fredag 28. januar 2011

Det går vel an........

....å vise gilde jolegåver, i slutten av januar, eller?
Gåvene skal me vel gleda oss over etter jol, òg...........sjølv om akkurat denne skal pakkast vekk til neste desember........

Til jolekorta................som du ser......fint pynta.
Laga av ei gammal bok.................av vår kreative dotter.
Tek like godt med ei gåve til, eg......eit sinkhus, som eg har har hatt lyst på lenge..........og DET kan eg iallfall ha framme om ikkje det er jol........


Ser ikkje bort frå at det kjem fleire gåver her...............
Men no er det jobb....og i morgon kveld reiser bonden og kåno til by'n.......
På "Sound of music"...i Grieghallen........men før det skal me ha ein bedre middag, må "flotta oss" litt, når me fyrst er i by'n, liksom.
Og veit du.....billettane til førestillinga var òg ei jolegåve!!
Ha ei strålande helg!

onsdag 26. januar 2011

Ein fin vinterdag........

.....so i dag er det kjekt å vise fram utsikten frå kjøkkenvindauga. Sola er tibake, og i dag skein ho på kjøkkenet i ca ein time. Yr.no lovar oss sol i morgon føremiddag òg, sidan er det snø og regn "i sikte".



Denne flotte bordkalendaren vann eg hjå Marie med bloggen Heimdal. Den dyktige dama tek alle bilda sjølv og lagar dei flottaster kalendarar. Ta ein tur innom til henne, der kan du handle òg........
Tusen takk, Marie!
Eg har den ståande på kjøkkenet og gledar meg over den kvar einaste dag----------

Tek med eit sommarbilde òg!

Ha det so bra, alle som kikar innom til meg!

lørdag 22. januar 2011

Rosemani og brodermønster...

Sjå berre her kor mange fine rosestoff eg har samla, fantastisk fine er dei.
Har ein bestemt plan med desse, so får tida vise om klarar å gjennomføre den.......ein ting er sikkert: Hvis det ikkje kjem noko her på bloggen om resultatet, vart det IKKJE slik eg hadde tenkt...........

Detta fine mønsterheftet kjøpte eg på Quiltekroken i Bergen i går, hadde ca ein halv time frå toget var i Bergen, til stengetid.............sjølvsagt altfor lite...(eller kankje like bra, ellers hadde eg vel brukt endå meir penger der)....

Desse vert det kjekt å brodere......

På veg heim att i dag rakk eg òg innom Stoff og Stil, bonden sat tolmodig og venta i nærmare ein time...............og takk for det!!
Som du forstår, no er det berre å sy!
God sundag i vente!

torsdag 20. januar 2011

Tredje onsdagen gjekk det "skeis".....



...med bildet frå kjøkkenvindauga.....eg gløymde heile greia, rett og slett
So denne veka vert torsdagsbilde.....pytt,pytt......

I går kveld var eg på særdeles hyggjeleg sykurs i Vaksdal Husflidslag, og sydde denne "tingen".......toalettmappe.....eller symappe...eller til noko anna.

Putta litt brodergarn oppi, eg, for å skjule litt "skavankar"......

Baksida ........med litt roser òg......



Og til slutt eit lite glimt av høneduken som eg klipte ut stoff til for snart eit år sidan, på tide å gå litt vidare no.......

Hadde tenkt det skulle bli ein påskeduk, men no vert det ein "hageduk", trur eg................

Er vel i tidligaste laget, men likevel: God helg!

lørdag 15. januar 2011

Vil berre sei God helg!

Jola er ute.......unnateke joletreet, då..........det står so fint med (nesten) alle nålene på......men berre til i morgon kveld, trur eg.....eller mandag.
Utenissane har dessutan frose fast i benken dei sit på, so dei ventar på mildvèr!!

Denne fine kyrkja skal òg få stå utover vinteren, den lyser so fint.........
Eg kjøpte den på jolemarknaden me hadde her i bygda i desember, og er laga av Arne Jønsson, pensjonist som bur i Aurland i Sogn. Han hadde òg laga flotte, leikar i tre...


Den eine av desse hjortane kjøpte eg på Patina før jol...og jammen fekk eg ein til i jolegåve, so no har dei selskap.........flotte!


På tide å lage litt god kveldsmat til bonden kjem inn att frå floren.......
Ha ein fin laurdagskveld, du òg.........og god sundag i vente!

torsdag 13. januar 2011

Tjuande dag Knut.........


13.1.Merke: Sopelime, omsnudd horn, kongehode, klokke

Tjuende dag jul var jula over. Denne dagen ble også kalt St.Knut, og folk sa at "tjuende dag knut jager jula ut". Mange steder ble det vanlig å markere dette ved at de jaget ut jula med sopelimer.Over hele landet holdt de tjuendedagen for å være "gamle nyårsdag". Dette kom av at trettendedagen ble regnet som gamle juledag.Tjuendedagen skulle jula ringes ut og julølet drikkes opp."Snør det tjuendedagen, vil det bli 20 snørier før sommerdagen 14.april, ble det sagt i Romsdal.

onsdag 12. januar 2011

Utsikt og myntpung....

Utsikten frå kjøkkevindauga onsdag 12.01.11.......ca kl 09.00......
ein nydeleg vinterdag, 6 minusgrader og opphaldsvèr.....

...etter at snøen har lava ned i fleire døgn. Bonden har hatt full jobb med å halde vegen open......

..og det er faretruande mykje snø på taket.......

Pilskulpturen min har fått fin hatt!

I dag har eg sydd min fyrste myntpung...eller sminkepung om du vil. Har tenkt på det lenge.......og i dag vart det endeleg. Framgangsmåten er godt forklart hjå Timotei, det var der eg fann den. So tusen takk Ranveig fordi so raust deler dine sykunnskapar med andre som er mindre erfarne med symaskina.


Ha ein fin onsdagskveld!
Eg har frikvelden min og trur eg skal sy.....etter middagsluren.

mandag 10. januar 2011

Broderi ....eller stitchery......

Lysten til å brodere, eller stitche som det vert kalla no til dags, kom eigentleg over meg før jol.......og på eit besøk på quiltehuset vert det kjøpt inn materialar, mønster og garn. Men jola kom og gjekk, uten at posen vart opna..............so etter jol, då skulle det skje........men då var det plutseleg ikkje noko kjekt å brodere nissar.


Sist veke var eg på kafè med Nikoline.....og når eg fekk høyre om hennar storslåtte planer..........vart eg inspirert til å setja igang, eg òg...........MEN...det er ikkje lett å få fine sting, jevne sting osv..........eg øver og øver......og har ikkje tenkt å gje opp.

Burde kanskje ikkje vist fram desse lappane mine, men pytt pytt.
Har ein idè om kva det skal bli, men trur ikkje eg røper den enno....
Ha ei fine veke alle gode vener !

fredag 7. januar 2011

Noko lettsindig???? tja.....

Nokon vil vel sei eg er det , ja......etter mange gilde gåver me fekk til jol, går eg og kjøper noko so unyttig som detta.......ei kaffimaskin.........



Her trengs det ei forklaring...........den før omtalte "Oslostudenten" fekk nemleg ei slik i jolepresang (frå oss)...........

Den maskina har stått på kjøkkenet, då......til han reiste i føremiddag. Den har vore flittig i bruk, og bonden og eg har verkeleg fått smaken på ymse sortar kaffi.....for ikkje å snakke om den varme sjokoladen ein kan trylle fram på ein blunk.............den set bonden verkeleg pris på......


Her er fleire sortar å prøve ut......

No skal me verkeleg "koose vårs"..........
Ha ei fin helg, du!

onsdag 5. januar 2011

Utsikt frå kjøkkenvindauga....

........på onsdag. Slik har eg tenkt innlegga skal bli kvar onsdag...om eg klarar å gjennomføre det, då........sjølvsagt vil det bli mange nesten like bilde, men ein vil òg sjå skifte med vèr og vind.....årstider ...osv.
Idèen fann eg på bloggen I eit hus i ein dal...som hadde sett det på ein anna blogg.
Slik såg det ut her i ettermiddag...........

I kveld har eg vore på møte i quiltelaget, skikkeleg inspirerande.......er so mange flinke sydamer der.
Har berre lyst å dra fram symaskina, men trur eg får vente til i morgon..........nesten natt no........

søndag 2. januar 2011

Startar med sokkar, eg......

...i det nye året.
Sant å sei synest eg sokkestrikking er ganske kjedeleg, men når yngste son....."Oslostudenten", forkynner for mor si :
"Eg har berre 1 par tjukke
sokkar, og dei er so tunnslitne at eg kan sjå gjennom dei.....
.DÅ er det vel på tide å finne fram garn og pinnar...........(stakkars gut!)
Eitt par er ferdig, godt igong med nr.2....og har tru på at nr. 3 skal bli ferdig før han dreg over fjellet fredag føremiddag........og so gler eg meg til det andre eg skal gjere etterpå........


Har ellers ein roleg dag, fått på plass service og bestikk etter joleselskapa........men jola skal me ha lenge endå.....
heilt til trettendedagen....
eller kanskje tjuendedagen.
I dag er det lutefisk på menyen for bonden og meg........det blir godt!
Ha det godt so lenge!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...