mandag 28. februar 2011

Det vart teppe......ja!

Jepp, helga har vore nytta til å sy ferdig detta.........fekk det ihop til slutt.


Str. 1,20 x 1,55.

Har quilta ein del rundt dei største rutene....og prøvd meg litt på frihandsquilt langs kanten.



Rosa fleece på baksida....lunt og godt, håpar eg.


Og du: Kjem du på besøk ein fin sommardag/kveld....me sit ute og drikk kaffi (eller noko anna godt)!....det vert litt kulsigt......DÅ skal du få slenge det rundt deg............det lovar eg.
Er igang med eit nytt prosjekt, og håpar eg har teke lærdom av feila gjorde her.
Idag er det vårleg her.....sola skin...og snøen smeltar.......
Hurra for det!

lørdag 26. februar 2011

God sundag i vente!

I dag er det hosting....harking...nysing...snufsing....osv.
Formen er ikkje på topp....langtifrå.
Frå arkivet har eg leita fram eit bilde frå sommaren som var, med flathøy på bakkane våre............er lov å drøyme......


MEN: Med fyr på peisen...kaffi i koppen.....og koseleg syprosjekt på gang har eg liten grunn til å klage.

onsdag 23. februar 2011

Roseteppe..eller ikkje.....??

Akkurat slik er situasjonen i dag....mange lappar utover.....og tvil om det nokon gong vert eit teppe, eller berre brikker, puter eller noko slikt.
Innser at eg gjorde ein gedigen tabbe når eg ikkje planla størrelsen på dei broderte lappane i forhold til resten.....

No vert det å skøyte litt "her" og kutte litt "der", for å få det ihop. (Slik kan det gå når ein er nybegynnar og overmotig)!
Men eg har ikkje gjeve opp, har fri i dag og håpar å kome litt vidare....

Ein fin tekst til slutt:
Dagen er fin!

onsdag 16. februar 2011

Omslag til quiltepermen....

Du kan tru eg storkosar meg med den nye supergode symaskina mi........kunne visst sete der inne på hobbyrommet mitt døgnet rundt.(men det går sjølvsagt ikkje.....full jobb..."litt" husarbeid og matlaging...og "litt" søvn må døgnet òg romme...)
I dag har eg sydd trekk til quiltepermen min......av eit stoff eg har hatt liggande i årevis.
Som nyvald styremedlem i quiltelaget, kan eg ikkje stille på styremøte i kveld med ein kvit plastperm...det skulle ta seg ut!

Vart no fælt so enkelt detta, då........berre ei blonde til pynt......og litt frihandsquilting.....og når du ser den skjønar du kanskje kvifor eg skal på kurs laurdag, nettopp i frihandsquilting..6 timar. Det gler eg meg til!

Og so gler eg meg veldig til i morgon, for då skal eg med gode veninner på bytur.......vert nok å saumfare sybutikkar og hobbybutikkar på jakt etter..???
Kjekt å ha noko å gle seg til!
Det håpar eg du òg har!

fredag 11. februar 2011

Roser...roser...roser...

..dreier det seg om på hobbyrommet mitt for tida......og gjett om eg kosar meg med mi nye symaskin. Kan ikkje sei at me er heilt dus endå, men det kjem seg litt etter litt......

No har eg eit "roseprosjekt" på gang........ stoff med roser, tekstar med roser og broderte roser....er liksom ikkje måte på.

Førebels går det i brodering og litt sying. Planen er at dette til slutt skal setjast saman til eit roseteppe. Sidan det er ulik størrelse på lappane, ser eg at eg kan få problem når det skal passast ihop. Men den tid, den sorg..............
Idèen fekk eg etter å ha sett roseteppet til Annaka, men tenkte eg skulle lage "mitt eige", tida får vise om eg kjem "i mål" .


Til slutt eit bilete eg tok nett no.....ein vedunderleg vakker vinterdag i dag!

Ha ei god helg, du!
Ps. Jammen skal bonden og eg " ut på farten" i kveld òg.............tralala!!

tirsdag 8. februar 2011

Janome......Hurra!!!!!

Her vil eg presentere den splitter nye symaskina mi.......henta den etter jobb i går kveld.(Kjempelurt at Tollpost har avtale med Rimi, sidan dei har ope til klokka 23.00) .
Det nærma seg midnatt før eg var heime, so du kan vel tenkje deg at det har vore so som so med soving i natt. Vedunderet måtte sjølvsagt pakkast opp, studerast, prøvast......vel, det tok si tid berre å få trædd den....men nokon sting fekk eg sydd før eg tok til vèt og gjekk til ro.

Gledar meg voldsomt til å ta den i bruk, men innser at det vil ta si tid før me er "dus".


Er det nokon quiltedamer der ute som har maken, tru?

Ha ein fin tirsdag!

onsdag 2. februar 2011

Høneduk.....påskeduk?.......sommarduk....

I dag har gjort meg føre......drege ut bord og stol, ut på glattisen, for å vise fram duk og puter.
Måtte ta det bordet som var mest "tilgjengeleg", og det vart eit lite campingbord.
Dette skal då førestille påskeduk..........so kanskje eg skal vise den seinare som sommarduk.


Hadde i utgangspunktet tenkt å lage ein større duk, men no vart det nok ruter til puter i den gamle stolen òg....


Påskestemning?

So var det onsdagsbildet, då..........noko grått i dag....

Ha det so bra, er plutseleg tilbake!
Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...