onsdag 30. juli 2008

Nytt kamera og eit lite syprosjekt...

Jepp,har kjøpt meg nytt kamera. Har vel aldri vore nokon ivrig fotograf, men då eg hadde bestemt meg for blogging, måtte eg berre...for kva er vel ein blogg uten bilder?

Har lenge hatt eit lite kompakt kamera, som for så vidt har fungert bra. Er fullstendig klar over at det er lite hjelp i eit "superkamera", hvis ikkje fotografen held mål. Men eg øver og øver....
Og behovet for eit større kamera har meldt seg .Dottera var konsulent , reiste og kjøpte det òg. Framleis eit kompaktkamera, men noko større....her er det snakk om å gå "gradene"..

So til noko heilt anna: har eit lite (i ordets rette forstand) prosjekt på gang. Eit langtidsprosjekt,kan ein sei...Syr små firkantar (på papir) 3x3 cm.Her kan ein verkeleg få brukt dei små bitane. Trur ein kan få kjøpt malar til dette,men eg kjøpte kontaktpapir hjå fargehandel, det har ruter på baksida og er akkurat passeleg tjukt å sy gjennom. Ein gong for lenge sidan såg eg eit stort teppe sydd av so små ruter...kjempefint!...og det måtte berre prøvast..












Ein boks med små firkantar som ein gong skal bli noko større...

Dette er handarbeid som er kjekt å ta med på tur...tek ikkje store plassen..og apropos det: i morgon fèr me på tur, over fjellet til Austlandet....og eg gler meg, tralalala...ein liten bloggpause og reisebrev følgjer....
Ha ein strålande sommar framleis!

mandag 28. juli 2008

Nostalgi

Slåtten på stølen føregår omtrent som den gjorde i "gamle dagar". Litt av sjarmen det, å gjere det slik forfedrane gjorde det...Sjølv om det meste vert slege med maskin no, må me òg ta i bruk langorven der det er mest ujamnt. Den gamle riva med tindar i tre er no erstatta av plastriver. Og medan dei før la høyet inn i løa om sommaren, og så køyrde det heim med hest og slede når snøen var komen, brukar me traktoren..Får no vere måte på nostalgi!(Dessuten har me ikkje hest)








Når høyet er tørt vert det laga bører, som så vert lessa på traktoren og køyrt heim.


Børge er sterk og ber bører so lett so......

Og når stølsbøen er nyslegen,høyet er i hus og kvelden kjem, då tek bonden fram trekkspelet og tek seg ein trall i rein glede..


lørdag 26. juli 2008

Hu hei, kor er det vel friskt og lett...


..opp på fjellet., heiter det i songen.No ligg ikkje stølen vår akkurat på fjellet, men høgt nok (ca 550 m.o.h.) til at lufta er både friskare og lettare enn nede i bygda. Spesielt på slike varme dagar me har hatt i det siste. Stølsdrifta var slutt for ca 40 år sidan,men heilt til dei siste åra har me slege og turka graset. Og når godveret slo til igjen no, vart det stølsslått. Stølshuset, eller sèlet er over 100 år gammalt og har stått nærmast uendra sidan det var bygt.










Døra inn til floren er sliten av " tidens tann."



Etter å ha vaska ut daue fluger og muselort kan me pynte litt, og det vert retteleg koseleg



Lenge sidan det har vore rømmekolle i desse...


Budeia måtte nok tidleg på beina......heilt sikkert før halv åtte...


Trolldans


Ei gammal bjørk har gjeve tapt for ver og vind.


Mange fine blomar veks der oppe..



Ha ein solrik og varm sundag!








tirsdag 22. juli 2008

Award

Fekk ein award i går, som eg skulle gje vidare til 7 nye.Har ei lang liste med favorittar som eg er innom so og sei kvar dag, og gledar meg stort over å besøkja......vert so utruleg inspirert: de er so flinke! Av lista mi har eg valt desse, felles for dei er at dei er kreative og gjev meg masse inspirasjon (kanskje nokon har fått den før, men då har dei jammen fortent ein til )

Toja

Juliann
Gurimalla
Kari

Syglad
Lovise

Og sist, men ikkje minst:Nikoline, Fersk bloggar som eg har kjent i årevis og som det alltid er like kjekt å kome på besøk til.

AWARD!

Hurra! Hurra! Hurra!

Har fått denne av Kjersti m. Tusen takk! Vart hoppande glad og fornøgd. Tenk at nokon syns det eg puslar med er av interesse...



The rules are as follows:
1. The winner can put the logo on his/her blog.
2. Link to the person you received your award from
3. Nominate at least 7 other blogs
4. Put links to those blogs on yours.
5. Leave a message on the blogs of the people you have nominated.


So skal eg gje den videre til 7 "nye"...
Må nett få lov å tenkje meg om (til i morgon)
Har mange på favorittlista mi..............

mandag 21. juli 2008

Kaoskontroll 2. akt.

Det går stadig framover med prosjektet på arbeidsrommet. Har kasta det som skal vekk, sortert og pakka ned det eg skal behalde...som då vart store deler av det heile..( ikkje uventa,nei).Plastkassene med lòk som eg kjøpte siste turen på ikea kom godt med. Men det vart altfor lite,sjølvsagt. Dermed måtte eg på nærbutikken og spørje etter pappkasser...sopass mange at dama i kassen utbraut:"Skal du flytte?"

Mellombels lagring i gangen utfor arbeidsrommet (og soverommet). meir so "unntakstilstand" her no...



Skikkeleg grunnarbeid må til...


Alle hyller ferdigmålt....hurra! Kunne sjølvsagt kjøpt nye hyller so alle vart like,men syns det har sin sjarm med dei " gamle". Spesielt dei som borna (som no er voksne) har laga på "sløyden", om ikkje alle er like "perfekte", tek dei det att på sjarmen...


Fyrste strøk på vegger....


I ryddesjauen sist helg fann eg att denne fine lysestakekoppen frå house doctor, kjøpt på Patina.
Hadde tenkt å gje den i gåve,men den er so fin at eg må visst ha den sjølv,trur eg....


Ha ei god arbeids (eller ferie) veke der ute!

lørdag 19. juli 2008

Kaoskontroll 1. akt

Tanken slo meg straks eg hadde vakna i går morgon: no skal det skje noko drastisk på arbeidsrommet mitt. Kanskje inspirert av ymse bloggar, eller Hilde Hummelvoll sine kaosprogram på tv? Ikkje veit eg .....Rommet er ca 6,5 m2, og vart måla blått då minstemann flytta inn der... han flytta til større rom då han var 7, og då overtok eg det til arbeidsrom.(No er han 18......) kan trygt sei at det er overfyllt,trur "problemet" er at eg driv med so mykje forskjellig.. når eg lagar nissar og troll,må eg ha "nisse/trolltinga".Når eg målar må eg sjølvsagt ha "måletinga "osv... og so var det detta med å kaste ting,då....Uff,syns eg høyrer den før nemnde Hilde:" Må du verkeleg samle på detta?", el:"Trur du at detta er noko du kjem til å sakne?"
Eit par bilder viser litt av elende......til mitt forsvar må eg sei at slik har det ikkje alltid vore...men no er eg i gang,her skal alt ut,veggar og hyller skal målast, det skal sorterast,ryddast og kastast (hjelp) og det skal bli so fint atte....


Men slikt arbeid er ganske krevjande, so ein liten pause framfor pc`en har eg fortent no.
God laurdagskveld!

fredag 18. juli 2008

Kjoleforklè

Har sydd 2 kjoleforklè, ogso kalla Pippiforklè. Desse har eg gjeve til to borneborn på 4 og snart 6 år.




Mønsteret har eg frå dette bladet,bestilt frå Finland. Mange gode mønster her... stoffet fann eg på Ikea..




God helg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...