onsdag 29. april 2009

Pil i whiskeytønne......(og frustrasjon.)

Det pilprosjektet eg dreiv med sist veke har stått i vatn og venta på eit høveleg kar å bli planta i... .......kom til at eg hadde ikkje noko som var stort nok......men på Plantasjen var det ikkje store problemet å finne...... Måtte ha noko stort og stødig.......og synest denne Whiskeytønna er fin. Artig namn foresten, men det minner vel om ei halv slik, då.....

No er den trygt plassert i tønna og eg kan vente på at den skal slå rot og verta grøn på toppen.
Skal passe den som ein "smed"...........

I gledesrusen etter tannlegebesøket "smelte" eg til med ei jordbærkrukke òg.....+ plantar, sjølvsagt. Trur vel kanskje ikkje det vert den kjempestore avlinga her, men synest den er so dekorativ.
So til frustrasjonen: Får ikkje kommentert på ein del bloggar.......dvs.....der kommentarfeltet er akkurat slik som på min blogg går det bra.......men på dei andre skjer det "ingen ting"!!!!!
Eg vert so frustert at eg held på å "klikke"....men kva hjelper det????
Nei, må nok avgårde til "datadoktoren" igjen......(som heldigvis ikkje bur so langt unna..)
Ha det so bra!!!!

mandag 27. april 2009

Jau, det står til liv....

..sjølv om det har vorte langt mellom innlegga i det siste..........av og til vert det slik....at andre ting tek alt av energi og tankeverksemd, og blogginga vert nedpriorotert........ Vil tru at mange av deko andre til tider har det slik òg.

Idag har eg vore til tannlege ( sist eg skreiv at eg skulle til Åsane i det ærendet hadde eg rett og slett bomma på tida)....ganske pinleg når dei ringjer og seier at dei ventar på meg.....og eg står heime i dusjen.



Ny time i dag......og so fekk eg oppleve noko eg aldri hadde trudd gjekk an.......
tannlegedamo fjerna litt tannstein og sa: Ser fint ut, dette........ny sjekk om eit halvt år!!!
Rekning på "berre" 600,-kr......kan fortelje at tannlegerekningane mine pleier ha heilt andre dimensjonar.....

Letta og jublande glad køyrde eg strake vegen til Plantasjen.......resultatet av det besøket kjem seinare.......

Foresten, tenkte eg skulle vise deko tunellen min i dag.........ikkje det at eg bur der...

....og ikkje er den lang, men du hendelse kor kjekt å bli oppkalla.....Hm...!!
Nyt våren!!

onsdag 22. april 2009

Pilfletting

I byrjinga av februar var eg på kurs i pilfletting,noko som eg viste her i bloggen. På kurset avtalte me med kursdamo at me skulle få fletta med levande pil utpå våren.
No har me vore eit par økter heime hjå ho og fletta, dvs eg hadde berre ca. ein time til rådvelde kvar gong pga jobben.
Men eg fekk iallfall laga eit produkt......som eg håpar vil slå rot og trivast.
Er so utruleg mykje fint ein kan lage til pynt i hagen.
Dette fyrste bilde er frå ei dansk bok om pilfletting.....flott, ikkje sant??

Den spede begynnelse på mitt produkt......
Etter nokon omgangar med fletting....... fleire bilde kjem når det er ferdig (og kanskje har slått rot)??

Ting som kursdamo har laga nyleg.
Fekk òg kjøpt nokon "pinnar" til å plante, so gjenstår det å sjå om eg klarar å dyrke pil............håpar.

lørdag 18. april 2009

Eit møka-innlegg.....

...i ordets rette forstand er dette. Undertittelen på bloggen min er:Livet på garden og hobbyane mine. I desse dagar er det utvilsomt mest av det fyrste, med full våronn.
Nett no er husdyrgjødsla som skal ut på bakkane, eller "Bonden gull" som nokon kallar det.....(me kallar det møk, rett og slett).


Ganske tung jobb dette i dei bratte bakkane våre............



Dei som ikkje er van med det, synest truleg at den lukta er aldeles vederstyggeleg........men det luktar vår.

Me har opplevd at folk som har gått forbi på vegen har gremma seg......men naboane våre er svært so forståelsefulle.....og har ikkje klaga.

I går kveld var yngste son på speling og då måtte eg trø til, men berre for å "styre med" traktoren og "koble om".



Heklearbeidet var med i tilfelle det skulle bli nokon minutt lediggang.




I dag har Børge vore heime og han er litt meir egna til dette arbeidet enn eg, heldigvis...
Far og son i rådslaging......



Med desse fine blomane eg fann ute idag ynskjer eg deko alle ein strålande sundag i morgon!!!

torsdag 16. april 2009

Fullt trøkk i sauefloren.

I mitt forrige innlegg om lamming, var den sovidt komen i gang.....no, derimot, er full fart både dag og natt.
Lova seier: Merke i begge øyrene, i det eine merket er det dessutan ei digital brikke med opplysningar som eigar, individnr. osv...
I fjor kjøpte bonden 2 sauer av rasen gammalnorsk spelsau.....og i dag fekk den fyrste (Lykle) lam, stor stas.......

I dag har me hatt fleire besøk av unge i bygda som vil sjå på lamma....

"No ventar me på grønt gras og solrike dagar...!! "

tirsdag 14. april 2009

Våronna er i gang...

Desse siste dagane har våren slege til for fullt, og me kan sjå tydeleg kor graset veks for kvar dag......våronna er i gang......På planen i dag stod å skrape sand og grus........under brøytinga i vinter (spesielt når det har kome snø og det har vore tint under) har ein del av grusen teke same vegen som snøen, also utom vegen.

Dette er særdeles upraktisk når me kjem med slåmaskina, kniven likar dårleg sand og stein.

Gamal reiskap er teken i bruk og det er berre handemakt som duger her.....

Also: skrape saman og bære opp att, slik er det......
Kunne sjølvsagt hatt traktor med skuffe og lessa det oppi, og so køyrt det opp att......(har hatt tilbod om det..)men so måtte traktoren flyttast "heile tida",og eg er ikkje nokon traktorsjåfør....nei, gjer eg det på min måte.......
og dessutan: Sabla god trim, og det kan trengjast etter alt påskesnopet eg har "knekt" i meg.
No er grusen "på plass" igjen, iblanda litt gras og mose......

Ein føremiddag til no.....so er jobben gjort.

søndag 12. april 2009

Middagsbesøk.

I dag har me hatt barn og barnebarn på middagsbesøk. Me er so heldige at alle bur i bygda her, men det er ikkje alltid like lett å samle dei likevel, aktive som dei er....

Husmora har stått på frå morgonen av med førebuing,......men eg synest det er veldig kjekt.....og ser heilt klart kor heldige me er som er stor familie. Bonden og yngste son er gode medhjelparar og kvir seg ikkje for å ta eit tak.......enten det gjeld golvvask eller anna førefallande.

Fine harepusserviettar..........eller kanskje det er kanin??


Prøvde med seriettar på lys ved å bruke strykejern.......gjekk heilt fint, det.....


So er det berre 1 dag igjen av påska 2009.
Yr.no lovar strålande ver.......herleg!!!!
Nyt morgondagen!!!!!

Denne flotte har eg fått av Brit....Tusen takk!!!

fredag 10. april 2009

SYSKRIN

Noko skal ein no finne å pusle med....og i dag vart det "syskrinmakeover".
På ein av "loppeturane" sist sommar var eg so heldig å kapre dette syskrinet..........litt spesiell fasong, iallfall har ikkje eg sett slikt før.

I den store malesjauen før påske fekk det eit par strøk, dette òg.
I dag har eg pynta det litt med rosestoff. Prøvde fyrst med serviett decopage, men det vart svært lite vellukka......vart so mange skrukker at eg røska det av (les: skrapte) og brukte heller stoff. Er litt lettare, synest eg.
Skulle gjerne kunna det trikset med serviett til decopage: Korleis går ein fram for at det ikkje skal bli "skrukkete"????? Berre eitt lag serviett toler knapt nok at ein tek i den.....Tips vert motteke med takk!!!
Men syskrinet er eg fornøgd med...


Ha ei god påske vidare!!!

onsdag 8. april 2009

FEERDIIIIG!!!!!

Puh...eg er ferdig å måle stova, malingspann og -utstyr er rydda ut....og møblane har fått kome innatt......endeleg! Riktig nok er det litt tomt på veggane endå....me rakk ikkje å kjøpe lamper, og har ikkje heilt bestemt kva anna som skal opp att.
Me er so fornøgde med resultatet...lyst og triveleg. Eg seier me, for bonden som i utgangspunktet ikkje syntest detta var nokon god idè er einig i at det vart fint.

Dei gamle gardina får gjere nytten ei stund til....

Har funne fram to dukar eg har arva........dukar som mor mi broderte i sin ungdom.
Synest dei er so utruleg fine...er so glad dei er mine.


Med bilde av desse to søte harepusane (arv, det òg) ynskjer eg alle ei
God påske!

mandag 6. april 2009

Tannlegeskrekk!

I morgon skal eg til tannlegen og eg kvir meg ikkje....og det er nytt for meg!


Angsten for tannlegen har fylgt meg "heile livet". Minnast med gru skuletannlegen.....han var sikkert ikkje verre enn andre, men det var nok der det "skar" seg.

Eg gjekk på ein liten grendaskule og alle elevane reiste til tannlegen samstundes....var ikkje snakk om noko timeavtale for kvar enkelt, nei, me sat der i timevis og venta. Dei tøffaste var sjølvsagt frampå og kom fyrst inn medan andre sat skjelvande på venterommet og fekk høyre den eine skremselshistoria verre enn den andre...

Etter at tida med skuletannlege var slutt, lovde eg meg sjølv at aldri skulle eg gå gjennom dette frivillig.......heilt idiotisk, sjølvsagt ......og etter kvart fekk heldigvis bonden meg på betre tankar.

Etter at min faste tannlege slutta vart det vanskeleg, MEN so vart eg tipsa om ein tannlege som er flink med slike (raringar) som meg......

Og underet har skjedd: Eg er kurert for skrekken!
Denne dama må sjølvsagt gjere det som må til......men ho skjønar problemet og det hjelper.........
Etter at eg vore til tannlegen vert det litt shopping...nevner berre: Stoff og Stil , Ikea?, Plantasjen? Farmors hus?..........håpar ikkje tannlegedamo "robbar" altfor mykje av det eg har på kontoen!

lørdag 4. april 2009

Palmehelg, måling og jazz.

De er kanskje lei av "målingmas", men de slepp ikkje unna.....
Meir jobb enn berekna og ymse andre ting har gjort at stova er langtifrå ferdig.........malingspanna og det andre utstyret står her framleis.

Når sant skal seiast har eg ikkje måla i dag. Har konsentrert med om andre gjeremål som rydding og jakt på (hybel)kaniner i resten av huset. Har tre barnebarn på overnatting og litt måtte førebuast til det.....
(Løparen på bordet sydde eg for mange år sidan)

Og når eg var so lettsindig at eg reiste på jazzkonsert i staden for å måle i ettermiddag får eg ta "straffa" i morgon (eller mandag).
Ha ei riktig fin palmehelg!

onsdag 1. april 2009

Nye bloggar...

Besøk den splitter nye bloggen Patina. To dyktige damer har drive brukbutikk i bygda vår nokon år (dei har òg nettbutikk).


No har dei fått med ei tredje dame og har nye planer.....me er spente og ynskjer :

Lukke til!



Denne må du òg besøkje, tre damer med ny salsblogg....

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...