lørdag 30. januar 2010

Bloggestopp....

...vel ikkje noko langvarig stopp.

Er ikkje meir enn fire dagar sidan sist eg laga innlegg, men etter det har energien til å blogge vore totalt fråverande......energien til det meste anna òg, for den del....av og til er det berre slik...men det pleier ikkje vare lenge...heldigvis.

Fekk ei utfordring frå Rosa univers...vis det sjette bildet i den sjette mappa....og det gjer eg med glede. Bildet er teke den dagen me sende sauene til fjells i fjor......kjekt å sjå eit sommarbilde...og Teddy ser svært so fornøgd ut her.



Med dette ynskjer eg deko alle ein god sundag!
Er snart tilbake, håpar eg...

tirsdag 26. januar 2010

Ny mobil---ny veske.

Etter at den gode, gamle mobilen min leid drukningsdøden for ei stund sidan, var eg so heldig at bonden spanderte ein ny. Ville helst ha akkurat same sort, so eg slapp å lære alt på nytt. Vart same merke...men litt nytt måtte eg setje meg inn i......slikt er kjedeleg "arbeid".
Tenkte eg måtte stelle litt godt med den nye.....som å strikke/tove ei veske til den.
Idè og mønster fann eg hjå Heidi......

Borrelås til lukking...

Den ligg godt polstra her.....

Hempe bakpå til å feste i belte......

Svært enkel pynt på lòket......

Historia om telefonen som drukna lyder soleis:
Når eg reiser på jobb om ettermiddagen har eg ofte ein kopp kaffi med, som eg nyt i bilen.
Ein sein kveld på heimveg presterte eg å plassere mobilen oppi den halve kaffikoppen som stod att........etter ei stund oppdaga eg "ulukka", og vel heimkomen forsøkte eg iherdig med gjenoppliving...men utan resultat, dvs den levde ei stund, men vart aldri heilt seg sjølv igjen.
Ha det so bra...me sjåast!

søndag 24. januar 2010

Lat sundag....

Fyrst av alt: Takk for den store oppslutnaden om jubilèet mitt.....gledeleg!


Denne sundagen har vore av det rolege slaget......seint oppe.....lang frukost....og det er nesten flaut å sei det: Eg har ikkje sett min fot utom døra i dag........på denne fine vinterdagen.

Kom etter kvart på at eg skulle rydde på hobbyrommet......der har ikkje vore nokon aktivitet etter nyttår..... på tide å kome igang igjen....

Har nemleg fått eit måleoppdrag som er lova ferdig neste veke..

Denne cd'en har eg høyrt på under ryddesjauen:
Den fekk eg i jolegåve.....likar dei gode, gamle salmane.........her med Herborg Kråkevik.

Har fått ein award denne veka....både frå Linda og Rønnaug. Og de skal vete at eg set stor pris på det...tusen takk!


Er ikkje so lenge sidan eg fortalde 10 ting om meg sjølv...so eg trur eg må tenkje litt meir.........eg er særs dårleg på slike ting.
Håpar de alle får ei god veke!

torsdag 21. januar 2010

No vil eg feire.......

Det var faktisk på sjølvaste julaftan på teljaren min passerte 25.000 besøkjande...... eit ganske ufatteleg høgt tal ..... og når det nokon dagar har vore over 100 innom, er det nesten så eg ikkje kan tru det. Tru kven dei er alle desse ?...............

Teddy-"sjefen"

"Livet på bloggen" har vorte ein viktig og positiv del av kvardagen min ........ trur det hadde vore stusseleg uten, ja....

Lussi

Takkar hjarteleg for alle koselege kommentarar .... alltid positive. .. heldigvis.

Tinka

Takk og for all inspirasjon og alle gledesstunder de gjev meg, bloggedamer!

No vert det also feiring, noko på etterskot ....( faktisk er teljaren komen over 27000 )...... .... og i den anledning vert det trekking av gevinstar ....
Regelen er enkel:
Kommenter på dette innlegget ... og du er med i trekkinga .....

Det vert ein "hovedgevinst "...... som er hemmeleg så langt ......... men eg kan sei sopass at eg hadde det litt i tankane då eg var i London ....
Slenger på eit par trøstegevinstar ..........

Håpar riktig mange vil vere med!
Fristen set eg til Sundag 7. februar.
God helg til alle!

mandag 18. januar 2010

Fire flotte dagar i London....

...og me er vel heime att, godt fornøgde.

Bildena er frå hotellet....London Elizabeth, bygd i 1850...då som tre bolighus.

Restauranten....."Rose Garden".

Har ikkje besøkt eit einaste marked......shoppinga har òg vore ganske minimal.......derimot har me fått med oss opp til fleire konsertar i tillegg til musicalen Les Miserables, ei stor oppleving.
Når det gjeld garn, stoff og sysaker fann eg ein del hjå John Lewis......det kjem eg tilbake til......
Ein del av sundagen vart brukt på "Imperial War Museum".......spesielt interessant for bonden, som er litt meir enn middels interessert i historie....òg krigshistorie. "Skulle hatt ei veke her", meinte han.

Sidan flyet var ca to timar forsinka frå Gatwick (og me var svært tidleg ute) vart det ein lang kveld på flyplassen..........og redselen for å fly tiltok utover kvelden.....men, men....det gjekk bra (som du ser).
Då var det tilbake til kvardagen att...ganske godt å tenkja på, det òg.
Og eg har mykje å ta att på "bloggefronten"
Ha ei fin veke!

torsdag 14. januar 2010

"London kallar"

Då er bonden og eg installerte på eit gammalt, koseleg hotell ved Hyde Park.

Flyturen over gjekk vel bra.....sjølv om Trollkåno høyrde mange slags "ulydar" undervegs, og fekk det for meg at motoren(ane) var iferd med å "streike".... Bonden kunne forsikre meg om at det var berre i mitt hovud lydane var.......so då so. Eg kan nok berre slå fast at eg er ikkje spesielt glad i å fly....

I ettermiddag, derimot hadde me ei stor oppleving: "Evening song" i Westminster Abbey".......storveges.
Fotoforbud inne........ dermed vert det berre eit utandørs bilde.


Hotellet, ja.......som teke ut av gamle seriar me har sett på tv...........stilig!

No er det tid for middag........i morgon vert ein ny, spennande dag.......
Ha det so bra heime i gamlelandet!
Foresten damer:Kor finn eg sy, strikke...stoffbutikkar?

mandag 11. januar 2010

Bærre lekkert...

For eit par innlegg sidan la eg fram planane mine om pulsvarmarar, sjal og hue som skulle strikkast ferdig før Londonturen ......som no berre er tre dagar til.
Vel, det går slett ikkje alltid etter planen....og strikkeprosjektet har meir eller mindre "havarert".
Kva skjer so?
Jau, laurdag kom dette flotte settet i posten til meg.......nydelege hanskar, strikka i alpaca.....og skjerf. Det heile er ei litt forseinka jolegåve frå systera mi...

Tusen Takk!


Men so var det hue......eg "kasta meg over" telefonen og spurde: "Kor kjapt klarar du å strikke ei hue, og få den sendt i posten"?Ho lova å gjere det ho kunne...og kanskje ho er ferdig allereie.......?Postmannen bør innfinne seg med pakken onsdag, for tidleg torsdag morgon fèr me avgarde........trur eg kjem til å føle meg fiiin, der eg ruslar rundt i Londons gater iført dette.....


Hurra for strikkeglade systre!!!!

fredag 8. januar 2010

Og jula varer heilt til.......

påske?.....
Nei, ikkje radt so lenge............men me har jol enno, me......og kosar oss med det. Joletreet har knapt nok mista ei einaste nål........men so var det òg henta i skogen eit par dagar før jolaftan.
Sidan me ikkje pyntar noko før heilt innpå jol, er det kjekt å bevare jola til litt utpå nyåret.


Ifylgje primstaven varde jola til 13. januar i riktig gammal tid, berre høyr:

TJUGENDAG eller Tjuendedag jul. St. Knut. Knut jager julen ut. Dette var gamle nyttårsdag. . Nå skulle julen ringes ut - og juleølet drikkes opp.


Er det fleire som enno har jol i huset?
Det skulle vore moro å visst.......
God helg!

tirsdag 5. januar 2010

SJÅ...eg strikkar....

......og noko anna enn sokkar. Det er det lenge sidan eg har gjort....bortsett frå nissekle, då.....det reknar eg ikkje på.
Det har seg slik at Londonturen vår nærmar seg med stormskritt......og der er det òg ganske kaldt for tida......so då er det best å utstyre seg med varme plagg. Me har ikkje tenkt å bli sitjande på hotellet pga kaldt vèr iallfall.
Snart ferdig med pulsvarmarar......og i går slo tanken meg......sjal må eg ha...og hue.
MEN eg må ha noko som går litt kvikt å strikke....berre ni dagar til avreise, og eg er ikkje so rask med pinnane......

Kva var vel meir naturleg enn å konsultere Linda......som eg er tante til. Ho bur i Nederland og er det eg vil kalle ei "superstrikkedame".......fekk gode råd.....og no er eg igang med sjal....i to fargar. Planen er å lage eit baktussjal..........med striper.

No må eg få farten opp, her!

lørdag 2. januar 2010

Stille i heimen...

Etter fullt hus i går med barn , svigerbarn og barnebarn på besøk, er det særdeles stille i heimen i dag. Børge er reist tilbake til studentlivet i Oslo, etter å ha vore heime i ca 1mnd.....litt av ein juleferie, må ein sei........


Eg ryddar, vaskar, får på plass servise og bestikk, vaskar dukar..........og gler meg over den gode jola me har hatt............og kor heldige me er som har mange å feira den ilag med.

Her har me hatt den kaldaste jola på lenge....
Høyrde nett i radioen at eit gammalt vèrteikn seier at slik det er i dag, skal det bli i ni veker......oi, det kjem til å tære hardt på vedlageret.

Her er dei tre flotte jolebukkane som kom på besøk nyttårsaftan.....i kulden. Song vakkert gjorde dei...so det måtte bli litt snop i posen.

So vert det spennande å sjå kva det nye året gjev av gleder og sorger..........litt av kvart vert det heilt sikkert.Har ingen nyttårsfortsett....men mange tankar og idèar om ting eg har lyst å gjera...........

Her er lyslykta eg laga før jul.......med den kulden me har hatt, har den helde seg like fin........

Håpar de alle får eit godt og kreativt år!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...