fredag 30. juli 2010

Når nøden er størst.......er ein hekla duk nærmast....


I morgon skal bonden og eg til Nordfjord i bryllaup...........kor eg gler meg til å treffe slekt og vener....og skal ein i bryllaup, må ein sjølvsagt kle seg "opp", ny kjole og greier. Men kor er den vesle, kvite selskapsveska mi?
Oi, den kasta eg visst i den siste, store ryddesjauen...(forklaring: har aldri likt den). Og dette kom eg ikkje på før i kveld,....me skal starte grytidleg i morgon.
Etter litt luring...og sondering, for å finne ut kor eg finn veskebutikk i Sogndal, var det idèen med hekladuken dukka opp...(+ eit stoff som matcha kjolen).


Håpar veninna mi som hekla den for mange år sidan kan tilgje meg....

Her er det festa på ei tynn blonde......planer er å hekla ein hank, det gjer eg i bilen i morgon, me har mange timar å køyre...........

Men no må eg pakke ferdig....og få nokon timar søvn.
God helg,du!

lørdag 24. juli 2010

Me har flathøy.........

Sidan Yr.no lova oss godvèr i nærmare ei veke, var ikkje bonden sein om å slå dei brattaste bakkane våre, med håp om å få turka det flatt..............i dag har det vore mest skya, men varmt.
Me har snudd høyet i kveld, og håpar på ein strålande dag i morgon...........(men no er visst ikkje Yr so skråsikre lenger...typisk!!)


Utsikten frå "toppen" av garden.......

Ein velfortjent pust i bakken etter snuinga........

Me trur det meste kan bli turt i morgon....og sjølv om me ikkje pleier drive med gardsarbeid sundagane, gjer me unntak for å berge turrhøy........
Du har vel høyrt ordtaket: Det er bedre å sitje på høylasset og tenkje på Vår Herre, enn å sitje i kyrkja og tenkje på turrhøyet.......Jaja.......
God sundag i vente!!

mandag 19. juli 2010

Storfangst........

Utpå kvelden i går bar det til fjells.........ærendet denne gongen var å leite etter rekved til haustens (nisse-)prosjekt. Bonden var med som sjåfør og velvillig berar......(og stilte med stor bil...)

Sjå på denne fine haugen...

Langt til fjells......her er fleire regulerte vatn......som no er mykje nedtappa. Ser ut som det må kome mykje regn, skal det bli nok straum til vinteren......

Heilt ved bortaste enden av dette vatnet gjorde me flotte funn.......

Fleire flotte eksemplar...



No er det berre å dra igang nisseproduksjonen.........her er den fyrste, riktig nok manglar han viktige kroppsdeler endå...men eg er igang.......

Langt fram til eg har slike ferdige................og heldigvis ei stund til slutten av november (og messetid)

Ha ei fin sommarveke!

fredag 16. juli 2010

Laber blogging......og flaks...igjen.

Det fortset visst i "same lei" når det gjeld blogginga mi......ca 1 innlegg pr. veke.......ser ut til at det er vanskeleg å få til noko meir for tida........ utruleg kjekt at de likevel er innom til meg og legg att kommentarar........det gledar meg stort.

Eg har hatt ei utruleg vinnarlukke sidan eg begynte å blogge, og har vunne den eine gilde gåva etter den andre..............den siste er desse fantastisk flotte grytelappane, vovne av Birgitta. .....som er ein stor vevkunstnar. Førebels har eg dei til pynt, men eg SKAL bruke dei....er vel meininga det....iallfall:Tusen takk!



Når det gjeld handarbeid har det "lege nede" i fleire månader faktisk....heilt elendig, sjølvsagt.....kjenner på stigande abstinens i so måte....

Sist veke var eg med bonden ein tur til Bergen og på Quiltehuset fann eg dette fine stoffet med sauer. Har ikkje peiling på kva eg skal bruke det til..............MÅTTE berre ha det.......


Nett no har me ein liten pause i slåtten, men over helga er det på'an igjen. Skulle so gjerne hatt litt sol og varme, so me kan få litt turrhøy i år òg..... meldingane er dårlege for fyrste veka......men me lever i håpet.
Ha ei god helg!!!

søndag 11. juli 2010

Vil du vera med til fjells?

I går ettermiddag pakka bonden og eg sekken med telt , sovepose og god mat og drikke, og drog til fjells..........målet var Skorset. I det området går mange av sauene våre.....og me synest der er vedunderleg vakkert.

Me er oppdaga......

...og bonden må fram med mjølposen.
Lussi kosar seg ved bålet.....
Nydeleg å bade i friskt fjellvatn.




Lussi og Tinka nyttar eit kvart høve til eit bad......

Då nærmar me oss bygda att..........mørke skyer trugar, men regnet kom ikkje før me var vel heime.

Ei god helg har det vore........
Ha ei fin veke enten du ferierer eller ikkje.....

fredag 9. juli 2010

Splitter ny iPod.....

.......har eg fått, ein super liten "sak" som er lett å putte i lomma (sjølv i små lommer).Den er 9 cm høg, 4 cm brei og berre 1/2 cm tjukk....

Har tidligare fortalt om gleda eg har av å høyre på lydbøker, og til det har eg so langt brukt denne walkman'en.
Men no syntest visst bonden det var på tide at kåno vart litt "oppdatert", og dermed kjøpte han denne til meg.....snille bonden.


Med namnet mitt prega inn på baksida.........skal ikkje vere nokon tvil om kven som er eigar.

Eg låner framleis lydbøker på biblioteket, og overfører dei til denne............eller musikk ....eller høyrer på radio..........kjekt!
Ynskjer alle ei strålande helg!
Dersom vèret vert slik som lova, pakkar me sekken og dreg til fjells i morgon, med telt og fiskestang.....gler meg.

fredag 2. juli 2010

Patina har opna kafè...

Interiørbutikken Patina har me hatt i bygda i årevis......og i dag har dei opna kafè i tillegg til butikkdrifta.


Gamle, fine møblar......



Menyen:



Me valde det fyrste:
Patinabakt brød m/s
pekemat og ost....og kaffi......det smakte fortreffeleg!!

Bak disken møter du desse tre damene: Hilde, Irene og Turid.

Blandt mykje anna:
Gamle skuleplansjar til salgs........


Reiser du langs E16 mellom Bergen og Voss, stikk ein tur innom Evanger og besøk Patina....... ( den ligg rett over brua, berre vel 100 meter frå stamvegen..)
dei har ope:Kl 11 - 17.
Torsdag - sundag.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...