fredag 30. januar 2009

KURS....(og ein liten konkurranse....).

Eg skal på kurs....trallala...... i morgon og sundag, og dette er reiskapane eg skal ha med......ei rose/hagesaks,kniv og ein (mur)stein (eller noko anna tungt). Men kva kurs? Hm.
Kva med ein liten konkurranse?
I ein konkurranse må det vere premie... Kan vel ikkje lokke med eit produkt frå kurset, det vert nok som" å selje skinnet før bjørnen er skoten". Men ein premie skal det bli til.......legg att ein kommentar so er du med........
..fram til sundag kveld, då håpar eg å ha eit el. fleire produkt å vise fram.

Måtte til å tenkje etter kor tid eg sist var på kurs innan hobby...og kom til at det var dreiekurs for halvanna år sidan.Ei heil veke på dagtid var det...Eg og fem mannfolk kom der dragsande med dreiebenkar 0g utstyr ( bonden stilte som vanleg opp med transport og berehjelp)......og med friskt mot iallfall til å begynne med.......sovidt eg hugsar hadde alle karane dreia før og gjekk laus på "vanskelege" ting, medan eg stod der med "prøvetingen" min i dagevis.
Hadde vel ikkje tenkt at eg skulle bli nokon "stordreiar", men håpte eg skulle bli i stand til å dreie små grautskåler til nissane mine, evt. enkle fat til å male på.
Det eg klarde å prestere den veka var denne vesle skåla (trur læraren gjorde det meste).

Nei, dreiing er ikkje noko for meg, dreiebenken er "skumlare" enn nokon gong der han står i snikkarbua.
Svigerfar var ein dyktig dreiar og eg maste på han at eg ville lære det, men det hadde han ikkje lyst til....."Er redd du skal ødelegge hendene dine", sa han. Han hadde nokon skader sjølv, so han visste kva han snakka om...

Tek til slutt med eit bilete frå den vakre solskinnsdagen me har hatt i dag.

Ha ei fortreffeleg helg i godveret!

onsdag 28. januar 2009

Fort i svingane....

..det gjekk det i går, då eg tok utfordringane eg hadde fått. Bringa dei nemleg ikkje vidare, so det gjer eg hermed. (Sjå innlegget i går)
Utfordring 1 lydde soleis: vis bilete av ein favoritt-ting du har i heimen og skriv litt om den.
Denne gjev eg vidare til:

Alma Merethe

Stubbetufsa

Janne

Kate





Utfordring nr 2 :Gå til foto/mapper.Ta ut den 6. mappen og deretter det 6. bildet i denne mappen.Sett bildet på bloggen og skriv noe om dette bildet.Inviter nye til å bli med på denne utfordringen.Link til dem, og la dem vite at de er utfordret.
Denne går til:
Mor Kari

Strikkemor(o)

Rosa Univers

Nunne



Vinter på stølen.....

tirsdag 27. januar 2009

Utfordringane strøymer på..

Utfordring nr 1: Denne fekk eg frå Nikoline og den gjeld å vise ein favoritt-ting frå heimen.

Ser på andre bloggar at det ofte er ting ein fått i arv som er favorittar. Det same gjeld nok her hjå meg...har mange ting er glad i og denne kista er ein av dei.
Arva den etter mor mi som gjekk bort for 6 år sidan. Ho var fødd i 1917 og årstalet på kista er 1925, also fekk ho den når ho var 8 år gammal. Har lurt på kvifor nett då, men det vart aldri at eg spurde om det. Me er seks sysken, og reine flaksen gjorde at det vart eg som fekk den.






Utfordring nr 2: Her skal ein finne bilete nr6 i mappe nr 6 og fortelje litt om det. Denne fekk eg frå Gamleheksa...
Mitt bidrag her vert dette bilete av røykjehuset på garden. I tidligarte tider vart det òg brukt som smie...
Ei ny utmerking har eg òg fått, frå Monica S Tusen takk for den!

Har fått den før, men vert like glad kvar gong eg får ei utmerking.

Det var visst alt for i dag, ha ein god tysdag kveld!

søndag 25. januar 2009

Ein innhaldsrik sundag

I dag var det vår kyrkjelyd sin tur til å helse på den nye prosten i Hardanger og Voss prosti, som det heiter. Kyrkja slik ho er idag, var ferdig bygd i 1851, men her har vore kyrkje langt tilbake......iallfall til 1300- talet.

(Dette sumarsbiletet av kyrkja er S. Ulvund sitt, Voss now)
Vegen du ser bakom kyrkja er E16...

Prosten med frue vert ynskt velkomen av leiaren i soknerådet.

Etter gudstenesta var det tid for kyrkjekaffi og ein prat.

Oda forsyner seg med lappe og syltetøy

Medan me var i kyrkja hadde sola vore på besøk, for fyrste gong i stova i år.........rakk nett å ta eit bilde før ho var borte igjen.

Etter sundagsmiddag og ein liten kvil var det klart for neste post på programmet:

Konsert til inntekt for Frelssarmèen. Her stiller alle opp gratis, frå utøvarar til lyd/lysfolk.
Eit flott tiltak.....masse flott musikk. .....som varde i 3 timar!


Vart so elendig kvalitet på bileta at eg skal spare dykk.....ikkje so lett med mitt vesle kamera, nokon rader bak i salen..... men nokon eg ta med, som dette av jazzgruppa Smiletones, der yngste son står med trompeten i handa.

Kvart år har konserten ein "hemmeleg" gjest, og kven andre enn denne dama dukka opp på scena :Ingvild Bryn, kjend frå Dagsrevyen. Ho gjesta heimbygda og kunne både prate, spele og synge....

Anne Grethe i Frelsesarmèen har motteke sjekken på over 100 000 kr som nok kjem vel med i deira arbeid for dei som treng det mest.

Slik vart denne sundagen, ein god dag.

Ha ei god veke, og hjartans takk til alle som er innom og legg att ein kommentar, de gjer blogginga til ei stor glede!

torsdag 22. januar 2009

Fridag og bytur

I dag har eg hatt min fyrste fridag på lange tider. Har ei stund planlagt ein tur til Stoff og Stil, har nemleg eit STORT prosjekt på gang og det "starta" nettopp her. Fann det stoffet eg hadde tenkt meg, og då var det ikkje snakk om å kjøpe ein liten "slant". Nei, kjøpte like godt heile rullen......"Torer" ikkje blogge om dette endå, ville bli fy so pinleg hvis eg ikkje får det til slik eg har tenkt. Foresten, der var masse stoff på salg......men eg var standhaftig og kjøpte (nesten) berre det eg hadde planlagt.

Etter besøket i Åsane køyrde eg tilbake til Arna og tok toget inn til by'n......ikkje noko bykøyring på denne damo, nei. Trur foresten ein kan ha problem i by'n nokon kvar no........med all gravinga som føregår. Skal bli bybane må vete.

Etter kaffipause på bystasjonen var Panduro neste mål......har sett at den nye Tildaboka er komen i butikkane og denne berre måtte eg ha.


Kjempefin bok..

Kva med engleku.....

Syns desse endene er nydelege, no er berre å rote i stoffrestane for å finne noko som passar.

Eit lite hefte med vårinspirasjon er kjekt å ha....
På veg tilbake til stasjonen oppdaga eg denne.....ein butikk med berre bakeutstyr, kan sjølvsagt ha eksistert lenge , den, om ikkje eg har oppdaga det.


Kurs i marsipanblomar og -blad. Det kunne eg ha trengt.......
Dette fine hjartet fekk av Oda(barnebarn) då eg var innom i ettermiddag. Ho hadde feber og var heime frå barnehagen i dag. Slike presangar set Besta pris på...

Ein god fridag, eg har kosa meg!
No får eg vel ta fram saksa og stoffrullen, eg er i gang....
Nett no spelar handballgutane VM-kamp mot Danmark, men dei kjem nok til for kort der, desverre.
Uansett, ha ei fin helg alle......og nyt vinteren!

onsdag 21. januar 2009

To stk.

To nye utmerkingar "dala" ned på bloggen min denne veka:
Den fyrste frå Linda med bloggen Strikkesaken. Ho bur i Nederland, er ei travel småbarnsmor og ein racer med strikkepinnane. Besøk henne og nettbutikken hennar Woolaway.


Den neste har eg fått frå Berit T ,ei kreativ dame med kjempefin blogg, superflink fotograf.


Desse to gjev eg med glede vidare til Ingrid med bloggen:Ingrids Ull og Tull .Ho er òg ei strikkeglad dame.

Ha ein god torsdag, det nærmar seg helg!

tirsdag 20. januar 2009

Stjernebok

Sist veke fekk me "innløyst" gåvekortet me fekk til jol. Me forstod det slik at tida hadde vorte for knapp i heimen og noko måtte utsetjast til over nyttår. Ikkje heilt ukjent, vil eg tru. Like kjekt det, å få gåvene litt fordelt.
Og gåva er kjempefin, ei stjernebok som det heiter på "scrappespråket". Bileta er av to av barnebarna, Oda og Hedvig. Mammo deira (dotter vår) har laga den, ho har foresten bloggen Rosa Univers.
Må vere ganske tidkrevjande å lage ei slik, laga til ark, sy ihop, passa til bilete, dekorere..........fin vart den, og no står den på stas heime i stova.


Hedvig i perlehumør.

Oda huskar.


Mange fine detaljar.
Hadde vore kjekt å kunne den kunsten å lage ei slik..... skal eg "bestille" eit kurs, kanskje?

søndag 18. januar 2009

Fire x fem.

Ei ny utfordring kom "flygande" frå Monica i går kveld, og då var det berre å gå igang og svare so godt eg kunne:


4 favorittprogram på TV

Ser særdeles lite tv , då eg jobbar mykje kveld. Liten vits å begynne å sjå seriar, men Bonderomantikk har bonden teke opp til meg.
Senkveld
Bonderomantikk
Der ingen skulle tru...
Nytt på nytt


4 ting eg gjorde i går:

Gjekk i floren og fora sauene.
Rydda/vaska/laga mat.
Strikka (sokkar)
Sat (altfor lenge) i godstolen med pc'en på fanget.


4 ting eg ser fram til:
At me får anledning å pusse opp badet.
Utenlandstur .
Neste handverks/husflidsmesse (utpå sommaren ein gong).
Ein tur til Førde

4 favoritt restauranter
Går so sjeldan på restaurant at her har eg ikkje noko å bidra med...sist var ein Kinarestaurant i Bergen.

4 ting på ønskelista mi
At eg kan fortsetje å ha det like godt som no.
At alle mine nærmaste må få eit godt og lukkeleg år.
Ein tur til utlandet dette året, gjerne Frankrike
Speilreflekskamera


Denne utfordringa går frå meg til:

Olines skattkammer
Kate
Besta
Perlemor
Malla
Anne Berit
Nissestien

Utmerking

Denne flotte awarden (eller utmerkinga som eg likar å kalle den) har eg fått frå Vencke, med bloggen Nissestien.
Tusen takk for den!


Bloggen hennar er vel verdt eit besøk...ho er kjempeflink å sy, lagar dei nydelegaste ting. Løparar, vesker, toalettmapper og anna. ( Freistande å spørje om ho kan halde eit kurs i dei toalettmappene, hm...) Og ikkje nok med det: ho lagar nissar og troll òg......det kan eg like!
Denne gjev eg med glede vidare til Anne, med bloggen Annes Hobbyhjørne. Ho malar og lagar dei flottaste kort blandt anna. Ei kreativ dame. Besøk ho.....
Her er det snøstorm i dag, men me fyrer i ovnen og kosar oss inne.
Ein god sundag!

lørdag 17. januar 2009

Heider og ære!

Dagens innlegg er i si heilheit tileigna bonden min. Kan kanskje verke som eit einaste langt skryteinnlegg, og nett det er meininga!
Han har vore i Bergen eit par dagar, møte i HV. Avslutning i går kveld med middag og sosialt samvær, der eg òg var invitert. Men nokon må "halde stillingen" på heimebane òg. Med tre hundar, floren full av sauer, jobb på kveld og eldre folk som treng tilsyn er det ikkje so lett å kome ifrå. Trengs rett og slett eit "Heimevern" her òg.
Men det var bonden:
I går fekk han denne utmerkinga:

Vel fortjent etter 40 år....kunne slutta for 16-17 år sidan, men med ei unik interesse for Forsvaret har han stått på....seier han skal gje seg til nyttår, men...hm....trur me har høyrt den før, ja....

Ein nydeleg bukett fylgde med...



Når eg likevel er igang tek eg med eit par prisar til:
Kommunen sin kulturpris for 2002.
For hans store innsats innan musikklivet gjennom mange år.

(Laga av kunstnaren Leif Gjerme, som diverre har gått bort)


Vossajazz sin badnajazzpris for 2007.


I tillegg til å ha vore dirigent i musikklaget i bygda siste 27 åra spelar han trombone i Voss Storband og Orkesteret Fossegrimen, eit lokalt symfoniorkester.
Eg er imponert over hans uthaldenheit og pågangsmot. Den mannen gjev ikkje opp so lett, det kan eg forsikre.
God helg til alle!

Ps. Har fått nokon utmerkingar eg òg (på bloggen) kjem tilbake til dei.
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...