torsdag 27. mai 2010

Ein bloggar om so mangt.......

...og dagens innlegg handlar om ved.......eller rettare sagt:Vealad (vedstabel) som må løast (stablast) om att. Kanskje eg gjorde ein dårleg jobb i fjor, iallfall heldt det ein laet på å rase ned, og noko måtte gjerast....var rett og slett rasfare i vedhuset. Mottoet mitt når eg lør ved er: Berre det ikkje dett ned, so er det bra nok...(skal gå kjapt, veit du...)......men noko må ha svikta......( det er ganske stor bevegelse i veden under tørkeprosessen òg....... dette til mitt forsvar....)


Ein liten dytt, og det datt overrende.......so var det å begynne på nytt.......

Ser straks bedre ut no, ja........

Og so får eg plass til det som ligg att ute.........
Dette var min jobb i kveld...........
Ha ei god helg, du!

lørdag 22. mai 2010

Ein paviljong.

Eg har lenge sakna ein plass der me kan sitje ute........og sitje turt sjølv i regnvèr...........og ulike løysingar har vore vurderte.
Noko permanent løysing er so langt ikkje kome i stand, men i går var eg på Plantasjen og kjøpte paviljong......kanskje ikkje det finaste byggverket...men du so praktisk.

Måtte sjølvsagt montere det straks, og innreia........og sat her til seine kvelden.....


Her skal eg riktig kose meg, her kan eg (sjølv om det regnar):
Sitje med pc'en..
Sy, strikke, hekle....osv

Tenkje....
Filosofere.......
Sove middag.......
Ete frukost, middag, kvelds.....
Drikke vin........(og kaffi..)
Sjå på naturen........
Nyte fine sommarkveldar....


Trur da blir bra, eg......
God pinse!

mandag 17. mai 2010

Slik er vår feiring av dagen.....

Startar klokka 8.00 med flaggheising heime.......bonden og Børge spelar:Norge i rødt,hvitt og blått.

Klokka 9.00 spela musikklaget ved aldersheimen........som de ser, regnfrakkar trongst i dag.

Medan dei andre i familien reiser og spelar i to nabobygder, går eg på festgudstjeneste......

Etter gudstenesta er det kransing av bautasteinen.....reist over bygda sin store son..Knute Nelson.....som vart senator i USA.
Neste post er folketoget...........her driv me og stiller opp til det.....
Barnehagen med eiga fane......
Brannbilen var pynta og fekk vere med i toget i år......(bakom ser du garden vår....me bur i det raude huset)
I grendahuset er det servering av tradisjonell mat: Rømmegraut, spekjemat, vossdravle,kaffi og kaker....i dag var 150 personar samla der.
Etter talen for dagen er det klart for leiker av ymse slag........


Til slutt program frå scenen, her song av barnehageborna+ dei yngste på skulen.

Etter at det er slutt i grendahuset går me heim og èt endå meir: potetsalat, spekjemat,dravle..............
Til slutt eit bilde av bonden og kåno i bunadane sine....eg i min Sunnfjordbunad, bonden i Vossabunad.

Takk for i dag, den var fin!

lørdag 15. mai 2010

Endeleg......

...er våren komen ....iallfall er temperaturen mykje behagelegare, og både folk og dyr trivst betre.
Plutseleg var det helg igjen........vekene går fykande fort, og det vert langt mellom blogginnlegga, mangt anna må kome fyrst.
Torsdag vart vårt eldste barnebarn konfirmert og me hadde ein fin dag saman med familien.

Berre 1 sau har att å lemma, dei andre er kome ut.......

Bonden har god kontakt med dyra sine........




Ha ei god helg og ein strålande syttende mai!

tirsdag 11. mai 2010

Nei...nei....nei....

Etter fine (men heller kjølege ...) soldagar i helga.......er det regn, sludd og snø som har teke over.
Og me som har hatt ut ein god del sauer og lam.....

....er ikkje akkurat vèr å danse i detta her, nei........dei står heller og sturer.

Me kan berre slå fast at det er ein uvanleg kald vår.........på våre kantar. Visst har me opplevd snø i mai før , men då har det gjerne vore litt varme "innimellom" òg.....

Håpar på litt varme snart so dei firbeinte kan ha gode dagar ute.......

fredag 7. mai 2010

Vårslepp.

Endeleg kom dagen då me kunne begynne å sleppe ut sauer og lam..........

Merking.....både med nr. og chip.......

Merket vårt klipt i øyra....

Bjølle på mor....

Og nokon formanande ord...(..ser det ut som)...

Glad dans i kveldsola...



Ynsker alle ei strålande helg!
Yr. no lovar oss solrike dagar!

mandag 3. mai 2010

Kva me driv med på garden?

Spreier møk, sjølvsagt....




.........den gode angen breier seg over bygda.....

..og alle vert glade og i vårstemning...

So da so...!!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...