tirsdag 31. mars 2009

Prosjektoppdatering....

Det går framover med oppussinga.......om enn ikkje so fort som eg skulle ynskje. Måling tek tid.......og på panel er det ein lang prosess, med kvistlakk, grunning og måling.
Er ferdig med dei to fyrste "operasjonane" og manglar berre eit strøk måling ( eller kanskje eg må ha to). Når eg tenkjer på at alle glaskarmar og lister skal målast er det nesten so eg lure på om eg vert ferdig til helga......møblementet i stova pr. i dag er tre stolar og eit bord....litt stusseleg å ha det slik i påska, nei, eg må nok få farten opp på rulle og penslar.

Det sist påbegynte syprosjektet mitt har rimelegvis stoppa opp litt no .......har sydd ganske mange firkantar....men ikkje sett saman noko.......

Då går det bedre med hekleborda, den har "passert" 4 meter.......
Lydbok er kjekt enten eg målar eller syr.....er nett ferdig med denne serien, som er vel meir so ein klassikar å rekne...

Ha det so bra i regnet!

søndag 29. mars 2009

Trekkinga er føreteken.

I høve 10000 besøkjande på bloggen min har eg tillyst ei loddtrekking, med ein sydd pose til premie. Som trøstepremie har eg sydd to hjarte med roser på......
Trøstepremien gjekk til ei dame uten blogg og heiter Ellinor Aspdal Hansen.

Den sydde posen går til Anne Berit. Denne dama har to fine bloggar: ein med mest bilde av dei to flotte hundane Titti og Toya, og ein fotoblogg

Nesten førti kommentarar på dette innlegget....fantastisk kjekt!
Nokon av desse er heilt nye for meg, og no gler eg meg til ein gjenvisitt.
Ha ei god veke og nyt dei lyse kveldane me har fått!

torsdag 26. mars 2009

Vil du vera med....

på ei lita trekking her hjå meg??
Ganske snart rundar eg 10000 besøkjande på bloggen min....etter at eg fekk teljaren på plass. Eit fantastisk tal eigentleg, sjølv om mange bloggarar kan skilte med heilt andre mengder besøkjande. Hjå meg har det iallfall auka smått om senn, og når eg nokon dagar ser at 70-80 forskjellige personar har vore innom, lurer eg verkeleg på kven dette er. (utenom dei som legg att kommentar, då).......sjølvsagt er det nokon eg veit om, som slekt, vener,folk i bygda osv.

Men alle dei andre, då?......
Kjekt er det...med mange på besøk!
Dette må feirast og då håpar eg at du legg att ein kommentar på dette innlegget, so er du med i trekkinga
.
Er ikkje noko storveges premie eg har å skilte med....har sydd ein pose med bilde på...det fine stoffet med roser, er kjøpt frå USA.


Kan brukast til ting og tang, på syrommet, badet eller der den måtte passe...

I tillegg har eg ein anna premie , meir so ein trøstepremie......Og hugs, du som ikkje har blogg kan òg vere med.........skriv i kommentarfeltet og kryss av for anonym, må sjølvsagt ha eit namn....
Trekkinga vert sundag kveld.

Denne flotte har eg fått hjå Lille meg....er den ikkje nydeleg?
Tusen takk!

Det stundar mot helg og den håpar eg vert god for deko alle!
Ps. eg skal måle veggar.....Hei og hå!

onsdag 25. mars 2009

Eit sikkert vårteikn...

.......hjå oss er lamminga....I går kom dei fyrste, riktig nok litt for tidleg, men friske og fine.
Og no går det slag i slag til uti mai.....mange bønder synest dette er den mest fantastiske tida heile året....eg må med skam tilstå at eg er ikkje einig.

Sjølvsagt er det eit lite under kvar gong og so lenge alt går rett føre seg ( og eg kjapt kan få bonden på plass) kan eg godt passe på i lamminga. MEN hvis han må eit stykke avgarde på jobb, eg har ansvaret og fødselen ikkje ser ut til å gå heilt normalt, DÅ er eg ikkje "høg i hatten"....

Dette er mest bonden sitt departement....han "fiksar" vanskelege fødslar og andre problem som måtte oppstå ....dessuten beheld han roen uansett ....Og takk for det!. Men ei travel tid er det....
Dei er no fine, då!

Håpar kvelden vert god for alle der ute!
Foresten: Stovegolvet har fått 3 strøk med lakk no! (Ville berre nemne det!!!)

mandag 23. mars 2009

Hekla blonde og rosestoff.

Har sett igang med eit sy/hekleprosjekt som har vore planlagt ei stund.......hekledelen består av mange meter hekla blonde...nærmare 7 meter har eg rekna ut.

Trådmerke for kvar ferdig meter.
Blondekanten skal kombinerast med desse stoffa.......nokon har eg hatt liggande lenge, andre er nyinnkjøpte.

Etter å ha sete i "timevis" og beundra dei fine lappedukane hjå Mias Landliv berre måtte eg prøve sjølv. Ikkje slik å forstå at eg trur eg kan matche det den dyktige dama gjer, men eg fekk so lyst å lage min eigen.

Hvis du trudde at du slapp unna oppussingsprat i dag, må du tru om att. Nei, her skal kvar minste ting "offentleggjerast". Ligg faktisk litt føre skjema, fekk vaska både før og etter jobb i går....og bonden vekte meg klokka seks i dag tidleg (etter avtale) slik at eg fekk teke resten då.
Hadde nemleg lova meg bort på barnepass nokon timar, sidan barnehagen var stengt.
I ettermiddag, før jobb rakk me å lakke fyrste strøket........var kjapt gjort når bonden trødde til òg.

Berre to strøk til (og venting i 48 timar etter det ) so kan me flytte inn att. I mellomtida kan eg hekle....og sy....tralala..
Ha det godt heile veka!

lørdag 21. mars 2009

Ei lita oppdatering....

..seint på laurdagskvelden. Heile dagen har eg lege på alle fire med ei støvsky rundt meg.....pussa og pussa...og pussa ...på stovegolvet. Men no er eg ferdig...og du hendelse kor godt det kjennest. Har støvsugd det som går an å få opp med støvsugar og begynt å vaske. Jippi !!!!!

Laurdagskvelden har gått til vasking og ca 1/3 av stovetaket er ferdig ( Jau, alt må vaskast).
Ikkje so mykje å vise bilde av detta......difor gjekk eg i arkivet og fann eit sommarbilde frå ein av turane til fjells for å sjå til sauene sist sommar.........å, det er kjekt, det.


No har eg pizza på gang...og jammen trur eg at eg må unne meg eit glas raudvin i kveld, berre for å feire, liksom.
I morgon er det jobb det meste av dagen......fleire handballkampar i hallen, so meir vasking vert det ikkje før mandag.
Ha ein god sundag kva du no måtte finne på!

torsdag 19. mars 2009

Golvpussing.

Fyrste "etappe" i stoveprosjektet er pussing og lakking av golv, og i dag har det meste av dagen (før jobb) gått med til å ligge på alle fire og pussa. Desse to kjekke "dingsane" gjer jobben, eg berre "styrer" dei........men det tek tid, var nok litt for optimistisk då eg sette opp tidsskjema. Må ha minst ein dag til før pussejobben er ferdig. Og du hendelse kor masse støv......men det er igrunn godt å ta det "verste" fyrst.
Heldigvis har bonden ein stor, kraftig støvsugar på verkstaden sin.....den er særdeles effektiv...
Den delen av stova der det ikkje skal målast (og lakkast) er stabla full av møblar, og plast dannar vegg mot støvet.
Konklusjon: ikkje det minste koseleg heime med alt på "hovudet", men det er vel prisen ein må betale......det skal bli so fint atte....
s
Ynskjer alle ein koseleg torsdag kveld!
Og veit du kva? Idag har eg hengt sengkle ut på snora, det må vel vere eit vårteikn?

tirsdag 17. mars 2009

Prøvespel og opptak.



Hurra! Hurra! Hurra! Børge har fått studieplass!
På Norges Musikkhøgskole i Oslo.

I innlegget 4. mars fortalde eg om Børge som skulle på prøvespeling i Bergen (Griegakademiet) og Oslo (Norges Musikkhøgskole).

No er resultata klare.....
I Bergen kom det inn ein på trompet og Børge står øverst på ventelista...
I dag kom resultatet frå Oslo og der kom han inn, han sjølv synest ikkje det gjekk so bra med spelinga der. Tre studentar ( av ca 20 som prøvde) kom inn på trompet.....og han er sjølvsagt kjempeglad!
Dersom han som fekk den eine plassen i Bergen vel ein anna studieplass, har Børge plutseleg to valg.......spennande.

Bonden og eg kunne tenkt oss at han flytta "berre" til Bergen i fyrste omgang, men me er sjølvsagt veldig glad på hans vegne.


Og ikkje nok med detta: då det stod på som verst med prøver, fekk han mail frå NMF (Norges Musikkorps Forbund) med tilbod om plass i European Youth Brass Band.

Som namnet seier er dette orkesteret sett saman av ungdom frå heile Europa, og Norge har i år 3 av medlemene. Dette inneber ei veke seminar i Belgia i slutten av april.....og konsertar i samband med EM for brassband.
No har han fått avklara med skule og anna som var "booka", og ser fram til dette som
nok vert ei stor oppleving!
Ha ein nydeleg onsdag alle som er innom til meg!

mandag 16. mars 2009

Stoveprosjekt.

No er det eit skikkeleg storprosjekt som er på gang.......uff, hjå meg vert det visst heitande "prosjekt" enten eg skal strikka ein liten sokk eller måle stova.
Og no er det stova som skal fornyast. Når sant skal seiast har ikkje bonden og eg vore heilt samde om detta. Eg har "masa" (innrømmer det, ja) medan bonden synest alt er OK som det er....(noko kjent, detta?)
Men no seier han: "Eg er ikkje heilt for det, men du kan bestemme. Eg stolar på deg når du seier det vert fint." Det synest eg vitnar om verkeleg storsinn!

Veggar av panel (+ to målte) skal målast lyse......gardin og litt anna skal skifast ut osv.

Golvet skal pussast og lakkast og dermed må alt ut, trur nesten det vert største jobben. Idag har eg tømt skuffer og skap, pakka i kasser og bore ut......litt greitt det òg, so ein ser kva ein samlar på.


Til påske skal stova framstå i "ny drakt", Å, som eg gler meg...!

Ha ei god veke alle ihop!

lørdag 14. mars 2009

Handletur og nattjobb.

Dottera og eg starta tidleg i dag for å rekke ein handletur før jobb. Turen gjekk (sjølvsag, nesten) til Åsane med fyrste (og lengste ) stopp på Stoff og Stil.
Å, for ei lukke å gå der og sjå på stoff (og kjøpe bittelitt). Er fleire kjekke butikkar i området, so timane gjekk kvikt......Ingen bomtur i dag heller men rakk ikkje ta bilde av "fangsten" før jobb, var so trøtt når eg kom heim at eg måtte ligge "på lading" ein time....
Men dette stoffet +++kjøpte eg (fann bilde på sida til Stoff og Stil).

Har nemleg eit nytt syprosjekt på gang......i kvitt/rosa/mørk rosa+++
Gler meg til å visa dykk om ei stund.
So var det tid for jobb....dansegalla i idrettshallen, med hundrevis av danseglade ..... orkestera i kveld er Furulunds frå austom fjella ein plass + det lokale Frisk skyss.
Sit i vaktbua med strikketøy og pc.........og ventar på at festen skal vere over, folk skal gå heim og eg kan låse dørene og ta kveld (eller rettare sagt morgon...)
Ha ein ypparleg sundag !

fredag 13. mars 2009

B for BIRI

Denne veka hiver eg meg med på "ABC- leiken" til Petunia........Hadde tenkt det sist veke òg, men det gjekk i vasken.

Medan eg har vore i floren i dag har eg grubla fælt på kva eg skulle finne på.....på B.
So var det inn og setje på pc'en og leite etter bilde.
Min B står for Biri......og det treng ei nærmare forklaring: Har ikkje noko spesielt forhold til staden.....men fyrste laurdagen i august er eg (so sant eg kan) på plass på Biri Travpark, ikkje på travløp men på Mjøsmarkedet som best kan forklarast som eit gedigent loppemarked. So mange er der å sel sine ting at det dekkjer nesten heile travbanen. Og her finn du alt som tenkjast kan....
Her studerer trollkåno gamle bilde......


Bonden er ikkje noko særleg interessert i loppemarked generelt, er nok med mest for "husafreden" si skuld. Men so dukkar det opp ein og anna gamal traktor og då vert det meir interessant, sjølvsagt.


Ps.Stoff og Stil turen som eg skulle på i dag, er utsett......men berre til i morgon....å, gler meg.
Ha ei fortreffeleg helg!

onsdag 11. mars 2009

Sokkeparade

Sist eg hadde eit innlegg om sokkar var i starten av året. Då hadde eg strikka nokon par til bonden og yngste son. Ettter det fekk eg meir so eit hint om at det var fleire i slekta som kunne tenkt seg nye sokkar. Er slett ikkje nokon storstrikkar, men eit par til kvar av barnebarna må eg vel kunne klare.....men når dei er 10 i talet er det ikkje nokon liten sak (for meg iallfall).
Men sjå her: Ferdig med halvparten! (Dette er sokkar av enklaste sort, ikkje noko hòlmønster og vanskelege ting her,nei).
Om du synest dei er litt "rare", er det fordi eg sette meg føre å bruke opp litt restar fyrst......


Har kjøpt litt nytt garn i dag, måtte sjølvsagt ha rosa/lilla til desse som er i "prinsessemodus".

Og blått til dei minste gutane.....

Dei 3 minste er alle under 2 år so det skal gå ganske kjapt, dei bør vel ferdige før vinteren er heilt omme.........kanskje ein idè å "koble" meg ifrå pc'en og ta fram strikktøyet?
God onsdag kveld!
Ps. Fredag skal eg på Stoff og Stil...tralalala....

mandag 9. mars 2009

Fugl på visning.

Ser nesten ut som her er komen ein fugl som er interessert i husrom. Sist fredag var eg innom ein blomsterbutikk og der sat denne fine fuglen. Eg klarde rett og slett ikkje gå ut att uten å kjøpe den, synest den har so fine, gyldne fargar....

No sit den her til pynt framfor fuglehuset eg snikra....

Er visst i "fuglemodus" for tida....det må vere våren som er på veg, høyrer iallfall fuglesong kvar morgon no.
Ha det fint!

søndag 8. mars 2009

Positive ting...

Ei ny utfordring har dukka opp(FRÅ Monicas): Fortel 6 positive ting om deg sjølv.
Min fyrste tanke var at den berre hoppar eg over, rett og slett. Vanskeleg detta, synest eg, kan verke som sjølvskryt......og det vil ein no nødig.
Må innrømme at eg har fått hjelp av bonden og sonen.(juks?)....dei var igrunn lette å få i tale.....truleg sidan dei fekk so god sundagsmiddag i dag!
Her er mi positive liste:
1.Eg er flittig.

2. Når eg har "prosjekt" på gang er eg voldsomt engasjert.

3. Eg er flink å "ordne opp" i ting. (ifølgje Børge).

4.Eg er lett å samarbeid med.( meiner bonden).

5.Eg er standhaftig.

6. Eg er flink å hesje.

Ps. Bonden sa foresten at eg er snill òg........
Sender denne med glede vidare til:
Rosa univers
Livs
Lille meg
Tofo
Gamleheksa
Stubbetufsa
Ja, om dei vil ha den,då....
Ha ei ny,fin veke alle!

lørdag 7. mars 2009

Det vårast......


Etter florsstellet i dag tidleg fekk eg verkeleg ei kjensle av at våren er i anmarsj.....fint ver og fuglane song (!)......måtte inn og hente ein kopp kaffi..setje meg ned og verkeleg nyte det.
Men det var berre 4 plussgrader so det var ikkje snakk om i sitje lenge ute.
Det minkar på snøen i bakkane....

Og det spirer......

Veit ikkje om det var fuglesongen som var grunnen, eg fekk iallfall ein idè om at i dag skulle eg snikre eit fuglehus. Men andre plikter kalla fyrst....som husarbeid. Bestemte meg for at no skal eg rydde, støvsuge og vaske i 2 timar....so skal eg gå i snikkarbua. Utruleg kor mykje ein får gjort på 2 timar når ein har noko kjekt å gle seg til å gjere etterpå... ..men det gjekk mange timar før eg fekk begynt med snikring.....handlast mat til helga, laga mat , lese litt i avisene osv. Det vart faktisk nesten kveld
før eg kom meg ut.....
Men fuglehus vart det: Med torvtak.......


Vert nok hangande ute til pynt.....men skulle det kom eit pip-pip-par som ser seg syn med det, vert det sjølvsagt ein ekstra bonus.



Ein god sundag i vente til alle!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...