyerfjellet fekk me med oss sundag føremiddag......

Endeleg på Vestlandet att.......med fjell og fjord.............

Det var ein hyggjeleg tur..........og no er håslåtten i gang.
Ha det so bra!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...