fredag 31. oktober 2008

Siste nytt og troll

Dette stod å lese i lokalavisa igår:

Vidare stod det at den eine plassen dei hadde vore på ferde, var i idrettshallen. Eg fekk nytt håp om å få tilbake både nøklar og pc, og kasta meg på telefonen til politiet.Var ikkje so lett å få snakke med den rette personen, venting, ringing., venting.......men kort fortalt: Nøklane mine er kome til rette ....Hurra!
So slepp me alt "styret" med byting av låsar på bilen (og i idrettshallen).
Pc`ar er lett å omsetje, so den er truleg seld videre, vart det sagt.
Og det var det...


Nei, la oss tenkje på noko kjekkare: no er det berre ei veke til julemesse.....eg har fri no i helga, og håpar å få gjort masse......
Viser litt av det eg har laga i det siste:


Troll på bærplukkar...



Kanskje ein litt makaber versjon, dette....


Med dette ynskjer eg alle ei god helg!

onsdag 29. oktober 2008

Oppdatering

Etter at eg vart fråstolen den bærbare pc'en laurdag, tenkte eg at no vert det pause her hjå meg lenge , iallfall til ei ny datamaskin er i hus. Min kjære mann bestilte ny pc på mandag og den kjem i midten av november, men det er lenge å vente med blogging til den tid...( eg kan no vel ikkje ha vorte avhengig,vel?)
Har levert anmelding til politiet om tjuveriet, og nye låsar til bilen skal monterast over helga.
I dag fekk me det klart at forsikringselskapet dekkjer låsar + ny pc , so då ser me straks lysare på stoda..
Men må innrømme at desse siste kveldane på jobb har vore med noko blanda kjensler. Føler meg litt paranoid, rastlaus, sjekker låsar (dobbeltsjekkar), studerer litt mistenksomt folk som er innom og er engsteleg når eg skal låse meg ut og setje på alarmen.
Men, men, det går seg vel til igjen.....

Tusen, tusen takk for alle trøystande, oppmuntrande og gode kommentarar..
Vert rørt til tårer over alle gode orda frå deko...
Denne fine utmerkinga har eg fått frå Line, med bloggen Kvardagsliv i Storemyra.
Tusen takk for den!


Og i går kveld fekk eg denne frå Oline,s skattekammer, hjarteleg takk!
Det gledar meg stort...

Igjen takk til alle for gode helsingar!

lørdag 25. oktober 2008

TJUVERI

I kveld er eg sint, lei meg, frustrert, trist.....har vore på jobb heile dagen, har vore taekwondostevne
i idrettshallen der eg jobbar. Hadde som vanleg pc'en med meg. Og i kveld skjedde det, nokon sneik seg inn på vaktrommet og stjal pc'en....at det går an....men det gjer det...i tillegg tok den frekke tjuven bilnøklane mine og nøklar til hallen.
Det vart mykje snørr og tårer før eg summa meg........og kva no?
Snille mannen min seier at eg kan låne hans pc so mykje eg vil....men alle bilda mine er borte vekk.....og eg trur det vert ein pause her hjå meg.....
Og kva med bilen? Kan ikkje føle meg trygg for den når ein tjuv har nøkkel.....
I idrettshallen er alarm, so om nokon prøver seg der, er vaktselskapet på pletten straks....dei lovde å ta nokon ekstra turar nedom....til der blir skifta lås...

Den veldig snille mannen min seier at han skal bestille ny pc på mandag........han har nok sett kor mykje glede eg har hatt av den som eg fekk av han for eit år sidan. Men det går vel eit par veker før den nye er i hus....
Men eg kjem nok til å låne denne so mykje at eg får fylgje litt med deko.....og kanskje legge att ein kommentar i ny og ne...
Ha det godt alle i hop!
I'll be back!

torsdag 23. oktober 2008

Snikkarbua

Eg er so heldig at eg har snikkarbu...bonden gjer sjølvsagt nødvendig arbeid der , men det er mest eg som brukar den, og spesielt på denne tid av året.
Svigerfar var ein flink handverkar, og spesielt med trearbeid. Det var han som laga til snikkarbua i eine enden av løa.
Bandsaga er den som eg brukar mest, heilt uunværleg er den..

Svigerfar var ivrig ved dreiebenken når han hadde tid til det. Han laga fine grautskåler som eg fekk til nissane mine. Etter at han var slutta med dreiing, tenkte eg at detta måtte eg lære meg...melde meg på ei vekes dreiekurs. MEN....nei, detta var ikkje noko for meg
Har ikkje prøvd i heile tatt etter kurset. Syns rett og slett dreiebenken er litt skummel , der han står.

Denne fresemaskina fekk til ein gebursdag av bonden. Hadde ynskt meg ei slik lenge....brukar den til å lage fine kantar på skilt f.eks...

Kontursaga har eg kjøpt sjølv...



Slik ser lageret av rekved ut no...alt dette er tørka og klart til bruk.


Ha ei strålande helg alle der ute, og hugs: Bruk refleks!

onsdag 22. oktober 2008

Velkommenskilt

Etter siste loppemarknad viste eg denne rare tingen her. Mannen som selde den sa det var ein slags bæresele. Er nok sannsynleg det, ja...på baksida var det festa skinnreimar. Eg såg med ein gong kva eg kunne tenkje meg å bruke den til.
Og slik vart det:



Ein filta fugl, veit ikkje heilt kva slag. Trur det må vere ein fantasifugl.



God onsdag kveld!

søndag 19. oktober 2008

Trespade

Har malt endå ein gammal trespade, denne også eit loppefunn.
Likar godt å male nissar. No er det berre tre veker til messe....og kvart ledig minutt bør nyttast...



Ha ei god veke!!

torsdag 16. oktober 2008

Eple-skrelle-dele-tautkjernehus-maskin.

Denne lure tingen fekk eg for fleire år sidan. Den vart plassert i eit skap, tenkte: pytt, eg skreller og deler epler mykje kjappare på "gamlemåten". Men so såg eg den i bruk, hugsar ikkje kvar....tok den i alle fall fram att...og den fungerer heilt supert. Og det er heilt sant: den skreller, deler osv i ein og same operasjon. Ein luring må det vere som har designa den...



Tørka epler: kjempegod snacks!
Takk for alle helsingar til gebursdagen min!

mandag 13. oktober 2008

Musevisa

I dag før jobb fekk eg målt ferdig ei gammal brikke.....eit av mine loppefunn i haust. Og sidan tanken er at den skal vere med på julemesse, vart det eit motiv frå Musevisa. Syns det var so fint materiele i den, at eg har lete det skine igjennom målinga her og der...



Handtaka er nydelege..









God kveld vidare!

søndag 12. oktober 2008

"LOPPESIRKUS"

Er allereie litt over ei veke sidan siste loppemarknad. Litt småtteri vart det denne gongen òg, heldigvis....ville vore for gale å kome tomhendt heim att.

Denne rare "kassen" skal eg bruke til å "stille ut" noko på julemesse..


Ymse reiskapar....har ein plan med desse....skal (kanskje) vise.....


Dette er ein slags bæremeis, vart det fortalt. Har tenkt å dekorere den på ein måte....


To skikkeleg gamle bøker....


Den eine med nydeleg handskrift ( frå 1861), nesten eit brotsverk å rive den "i filler", for å bruke den til dekorasjon ( f.eks kremmerhus) , men eg har ikkje noko personleg forhold til den......


Eit tønnelòk, eller kanskje dolòk for det eg veit...dette vert kanskje målt noko på .....


Eit par ting eg skal ha sjølv, kvit spraylakk er innkjøpt....



Og me tenkjer vel på småfuglane til vinteren, eller?


Ha ein god sundag vidare!

fredag 10. oktober 2008

Awardar og kattungar

Awardane strøymer på, og eg vert so glad for å få dei.....på same måten som eg gledar meg over kvar einaste koselege kommentar eg får.....MEN eg har vore forferdeleg sløv med å bringe dei vidare....syns rett og slett det er litt vanskeleg. Men no har eg bestemt meg for å skjerpe meg.....kan kanskje verke utakknemleg om eg ikkje bryr meg sopass..osv...
Desse to fyrste har eg fått av Steinbokkjen, ein blogg eg besøkjer ofte....

Dei vil eg gje vidare til:
Ingrids ull og tull- som er veslesystera mi og ein racer med strikkepinnane...
Lemi -som for tida heklar flotte huer...og lagar andre fine ting.
Janne i Fagerlia -ei dame som er kjempeflink å male + masse anna.....

Og sjå på denne stilige då...eit troll passar vel bra til meg. Den fekk eg av mormor som òg er på blogglista mi.......ta ein tur innom å sjå kva fine ord som fylgde med....ååååå, eg er kry!!!!

Denne gjev eg vidare til Nikoline - som eg har fått inspirasjon av i årevis, og so er ho no litt "trollete" ho òg...(... i positiv forstand, sjølvsagt)

So til noko heilt anna: Me har to små, søte pusar....+ pusemor sjølvsagt.
Greitt so lenge dei heldt seg opp i korga, men dei vil fram og ut....og framtida er uviss.
Tenkte eg skulle setje opp ein lapp med bilde på nærbutikken i håp om at nokon vil overta dei, men har ein følelse av at det er "overflod" av kattungar.
























"Me vil ut i verda...."


Ei riktig god helg til alle !
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...