mandag 30. november 2009

Gjenbruk.

Roen har atter senka seg overt Trollkåneheimen......alle dei 5 små (og halvstore) er reist heim att.......dei to minste leverte eg i barnehagen i dag tidleg. Ei travel og kjekk helg har det vore og me er fullt klar over kor heldige me er som har "alle våre" buande i bygda her.
I går føremiddag måtte me ut og lufte oss litt...og medan besten var heime og steikte vafler, gjekk me andre på skogstur (uten kamera..) for å samle mose, kvist og kvast til utepynting.........men kva skulle me ha pynten i?
Jau, den gamle utrangerte kulegrillen skulle passe ypparleg til formålet.......jammen godt den ikkje har vorte kasta.

So med ymse frå naturen, lys i glas og eit par dompappar vart det riktig so koseleg utfor døra.....

I dag er Oslostudenten komen heim på juleferie.............undervisninga er avslutta....og øve på trompeten tre-fire timar for dagen kan han gjere heime......kjekt!
Ha ei fin fyrste adventveke alle saman!!!

lørdag 28. november 2009

Advent og bornebornbesøk......

I år har eg "investert" i eit nytt zinkfat til adventslysa...........kjøpt på Patina..........kunne tenkt meg eit til....til sviblane eg kjøpte i dag.......det kan det bli råd med neste veke.



Desse flotte hjortane fann eg òg der..........kjempefine. Dei kan hengjast opp om ein vil det......

Denne helga har me ikkje mindre enn halvparten av borneborna på besøk....5 i talet. Har gått fint, det......men då to av dei var på beina klokka 03.30 for å sjå på TV måtte besten ta i bruk den myndige stemma og kommandere dei til sengs igjen........og då var det stilt til klokka 7.oo...ikkje verst, det....

I det fine vèret idag gjekk me på (nye-)kafèen og kosa oss med vaflar og julebrus.......deretter på butikken for å "proviantere" laurdagsgodt........... stas!



No er den minste (to år) i seng........den neste (fem år) får vere opp litt lenger........og dei største skal få sjå MGP Nordic.........

Ha ein fin adventsundag!

torsdag 26. november 2009

Ein stor dag...

...i den vesle bygda vår.
I dag har me nemleg fått att kolonialbutikk, som me har vore utan sidan i mai.
Dei som hadde drive butikken i mange år var rett og slett utbrende.......sikkert ikkje lett å jobbe mykje og ha lite igjen...år etter år.
Gjett om me har sakna butikken........ikkje so stort problem for oss som jobbar på Voss og kan handle der......kanskje mest for dei eldre i bygda som gjerne ikkje har bil.
Men med butikken vart òg møteplassen borte.......der me trefte bygdefolk og kunne slå av ein prat........

Det har vore søkt etter nokon til å drive vidare.......og jammen dukka det opp eit par som vil prøve................ idag strøymde bygdefolket til nyebutikken...alle var SO glade og fornøgde.
"Nesten som julaftan detta", var det fleire som uttrykte.....


Her har visst fotografen spegla seg........

Kafèen attmed butikken er opprusta og vorten so koseleg, atte........

So får me håpa at bygdefolket veit å setje pris på butikken.......og handlar sopass at me får behalde den.....
God helg!

onsdag 25. november 2009

Takk, Ruth!!

Har etter kvart kome meg ut av godstolen.........og teke opp kampen mot hybelkaniner og anna "rusk og rask"......men eg må innrømme at det var godt å "pause" litt etter ei hektisk (og kjekk) helg.
Ein dag sist veke kom det pakke til meg, men eg var so oppteken med andre ting at eg hadde berre tid å registrere det...........innhaldet er her:
DEI flotte sokkane........strikka av Ruth i bloggen Ullhedina.
Besøk gjerne bloggen hennar......ho er rasande flink å skrive òg.....
Ruth hadde jubileum...og då måtte eg sjølvsagt vere med.......og so vann eg (igjen)....
Let meg stadig imponere over dei som strikkar sokkar i tunt, tunt garn og "vanskelege" mønster.....slik ser det iallfall ut for meg.......

Verkeleg praktfulle er dei.....

Ikkje berre sokkar i pakken...men godsaker av ymse slag......
Tusen takk, Ruth!!
Har vunne opptil fleire par sokkar......so no går eg vinteren trygt i møte......skal iallfall ikkje fryse, eg......

Ha ein god onsdag kveld!

søndag 22. november 2009

Messa er over......

..og i kveld er eg trøtt... og glad. Det gjekk strålande.......og eg er svært fornøgd med helga. Men det var utruleg godt å kome heim til godstolen i kveld...etter tre dagar på messe. Har fått mange positive tilbakemeldingar og fått selt masse av det eg hadde med......fantastisk kjekt.
Viser nokon bilde tekne før salget starta........







Har vore aldeles fråverande i bloggverda siste dagane...no har eg mykje å "ta igjen" her......det gledar eg meg til.
Ha ei ny, fin veke alle!
Trur eg må starte veka med eit aldri so lite skippertak når det gjeld husarbeid.....Hm!Hybelkaninane har hatt det ganske fritt i det siste, ja.....

mandag 16. november 2009

Innspurten...

Siste dagane før julemesse er alltid hektiske........rett og slett stressande......
Har sikkert med dårleg planlegging å gjere, men eg vert aldri ferdig med alt eg hadde tenkt. Og når ein vaknar om morgonen med stiv nakke og hovudverk forstår ein at no er det på tide å roe seg ned. Problemet er at fire dagar før messe er det komplett umogleg å "roe seg ned", nei då "køyrer ein på"..............og prøver å utnytte kvart minutt i våken tilstand........
I dag skal de få sjå den største "nissetypen"....denne dama er 52 cm på strømpelesten.....til toppen av hua.


Og dette er dei minste......ca 10 cm høge (ståande).....desse fire + to til er på ei og same rekvedròt......den er ikkje heilt ferdig,.............

Vert nok ikkje noko nytt innlegg før i helga...............må prioritere nissane osv.
Gler meg til messa...det vert kjekt.
Ha ei fin veke alle...so sjåast me.
Og hjartans takk for alle hyggjelege kommentarar.......er so utruleg kjekt.

fredag 13. november 2009

Nissetid....

....hjå meg, her som ikkje ein nisse får setje sin fot i stovo (eller andre stader i huset) før veslejulaftan.


Dette "nissestyret" er eit forbigåande fenomen ......desse skal vere med på messe, den startar neste fredag på denne tid. No er det nissar, troll og andre messeting overalt......det flyt, rett og slett.
Heldigvis er bonden ein tolmodig mann......og godstolen han er ikkje oppteken.....endå.



Ein liten helserapport til slutt: Oslostudenten vår kom heim onsdag med influensa..............fleire på skulen har vore sjuke...og i helga etter speling i Stavanger vart fleire i korpset òg sjuke....og fekk påvist svineinfluensa.
Då han ringde heim og sa han ver begynt å bli dårleg, ba eg han innstendig om å prøve å kome seg på toget heimover, å bli liggande sjuk på ein hybel er liksom ikkje noko særleg.......
Mor "hivde seg rundt" og fekk tak i Tamiflu.......som han begynte med same kvelden.
Etter 12 timar var det verste over..........og no er han feberfri....... og me lurer på:
1. Er det svineinfluensa han har?
2. Kan den vere so "mild", eller?
3. Er det Tamiflu som verkar so godt?
Jaja, guten er i fin form og takk for det!!!!!!
Og no gjeld det om å halde seg frisk.......eg SKAL på messe neste helg må vete.......her er det desinfisering til "alle tider"....hm.
God helg!!!!
Eg skal produsere........får garantert ikkje besøk denne helga....med virus i huset!!!!

mandag 9. november 2009

Eit par julemesseting.......

Det nærmar seg julemesse og eg kjenner at det byrjar å "dra seg til"..........om halvanna veke må alt vere pakka og klart.......
Noko er ferdig, noko halvferdig.......og noko er framleis berre ein idè oppi hovudet
So får tida vise kva resultatet vert til slutt.......

Velkommenskilt av skifer..

Nøkkelopphenget laga av eit gammalt tønnelòk.....


Ha ein god kveld!!!

fredag 6. november 2009

Vinnarlukke..(igjen)

Trur ikkje eg har hatt spesielt mykje vinnarlukke før i tida........men no, derimot...etter at eg har begynt å blogge, har det verkeleg slege til.
Tidligare har eg vunne fleire par sokkar, bøker osv.
Og kva trur du dukka opp i postkassen vår i dag?
Jau, denne flotte Tildaengelen......Å, den er so fin......med raud/kvit kjole......kunne ikkje passa bedre.
Eg vann ho på bloggen Mitas hjørne...som feira 3-årsjubilèum, ta turen innom til henne.....ei kreativ og dyktig dame.
Tusen, tusen takk!!!

Har opptil fleire gonger planlagt å sy ei Tilda.....utan å ha kome i gong, og so berre dumpar den ned hjå meg.Snakk om flaks.............førebels sit ho på sofaen og pyntar opp.

Med denne gladmeldinga ynskjer eg alle ei god helg!
Eg skal på jobb i morgon......og julemesseprodusere på sundag.
Slik er iallfall planen......og sola skal skine seier dei på Yr.no.

tirsdag 3. november 2009

Meir frå Brukt'n......

Dette er eigentleg fortsettelse på forrige innlegg.....fann nemleg meir enn syskrin........alle desse gamle tinga skal eg "bearbeide" (kva no det vil sei?) og ha med på messe.......det er iallfall planen.
Tida får vise om eg rekk det....
Til meg sjølv fann eg dette fatet....nydeleg, med roser.......MEN.....då eg kom heim oppdaga eg eit skar i kanten rundt...kan ikkje fatte og begripe at eg ikkje såg det i butikken, men slik er det når ein spring rundt, lettare forvirra og skal ha med mest mogleg på kort tid...

I dag har eg skrudd av stetten, trur eg skal finne eit anna fat og sette på den......finst vel
superlim til sånt?

Denne skåla er iallfall heilt feilfri.......SO fin.....

Systera mi skal få desse to til samlinga si....jaja, hvis ho ikkje allereie har dei...er nok ein viss fare for det..........Vil du sjå samlinga? Her er bloggen hennar

Torsdag er Brukt'n open att......trur eg må ta ein tur, eg.
Ha det so bra!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...