søndag 25. september 2011

Ein lang dag i fjellet.....

Helgane på denne tid av året går stort sett med til å leite etter sauer. I dag hadde eg fri og kunne vere med.Og det vart ein lang dag, me reiste tidleg i føremiddag og var heime att i skumringa i kveld. 
Ein herleg følelse å kome seg til fjells.......sjølv om det har vore gråvèr og litt regn.


 Tinka tek seg gjerne eit bad i friskt fjellvatn...
"Tru om bonden har teke med niste til meg òg".....

                                               Lussi kosar seg......


 I denne lia  fann me 4 dyr, 2 sauer og 2 lam. Her var det til tider vanskeleg å ta seg fram, bratt og kronglete.......faktisk so bratt at eg til tider måtte krabbe på alle fire...
                                           På heimveg..
Ein litt strevsom dag....men når eg er komen heim, har fått ein dusj.......god middag,fyr på peisen, beina på krakken og litt raudt i glaset........då tenkjer eg: 
For ein fantastisk  dag det var!

lørdag 24. september 2011

Ei nysydd veske.

 Denne veka kom sylysta over meg...........har aldri hatt mot til å begynne på ei veske, men no var tida inne.
Takka vere godt mønster med grundig forklaring kom eg i hamn.
 Lange hankar.....
 Modellen heiter "Romantisk sommarveske" og er designa av Bente Malm.
God sundag i vente til deko alle!

onsdag 21. september 2011

Ein liten pus....

 ..er komen til oss i dag.Er eit par år sidan me hadde katt, og no hadde dei ein til "overs"  i Rosaheimen.
Er litt spent på korleis Lussi og Tinka vil ta imot den nye familiemedlemen.
Her kjem bonden med sine formaningar......



 Trygg plass på  skuldra, inn her  i stova kjem ikkje dei to nysgjerrige......
Fin onsdagskveld!

lørdag 17. september 2011

Tilbake til kvardagen........

...etter fine dagar i Paris. Mange opplevingar, flinke guidar, mykje god mat og vin. Litt shopping og i det heile teke ein super tur!
Her er me på veg til slottet til Ludvig 14. i Versailles....med guide Svanhild i spissen, kanskje det besøket som var mest overveldande.
Himmelsenga til Solkongen....gull og brokade!

                   
                                                                Speilsalen.
Deler av eit takmåleri som det tok kunstnaren 3 år å måle, hengande der oppe under taket....
Guiden i Versailles,Unni...........kjempeflink dame!

Ein liten nisse måtte eg ha med heim frå Paris.......
typisk souvernir-nisse!!
Ute skin sola, eg er på jobb, bonden  på sauesanking.........(skulle gjerne vore med...)Ha ei fin helg alle!

lørdag 10. september 2011

Me er ferdige med slåtten......

 Og dette bildet skal liksom symbolisere det.........det var iallfall tanken. Det har teke si tid, mykje pga dårleg vèr, men no er alt endeleg i hus. River  og høygaflar er trygt plassert i løo, og der skal dei få stå leeenge.
Skal bli godt å kunne konsentere seg om andre ting enn gras og høy no....
 Tinka og Lussi stiller gjerne opp, når eg spør dei...

No skal resten pakkast i kofferten, og i morgon (gry-)tidleg fèr me avgårde til Paris!
Det blir stas for Bonden og kåno!

onsdag 7. september 2011

Gilde gåver......

Me hadde ikkje lagt opp til noko feiring av dagen vår sist sundag.......men gilde gåver vart det. Sjå berre på denne fine pynta sjokoladeøskja........laga av dottera vår.
                         ...med gode ord.
Den store  overraskinga stod dette flotte orkesteret for.....der dei aldeles uventa kom marsjerande opp (den bratte) bakken til huset vårt sundag føremiddag.
             Heile 12 i talet var dei, og endå var det 3 som  "mangla"......og alle er "våre".
Detta sette Besten og Besta stor pris på!!

søndag 4. september 2011

Rubinbryllupsdag.........

 ...det har bonden og eg i dag...4 september.
                       40 år som ektefolk....ikkje til å fatte.
 Takk  for dei fyrste 40  åra ilag, ser med glede fram mot dei neste...
Om 1 veke set me oss på flyet til Paris........"litt" forseinka bryllupsreise kallar me det. Det trur eg vert fantastisk...
Ha ein fin sundag!

torsdag 1. september 2011

Det blømer framleis........


 .....sjølv om me tydeleg merkar at hausten er her.
Balkanfesten vart akkurat like strålande som me hadde håpa på. Sjølv om vèrgudane ikkje var i go'lag,  vart det ei fantastisk helg. 
Som eg nemde i forrige innlegg, vert det laga film om festen.......og du kan vere trygg på at det vert annonsert her på bloggen.

 Sommargeorginene eg sådde i vår er verkeleg flotte..........
 Fyrste året eg har sådd løvemunn, den er fin òg..........men komen heilt i skuggen (bak) av georginene, har litt å lære når det gjeld planlegging i hagen.
God helg til alle.......eg har fri og skal drive med håslåtten!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...