fredag 29. juli 2011

Er tilbake.......

 Lenge sidan siste innlegg, men blogging har ikkje vore det eg har tenkt på siste veka. Tankane har mest kverna kring det grusomme  som skjedde sist fredag, og kor mange som har det ufatteleg vondt.
Ikkje at eg kjenner nokon av dei som er ramma, men i dette tilfelle er det som det angår oss alle.
Siste dagane har eg i ledige stunder putla på med denne toalettveska........kjekt å sy.
Mønsteret er Mona Rossvold  Bauge sitt, kjøpt på Quiltekroken i Bergen.
 Har allereie gjeve den i presang til ei ung dame....
I dag har det vore strålande vèr,me har laga oss til med  flathøy og får travle dagar med snuing.....det likar eg!

søndag 17. juli 2011

Til minne om Teddy..

Etter ein bytur med ei god veninne sist veke ( med besøk på Quiltekroken) kom sylysta som kasta på meg.........MÅTTE berre sy.......
Men med det fine vèret, flathøy og siloslått var det ikkje snakk om......før i dag.
Eg vart ikkje det minste lei meg for regnet i dag, straks etter frukost var eg i gang.Med opptil fleire rundar med koseleg besøk, vaflar og kaffi har det ikke vorte produsert so mykje. Har nett fått ferdig denne puta med bilde av Teddy, den kjempeflinke gjetaren vår som me miste i fjor.
Veldig kjekt med ark med bomullstoff på, so ein kan printe ut bilde......fiks ferdige....Panduro hadde desse.
Er i gang med neste syprosjekt, med bilde av eit anna dyr på garden.....detta var kjekt!!!

søndag 10. juli 2011

Grått, litt vått og glimt av sol......

...slik var vèret på fjellturen vår i dag. Målet med turen var å bera til fjells saltstein til sauene, og litt mjøl hadde me òg med, i håp om å treffe på nokon av dei.

 Ikkje lenge før me møtte dei fyrste, som sette stor pris på godsakene me hadde med til dei.
 Ei og anna snøfonn måtte forserast på vegen......
 Her er saltsteinane kome på plass....
 Sjølv om det var trugande skyer over oss på heile turen, var det ikkje mange regndropane me fekk....
Ein fin sundag!

lørdag 9. juli 2011

Medan me ventar på Balkanfest.....

...eller kanskje innlegget kunne heite: tre brør spelar ved Tre Brør.
Dette musikalske stuntet fekk me iallfall oppleva på torget på Voss(ved Tre Brør Kafè) i dag. Dei tre brørne "reklamerte" for Balkanfest Evanger, som går av stabelen siste helga i august.
Då vert (som det står i programmet) bygda vår "omgjort" til ei bygd i indre Serbia, med Balkanmusikk, masse god (serbisk og norsk) mat og stor stemning!
 Du er hjarteleg velkomen til å besøkje bygda vår den helga...........vil du sjå kva som skal føregå?.....sjå HER.
Skulle ynskje eg hadde eit kjempestort hus, so skulle eg teke imot "alle". Det me kan tilby er plass til telt/campingvogn/bubil.
Dessutan går det tog/buss "rett forbi" Evanger.
Det var reklamen for i dag.
Ha ei fin helg, eg er nett begynt på ferie og håpar på betre vèr!

søndag 3. juli 2011

Strikkasykkel...eller sykkelstrikk.

Med god hjelp av Knittax'en har eg "fornya" den gamle sykkelen til bonden. Sykkelen vart ifylgje eigaren kjøpt på auksjon eingong på femtitalet, og var fyrste (og einaste) sykkelen hans.
No hadde den lege på loftet i løo i ein mannsalder, og eg synest det var på høg tid å få den fram i lyset att.
Dette var bonden svært skeptisk til, enten fekk den ligge der den låg eller so fekk me pusse den "skikkeleg" opp, dvs fjerne rust og lakke den opp att. Det strir imot alle prinsipp  å dekke over gammal rust med ullgarn, nemleg.
 No spår han at rusten vil kome gjennom strikket etter kvart, tida vil vise........men han er einig i at sykkelen vart riktig  so staseleg der den står, pynta med blomar.
Ha ein fin sundag vidare.......etter ein flott sommardag med 28 gr. i går, er det pøsregn att i dag!!

fredag 1. juli 2011

I nissemodus....

...midt på sommaren. I ledige stunder er eg iallfall igong med nisseproduksjon. Det er "berre" 4,5 mnd til eg skal på messe, og mangt og mykje skal òg gjerast før den tid. I går kveld drog eg fram restane etter fjorårets produsjon, fekk sortert og sett over kva eg har i "nissekassane" mine.
 Her var kroppar uten klè, kroppar med klè.......og ein del ferdige klè........kjekt å ha!
 Ellers driv me med slåtten, men vèrgudane er absolutt IKKJE på vår side......MEN i morgon skal det bli bra, då må me få mange lass på siloen.
Blogginga òg er på eit lavmål, med berre eit innlegg for veka....får håpe på bedring på det området òg.
Får stadig tilbakemeldingar om kommentarar frå meg som hamnar i nettsøppelet. Kjedelege  greier, håpar det går an å få gjort noko med det. Iallfall skal min private "datadoktor" sjå på problemet når ho får tid (ferie).
Ha ei fin helg, du!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...