søndag 30. oktober 2011

Nissetid.....

 Fyrste julemessa nærmar seg med stormskritt ( 2 veker til)......og her i huset er det "nissestyr" som dominerer......arbeidsrommet mitt  er  "sprengt", dermed har det lett for å flyte utover..........kjøkken, stove osv.....takk og pris for at bonden er ein tolmodig mann....og for at han er positiv til alt eg styrer med.
Nett ferdig med denne dekorasjonen.....laga i gammal ause eg fann på Brukt'n.....(trur det var der, iallfall).


Var foresten innom Brukt'n denne veka og fann fleire fine, gamle ting....hurra!
Ha ein fin sundag vidare, folkens!
Om eit par timar kjem saueklypparen til gards, då er det berre å manne seg opp......eg skal pakke ulla, og det er hard jobb....han klypper nemleg rasande fort........rapport  fylgjer (når eg får tid...):):)

lørdag 22. oktober 2011

Ei enkel sak å flytte sauene..........

 ...frå eit beite til eit anna, når ein har Tinka. Her kjem eit lite bilderas som viser det.........Heilt til venstre på fyrste bildet  ser du bonden stå og gje sine instruksar.


 Tinka er i gang........(nede til høgre...)

 Lussi ligg nede i vegen å forheld seg roleg, udugeleg som ho er til gjeting. Men ho har heller sin styrke i å fungere som "grind"....ikkje dumt, det.

 Flokken er samla.....

 ...og snart framme.....
Det var eit lite livsteikn herifrå..........messeproduksjonen går  for fullt........
God helg,folkens!

fredag 14. oktober 2011

Datt ut, eg..........

Sidan det er snart to veker sist eg hadde eit innlegg, kan det vel seiast best slik.......bloggtørke kallar nokon det. Her er alt såre vel, tida går med til jobb, "heimearbeid" og messeproduksjon. Berre 4 veker til fyrste jolemesse........litt har eg ferdig, meir er halvferdig.....og noko er ikkje påbegynt.
I dag er fyrste vinterdagen, eg har bursdag........og fekk so flott presang i posten i dag: Desse fine, raude sokkane........frå mi snille, strikkeglade syster.....tusen takk!
Ikkje nok med det, i pakken  var det  òg  4 nissegensarar...........ho veit kva som skal til i desse tider......
Eg har vore heilt elendig med å besøkja deko gode bloggvener òg i det siste, men no kjem eg snart innom, saknar deko.
God helg til alle!

søndag 2. oktober 2011

Pusen er husvarm.....

......og full av energi....bortsett frå "sovepausane", då. Men i våken tilstand er han overalt, klatrar "til topps" i gardinene, rotar og "ruskar" til.Stikk av med trådnøster og gøymer dei inst under sofaen. Han viser null respekt for hundane, skyt rygg og freser, og dei trekkjer seg  unna.
 
Men han er òg svært sosial og kosete.........
Ei travel arbeidshelg er over....ynskjer alle ei god veke!


Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...