tirsdag 30. desember 2008

Takk for det gamle!

2008 vart det året eg oppdaga denne forunderlege bloggverda, ei særdeles venleg og positiv verd. Tanken har slege meg: Tenk om det hadde vore slik i den verkelege verda.... det hadde vore noko! Hadde kikka innom hjå andre før, men i år tok eg spranget og oppretta min eigen blogg. Etter opplæring hjå ei tolmodig dotter var eg igang. Dette var i juni i år, so eg er enno for ein nybegynnar å rekne i forhold til mange..

(Det går mot lysare tider folkens, og me kan drøyme om fine sommardagar)

Gløymer ikkje kor glad eg vart for den fyrste kommentaren. Nokon hadde sett bloggen og syntest den var verdt å kome tilbake til!

For det er vel den kontakten ein får med andre bloggarar som gjer dette so kjekt. Like spennande kvar dag å starte pc'en......kven har nye innlegg og kva skriv dei om i dag? Har nokon vore innom hjå meg? Oi, ein ny kommentar? TUSEN TAKK! Må òg nemne all inspirasjon ein får frå andre, det vere seg ymse handarbeid, maling eller anna.
Har mange gonger lurt på kor tid "alt" er blogga om, og eg ikkje finn ein einaste ting å ta for meg...... dvs det "problemet" har vore til stades.......men so finn ein gjerne noko småtteri.....treng heldigvis ikkje vere dei "store" sakene.

Med desse sommarbileta vil eg takke dykk medbloggarar for mykje glede og inspirasjon, og hjartans takk for alle koselege kommentarar.Og du som ikkje har blogg, kjekt med kommentar frå deg òg. Håpar 2009 vert eit godt (blogge-)år....
GODT NYTT ÅR

mandag 29. desember 2008

Jolajazz

I kveld skal bonden og eg ut "på livet". Nærmare bestemt på jolajazz.....ikkje noko me pleier gå på, iallfall ikkje eg.


Men om du klarar å lese kva som står på plakaten (fekk den ikkje større), står det at "Smiletones" er eit av banda som skal spele i kveld. Bildet under vart teke av dei ved eit tidligare høve. Heilt ute til høgre finn du yngste son vår på trompet. So du kan skjøne mamma og pappa må ta seg ut i kveld. Gler meg....


Me er sjølvsagt bra stolte!!

søndag 28. desember 2008

So langt ....og ikkje lenger.

Teddy, Lussi og Tinka ligg på dørstokken inn til stova (nær sagt, som vanleg). Berre kjøkkenet og ein gang utanfor er deirans område.......ingen sofakos her, also. Dette respekterar dei, og Tinka hadde berre vore hjå oss i ca 1 døgn før ho forstod "reglane".

Det vil sei ho har hatt nokon små "glipp". Arbeidsrommet mitt ligg rett overfor kjøkkenet, og ein dag dørane stod opne og det var stilt i huset vart freistinga for stor: Då ho seinare låg i korga si og kosa seg med eit garnnøste var ho avslørt.

Pusen må stadig bort og kose litt....... kanskje dei er litt misunnelege på han som får gå fritt?
Me har ikkje prøvd å dressere katt, hadde vel vorte eit møysommeleg arbeid...




lørdag 27. desember 2008

Litt ny og gammal jolepynt.

Er på jobb i kveld. I idrettshallen der eg jobbar er det fotballcup, "Romjulscup" kallar dei det.Ser ikkje heilt poenget med å bruke 3 heile dagar i romjula til fotball, men det er visst kjekt, seier dei.....Etter eg er ferdig på jobb skal eg og bonden på overnatting hjå dottera vår. Me er meir so "forvist" frå heimen i kveld... Yngste son skal ha spelekveld med kameratane, og eg skjønar godt at det ikkje er so kjekt å ha mor og far der til stades når ein er 18 - 19 år og får kompisane på besøk. Det er vel på tide at dei får styre seg sjølv.
Har laga gryterett til dei og reidd opp senger.....håpar dei får ein kjekk kveld.
So til jolepynten:
Teppet under jolatreet broderte eg til fyrste jola etter at me gifta oss.
Denne "bokengelen" er 5 år....den er faktisk laga av ei bok. Har bretta kvart blad, fyrst dobbelt på langs, deretter er øvste hjørnet bretta ned og inn mot midten. Ein kakeserviett er vengjer, det heile spraya med gullmaling og sett på hovud.

Gamlenissen er av papp, og den er veldig gammal.. MÅ berre stå på peisen.
Ei nydeleg gammal kule, arva etter besteforeldra til bonden.
Klokke frå "grønlandskperlesaumperioden", det er nokon år sidan....og den var ganske hektisk, hugsar eg. Denne klokka gav eg i presang til mor mi. Ho gjekk bort for seks år sidan og då kom klokka i mi eige.
Eit lite glas med nisse, presang frå syster mi ein gong i tida.



fredag 26. desember 2008

Den finaste juleduken min.

Mi svigerinne Reidun er kjempeflink å brodere. Ho har laga denne juleduken til meg, synest den er nydeleg fin.





I dag har jolefreden senka seg i Trollkoneheimen. Bonden og yngste son har vore på kino, eg valde å vere heime..... Har berre sløva i stolen, ganske behageleg, det.
GOD ROMJOL!

torsdag 25. desember 2008

Den store jolemiddagen.

Tradisjonen tru inviterte bonden og eg heile familien på middag i dag. Born, svigerborn, borne born, svigermor og syskjena til bonden m/ektemake/sambuarar. I år kom talet opp i 25 personar.
Me synest det er både hyggjeleg og viktig å ta vare på denne tradisjonen

På menyen stod svineribbe m/tilbehør, fruktlapskaus m/krem til dessert.
Hadde planlagt at det skulle gå an å få plass med eitt langbord, men planen held ikkje......og dermed måtte me ha 2 bord (stova vart rett og slett for kort).

Bonden måtte "på bygda" og låne stolar......




Trur både små og store kosa seg...


No slappar husmora av i godstolen med pc'en på fanget, medan oppvaskmaskina har kobla inn turboen...
Ha ei strålande jul vidare!

Det vart jol...


..jolemiddagen er fortært, nissen har vore her, pakkane er opna og i stova er det fullstendig kaos. Etter at 13 personar har opna x antal presangar er den tidligare rydda stova forvandla til
reine "varehuset". Men når alle tek sitt reknar eg med at me skal gjenvinne kontrollen.


Jol på kjøkkenet.

Paven preikar i Peterskyrkja, ei god avslutning på dagen. Etter at bonden og eg var i Roma for vel eit år sidan, har denne messa fått ein ekstra dimensjon.
GOD JOLENATT!

mandag 22. desember 2008

Nesten i mål

Det meste er i boks no....gåver, mat og drikke er handla inn. Huset er nokolunde reint og ryddig.....Pynten og joletreet pleier me få på plass veslejolaftan, slik vert det i år òg. Skal dessutan laga silderettar i morgon og pakke inn litt gåver. Berre "kosearbeid", med andre ord.

Dees to fine gullfuglane kjøpte eg på Patina for nokon dagar sidan. Skal finne ein plass å hengje dei på i morgon.


Kanskje kjem eg med eit innlegg i morgon når alt er på plass, veit ikkje....men uansett......
Vil ynskje alle bloggvener der ute ei retteleg
God Jol!

lørdag 20. desember 2008

I snikkarbua

Desse fine figurane fekk eg til jol for eit par år sidan. Dei hadde berre ei plate å stå på, og det syns eg var for stusseleg. Riktig nok var det ikkje noko luksus i stallen i Betlehem heller, men dei hadde iallfall "tak over hovudet". I ettermiddag skreid eg til verket, og reiste i snikkarbua...

Ikkje akkurat noko arbeidstegning, berre ei skisse over ca størrelse.


Må vel vere noko på materiellageret mitt som kan brukast....





Palmen er laga av ein pinne og ei kunstig bregne som var kassert og på veg i bosset.


"Og okse der og asen stod..."
Ikkje akkurat noko praktbygg, tvilar på om det hadde gått gjennom "byggekontrollen".
Men du hendelse kor eg har kosa meg.....
Ynskjer alle ein god sundag i morgon!

fredag 19. desember 2008

Yr.no

Snøen vart borte... heilt naturleg det, i regn og 8 plussgrader. Ikkje slik det skal sjå ut nokon få dagar før jol.. Men fortvil ikkje, Yr.no lovar 3 minusgrader og 3mm nedbør på veslejolaftan.Sit og lurer på kor mykje snø vert det av 3mm? Vil det dekke bakkane, eller?
Ikkje veit eg....Høyr vidare: jolaftan 2 pluss......og 4mm nedbør ( naturleg nok som regn)
Nei, me må nok belage oss på ei grøn/brun jol.


Men i alle dagar: Har trollkona gått ifrå konseptane og pynta juletreet alt?

Nei, berre på jobb.... Fri i helga, jobb mandag kveld og so er det juleferie. Men berre til tredje juledag....... det er leeenge til det.
God fredag kveld!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...