mandag 29. september 2008

Peisved

Jobben med å skaffe ved til peis og ovnar er triveleg.....Bonden feller trea og kvistar dei , ofte er det han som kuttar dei i høvelege lengder òg. Men av og til kjem det heim i tunet store stokkar. Som regel er det eg som overtek når dei er komne so langt...


Denne motorsaga er akkurat passeleg til meg, dessuten er den elektrisk og dermed ingen startvanskar. Har riktignok klart å sage i ledningen eit par gonger, men det fiksar bonden lett.



Kløyvinga går som ein leik med denne dugelege reiskapen, kobla til traktoren.


Gamle Volvoen har endå krefter til å "dra" vedkløyvaren...

Dette arbeidet føregår vinter og vår.....

Etter at veden har lege her og turka i eit år eller vel so det, er den turr og fin.....og klar til å fyre med....... Då går eg min daglege morgontur, hentar ved i vedhuset.....
...kapper opp med kappsaga som står i løo.....


......og bèr i hus.....fyrst inntil svigermor, sler av ein prat med henne og høyrer korleis det står til..
Deretter det som trengs i heimen til eit døgns forbruk...
Sjølvsagt kunne dette vore gjort mykje meir rajonelt, saga i større mengder med ein gong, køyrt med traktor osv.....men eg kosar meg med dette " morgonritualet", so kvifor endre på det då?
( Bilde lånt frå nettet)

I morgon er det tirsdag, kos deg då!

lørdag 27. september 2008

Haust



D'er haust.
Det ruskar ute med regn og kalde vind.
Småfuglen flyg mot rute og ville gjerne inn.
Men under omnen god der ligg på sekkepute
han gamle Mons i ro.
Arne Garborg


Ha ein fin sundag i vente!

torsdag 25. september 2008

Dorullenglar

Alle har vel ei viss erfaring med dorullnissar (-og englar for den del)..iallfall me som har levd ei stund og har voksne ungar. Er vel meir for ein klassikar å rekne.... Lurer foresten på om det vert laga slike på skulen no til dags..

Men det skal dette innlegget handle om...fann eit eksemplar i ei av mine mange hobbybøker, og tenkte at den ideèn må det vere råd å "videreutvikle".



Kappa er laga av eit opprive laken dyppa i gips.....eit forferdeleg griseri...

Beviset på at det er ein dorullengel...




Pynten er serviettdecopage og gullmaling, fjeset av cernit.


Engleorkesteret

På plass på "lageret", ventar på julemesse...


Ha ei god helg!

søndag 21. september 2008

Sauesanking

Tida omkring 20 september er det på tide å få sauene heim frå fjellbeite. Iallfall startar me då, men mykje av hausten pleier å gå med før me gjev oss.I går var eg på jobb, men i dag kunne eg heldigvis vere med til fjells. Ikkje akkurat strålande sol, men ein flott dag likevel..


Bonden speidar utover....

Dagens fyrste: men fleire er sett.....og dermed vart det min "jobb" å passe på desse medan bonden og drengen tok seg fram i ulendt terreng på jakt etter fleire...

Lussi vart att og heldt meg med selskap..ho er snill og kjekk, men totalt ubrukeleg som gjetarhund....


Og kva finn ein på medan eit sit der "på post"?
Jau, sjølvsagt tek ein fram strikketøyet....vart faktisk to vaskeklutar medan eg venta.

Slett ikkje verst å sitje der i fjellheimen med strikketøy og tekoppen. Overraskinga var stor då ein flott kronhjort kom forbi.......litt lang avstand, men eg klarte heldigvis å "rote fram" kamera før han fòr vidare...sjeldan å sjå slike til fjells, mykje oftare langs vegane..



Litt fleire sauer kom til etter kvart....




























På rad og rekke...


Heimover med dagens "fangst".

Enno manglar me mange, men har sanka berre ei helg, og hausten er lang...

Ha ei god og kreativ veke alle der ute..!

lørdag 20. september 2008

Ny bil?

Denne helga er det bilutstilling på arbeidsplassen min. Splitter nye, blanke, fine bilar står der på rad og rekke...........og folk strøymer til i hopetal for å studere alle desse vedundera.


Litt fine blomar innimellom.....



Små grupper med bord og stolar, der ein kan slå seg ned og ta ein prat med seljarane, som sjølvsagt håper å dra i land ei og anna kontrakt.




Denne kunne eg ha tenkt meg:













Klar for prøvetur...


Til slutt ei lita påminning:


Med dette ynskjer eg alle ei super helg!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...