lørdag 29. november 2008

Advent

Stjerna er på plass i vindauga....


Aldri hadde eg tenkt at det skulle bli noko anna enn lilla adventslys i dette huset.....men i dag fekk eg ånden over meg. Var innom Nille og der fann eg dette blanke fatet. Kvite kubbelys med litt pynt, og vips vart det ein ny vri i år.


Duken er lilla, får no vere måte på forandring.

På kjøkkenet har eg den gamle adventstaken med lilla lys. Svigerfar var ein dyktig handverkar, og denne adventstaken laga han til meg for mange år sidan. Han døydde i mars dette året, nær 94 år gamal. Me saknar han på garden, han kunne so mykje og var ein arbeidskar av dei sjeldne.

Og dette er den pynten som vert teke fram no. Sjølv kor glad eg er i nissar og anna julepynt, får dei ikkje setje sin fot i stova (eller andre stader) før vesle julaftan. Når gåver og mat er handla inn, huset rydda og vaska so det skin i kvar ei krå, då er det eg tek fram pynten og kosar meg retteleg.


Ha ei fin 1. adventhelg!

fredag 28. november 2008

Jolahus

I år har me teke det store spranget: lagar til vår eiga jolemesse. eller jolahus som me kallar det.
Nikoline , Kirsti (uten blogg) og eg. Har snakka om det mange gonger, at me skulle finne på noko slikt i lag. I år vart det, og me er spente og gler oss.........all energi vert sett inn i produksjon og alt anna får segle sin eigen sjø.....inntil vidare.

Må vel foresten ta meg tid til å finne fram adventstjerna og litt lys i morgon.

I kveld tok me (bonden og eg) oss fri, reiste til by'n for å treffe eine bror min og svigerinne ( som var på bytur for ei feire dagen til ei veninne) , gjekk ut og hadde ein bedre middag , for so å ta toget heim att...ein koseleg kveld.
HA EI FIN HELG ALLE , HER MÅ DET PRODUSERAST!

onsdag 26. november 2008

Lussi har flytta...

..heim att.I innlegget mitt 18 november fortalde eg om Lussi som hadde flytta ut.

Saknet har vore stort, men slik måtte det vera.....Bonden har ved eit par høve snakka med mannen i huset som overtok henne, og dei var svært fornøgde. Maken til snill og lydig hund.....
MEN so viste det seg at mor i huset ikkje var heilt einig i eit dei skulle få ein ny hund når dei hadde ein frå før.( Far og søner hadde vel håpa at mor skulle gje etter). Tenkjer meg at det har vore visse diskusjonar og familieråd der i huset, ja.

Mor vann, og det heile enda med at Lussi vart levert tilbake i dag.
Gjensynsgleda var stor !


So flaks at eg hadde spart eit kjøtbein frå sundagssteika...



Og kva gjer me no? Hm... trur me kjem til å ha 3 hundar.....

To Molly - with love

Tenkjer på deg!

tirsdag 25. november 2008

Telysposar og utmerking

Fekk det plutseleg over meg at eg skulle sy fleire posar med bilde på, til "prosjektet" den 6. og 7. desember. Kjekke til å ha ting og tang i... Sikkert ikkje det luraste eg gjer, for sydde ting er det eg har seld minst av på julemessene eg har vore på. Men har eg lyst å sy, so syr eg.


Har fått ei ny utmerking, denne frå Torunn.
Takkar hjarteleg og lagrar den på sida, so kan eg glede meg over den.....



søndag 23. november 2008

Vangskyrkja og store nissar

I dag startar innlegget med litt kyrkjehistorie....tok dette bildet av Vangskyrkja på veg til jobb i dag. Litt historie skal de få med...


Den mektige Vangskyrkja er ei steinkirke som stod ferdig i 1277. Den første kirka som stod her var i tre, sannsyligvis ei stavkirke, men i et kongebrev fra 1271 takker Magnus Lagabøte vossingene fordi de bygger steinkirke i stedet for trekirke, og følger rådet fra hans far, Håkon Håkonson.Vangskyrkja er i bruk den dag i dag med gudstjenester hver søndag.


Neste tema:
Dette er dei største nissane eg lagar. Dei er ca 30 cm høge (i ståande stilling)
Her òg er ansiktet laga i cernit. Pleier plassere dei på røter/rekved, og ha litt "pynt" rundt dei.
Desse er nylaga og skal vere med fyrste helga i desember.









Apropos cernit, ei lita historie frå fyrste messa eg var på i haust: Ei dame studerte nissane mine både vel og lenge....og sa: "Eg likar nissane dine, men ikkje at du brukar plastfjes!" Eg prøvde å forklare at fjesa hadde eg forma i cernit, men det verka ikkje som ho heilt hadde tru på det. Samtalen enda iallfall med:"Hvis du kjem att neste år og har andre fjes, skal eg kanskje kjøpe hjå deg."
Slik er det, ein må tole både ros og ris.......( enten det er berettiga eller ikkje..)
Ha ein nydeleg sundag vidare!

fredag 21. november 2008

Utmerking

Denne flotte utmerkinga har eg fått frå Line med bloggen Kvardagsliv i Storemyra. Tusen, tusen takk. Den sette eg stor pris på.

torsdag 20. november 2008

Julesokk

Nokon slike strikka julesokkar har vorte produserte i det siste. Dei er ca 55 cm lange, so her det plass til mykje.....berre denne er heilt ferdig. Foresten, det var visst meininga at den musa skulle ha noko i handa....kanskje ein pakke? Hm...då var den visst ikkje heilt ferdig likevel.






I morgon er det fredag, ei god helg i vente til deko alle!

tirsdag 18. november 2008

Lussi har flytta...

Som eg har fortalt før har me tre hundar.
TEDDY er 10 år gammal og fantastisk flink å gjete sauer.Men han dreg på åra og i beste fall kan me rekne med at han fungerar som gjetar eit par år til...

TINKA er3,5 mnd og håpet er at ho skal ta over oppgåvene etter Teddy.


LUSSI er 3 år gamal og dotter til Teddy, og me hadde lenge tru på at ho skulle verta gjetarhund....men desverre....ho har nok ikkje arva "gjetargenene" og ein gjetarhund MÅ me ha.
Men tre hundar er rett og slett for mykje....
Lussi er kjempesnill, glad i ungar og den perfekte familiehund. Me har snakka med fleire om dei vil overta ho, uten at det har lukkast. Har ikkje lyst å berre gje ho vekk til nokon me ikkje kjenner....Men for eit par dagar sidan fekk me napp. Og no i kveld på jobb ringde bonden og sa at ho hadde flytta.... til ein plass der me veit at ho får det godt.
Men eg syns det skjedde litt for kjapt, fekk ikkje ta farvel.... Kanskje like greit, hadde vorte frykteleg trist.....og det vert det uansett når eg kjem heim i kveld og ho ikkje er der.



Trøysta er at ho er ikkje reist langt, so me får nok sjå ho att.

søndag 16. november 2008

To flotte mus.

So var denne julemessa over òg. Ei kjekk helg, og bra salg. Det likar me........
I dag skal de få sjå to filta mus, og det er IKKJE eg som har laga dei. Eg "oppdaga" dei nett før salget starta i går og var rask å sikre meg dei.....syns dei er fantastisk fine....Mannen som har laga dei var med på messe for fyrste gong, og var overvelda over responsen. Han hadde òg troll, snømenn, fuglar og div julepynt, alt laga med filtenål. Forstod at han jobbar på Hillesvåg ullvarefabrikk, so han skulle no ha lett tilgang til materialar, kan du sei...
Dei 25-30 cm høge, og har teke plass i peisen.


Ynsker alle ei produktiv veke, eg må produsere......har ein plan.....kjem tilbake til den.

lørdag 15. november 2008

Julemesse.

I dag har eg vore på julemesse........og salget har slett ikkje vore so verst. Kjekt å vere med, prate med koselege folk og sjølvsagt selja litt av det eg har produsert.
Her er standen min før salget kom i gang. Er heldigvis litt meir " glissent" på vegg og bord ved dagens slutt.




Håpar på meir salg i morgon, ha ein fin sundag!

torsdag 13. november 2008

Gåve

I anledning Kjersti i bloggen Mikkje sitt innlegg nr 150, kunne den som kommenterte vinne ei gåve. 24 kommenterte og tenk so var det eg som vart trekt ut....snakk om flaks....
I går kom det pakke til meg, kjempekoseleg! Og det var ikkje berre 1 ting, du...sjå berre kva pakken inneheldt:
Ei flott toalettveske.

Mappe til lommetørkle.
Og i tillegg serviettar, kaffi og sjokolade.....mmm....no skal eg riktig kose meg.
Tusen, tusen takk Kjersti.....nesten so julaftan på forskot detta....
Ei god helg til deko alle.....eg skal på messe igjen!

onsdag 12. november 2008

Bonden er bortreist....

Bonden er på HV-øving denne veka, og dermed må minstemann ( på 18 år) og eg styre ståket heime. Og eg som er van med forsiktig vekking og ein kopp kaffi før eg fòrlet sengevarmen, vaknar med dunder og brak av ein grusom klokkeradiolyd + mobilalarm. Fyrste morgonen hadde klokkeradioen "herja på" i eit kvarter før eg vakna...... då slo nemleg mobilen til......
Å, kor glad eg er at det ikkje er slik til vanleg........bortskjemt? eg? ånei....

Ein nydeleg morgon var det å kome ut til idag...



Florsstellet er ein del av den daglege rutinen og Tinka, Lussi og Teddy (frå venstre) vert hoppande glade når dei ser at eg tek på meg arbeidsdressen



God trim å lesse "ørten" trillebårer med silofòr.






I morgon kjem bonden heim - Hurra!
God onsdag kveld!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...